Eigaren av Garden Brotnov i Søreim

 
Eigaren av Garden Brotnov i Søreim, Schweizaren F. Streiff skriv i ”V. G.” bl. A.: ”Eg kann ikkje halda det ut aa liva lenger i eit Land som Norig, der so mykje Dauvleik og Uretferd raader; for det er solklaart, at eg, som er fødd av egte republikansk Blod, maa ha Heimlengt til mitt Fedraland, der Folk ikkje vert underkuade, men alle er frie og like og Brø’r. Dersom eg liver, skal eg um nokre Aar vera med aa høgtidleghalda 500 Aarsdagen for mitt Folks Fridom og Sjølvstende. I det Augnemed vil eg samla Bilæte av Norigs beste og mest trufaste Menn, slike som Henrik Wergeland, Bjørnstjerne Bjørnson og Johan Sverdrup og fleire, fyr at dei kan verta uppstellde ved Sida av dei namngjetne Schweizerkultar i den Stova, der mi Vogga stod. Av min Gard Brotnov til eg burtgjeva og skøyta aat ein av dei duglegaste og mest frilynde Skulelærarar paa Romerike eit Stykkje Jord, fyr at han kann faa Røysterett, som raakande nog er negtad slike Folk, og paa detta Jordstykkjet vil eg reisa ei høg Stong med det norske Fridomsmerkje, fyr at det, etter at eg er burtreist elder daaen, kann vekkja og minna kvar Nordmann, som kjem paa Staden, um dei Skyldur, han hev mot Fedralandet sitt.”
 

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum