Ei trufast Gjenta

 
Ei trufast Gjenta. Ein Mann, som hev voret i Amerika og kom heimatt no i Haust, skriv til Fedrh.: ”Eg foor fraa England i Septbr. med Eimbaaten ”Hero”. Paa Vegjen vart eg kjend med ein Valdrisgut; han var Skomakar og heitte endaa Ola. Me kom snart i Drøs, og truverdig eg beintfram som han var, fortalde han meg Ferdasoga si. Han hadde voret trulovad med ei rask Valdrisgjenta. Men fyrr dei gifte seg, fekk dei Hug til aa sjaa Amerika; Ola tok sine Sparepengar og kaupte Billet til baade seg og Gjenta (som Ingenting aatte sjølv), og daa dei kom til Hovudstaden, klædde han henne upp, so ho var so fjong som ei ”Dame,” og dei livde i Herleik og Gleda, so lengje dei var paa Land. Men daa dei kom ut i Nordsjøen, og Skipet dei var paa tok til aa vogga seg tilgagns, daa fekk han Sjøverk, han Ola, Stakkar, og maatte leggja seg reint ned. Daa vart Kjærasten hans, som skulde voret ’n til Hjelp, ill og arg, for han ikkje var god-til aa vera uppe, og istadenfyr aa sjaa til ’n Ola, som laag der sjuk og klein, gav ho seg i Lag med ein annan Slusk, som au vilde til Amerika, og desse tvo vart daa snart urimeleg godt forlikte. Med Ola skapadst det vonom fyrr; men daa han saag, kvat Veg det bar med ho Aastrid, vart han so leid og harm, at han tenkte det var best aa snu heimatt fyrst best. Daa dei so kom til England, gav han Gjenta og heile Greida ein god Dag og strauk radt tilbake til Valdris att. Han hadde kaupt Billet til seg og Gjenta alt til Wisconsin og fekk venteleg ikkje att ein Skilling. Eg totte Synd um Guten og trøystad honom det beste eg kunde, og han vart til slut heilt kvik og meinte paa, at det var fleire Gjentur i Valdris enn Aastrid. -
 

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum