Brevsending til Fedraheimen.

 
 Hr. Bladstyrar!
Du tykjer vel, du kunde venta eit litet Brev fraa meg, no eg heve ferdst so lenge millom Bøndom, og no skal du og faa eit, men langt verd det inkje. Denne Gongen var den fyrste, eg var i Nordmørsfjordane. Eg var i Surendalen, Stangvik, Todalen, Øksendalen, og det maa eg segja, at Nordmøringen likad eg godt. Det var frilyndte Folk mest alle ihop, staute og sjølvstøde. Det var meir reinslegt og hyggjelegt Stell der enn paa Sunnmøre. Mange gamle Skikkar hekk endaa atti, men det meinkad inkje Folket i at vera fullt med paa det nye. Eg gløymer aldri den hyggjelege Kvelden der i Todalen, daa me sat kring Spikhylla, og eg fortalde Soga hans Ingemund gamle, med’ Kvinfolket sat og batt og song innimillom. Det var daa mest Visor utor Viseboki hans Bentsen og Foosnes men ogso andre, dei hadde set og avskrivet fraa Bladom. Soleides vardt eg inkje litet forbinad, daa dei sette i med:
Folkekraft er Friheds Far
Harm og Sang til Mor han har
o. s. v.,
den Visa Bjørnson skreiv til den danske Grunlogsfest. Den hadde dei bitet Merke i der i den einslege Fjelldalen og gjort til sin Merkessong. Slikt er morosamt. Det syner, at Bønderne kann vera gløgge. Ellest hadde det voret og var endaa myken Strid der paa Nordmøre, um dei skulde velja Salmeboki hans Landstad elder Hauge. Det foor Folk ikring der, som preikade, at Salmeboki hans Landstadvar fyre ”Røvere, Horkarle og denne Verdens Børn” og skræmde reint Vitet av alle dei vankunnuge. Det er fælt slikt, at dei skal bruka det gode Haugenamnet til Partiskilt fyre Lygn, Baktale, gudeleg Galskap og Partihat. Korlenge vil dette Folket tola slikt millom seg og inkje berre skratta slike karar beint i Syni og jaga deim av? I ei Bygd derinne var det løglegt. Eg hadde bedet deim taka Salmebok med paa Møtet, og det var daa Hauge. So kom eg inn i Stova og sagde: ”i Kveld vil eg fortelja dykk litet um ein Mann, som heiter Grundtvig, og no raakar det so heppelegt til, at de hava Salmeboki hans Hauge her i Bygdi, for der stend det so tjukt av Salmarne hans Grundtvig.” Nei du skulde sjaa, kor dei glaamde! Grundtvig, den Ulven, komen inn ogso her, og dei hadde nettupp valt Haugeboki for at verja seg mot Grundtvig og alt stygt. Og so song me den eine Salmen etter den andre, dei vænaste i Boki, og alle ihop var dei av Grundtvig. Grundtvig er eit av dei Emnom, eg helst vel, naar eg talar paa Bondebygdi, og nokot, som Bønderne helst vil høyra um. Og det kann vel turvast at tala um honom. For er det eit Namn, som er tilsulkat av Baktale og Uvitingskap, so er det hans. Dei hava fenget den Trui Bønderne, at Grundtvig og Svartemannen det er mest det same, han er Antikristen han. Prestarne og Lærararne hava si store Skuld her, for dei berre skuva paa Mistrui, som ein Gong er vakt, istadenfyre at upplysa Folk um rette Samanhenget. Det er mange, som er lik den Presten, som svarad ei Kona utor Menigheiti, som vilde hava Greida paa, kvat Grundtvig og Gruntvigianisme er for nokot: ”spyr meg inkje um det, for det er so stygt, at eg inkje kann segja det.” Andre Emne eg heve brukt utyver Bondebygdi er: Hans Nilsen Hauge og hans Tid, og Utlegningar av vaare Folkeeventyr. Vaar Folkediktning sviv endaa i Toka; men Folket elskar henne, naar dei sjaa Ljostankarne stiga fram utor Skodda. Her er vid Mark her at pløgja.
 
Um Bønderne i Trøndelag trur eg, at dei er vidast komne i Frisinn av alle norske Bønder. Dei er inkje fullt so rædde som Austlendingarne for at vaaga Trøya si og hava ein annan Meining enn Presten og Skrivaren. Dei kann tenkja sjølvstødt, og dei vil det dei vil. Men dei kjenna, at dei endaa ligg under i Kunnskap. Dei vil gjerna høyra og læra. Dei bad meg fleire Stelle um at koma og halda Sumarskule der, so 14 Dagar i Slag med Fyredrag – det er nokot til at tenkja paa. Det Trønderbladet, som hadde vunnet seg mest utyver Landsbygderne, var ”Dagsposten”, eit sterkt Vinstreblad, men daa han fekk seg ein ny Styrar og der- med tok til at kjøyra ein annan Veg, i Hjulfaret til ”Morgenbladet”, kom det Uppslag paa Uppslag, so ”Posten” maatte til at svinga inn paa den gamle Bygdarvegen atter. Trønderne vil inkje lata seg knipsa paa Nasa. Bilætet til Sverdrup fann eg i mange Hus der Nord, honom elskad dei – ja og so Bjørnson. Det var ein Bonde der, som reint var hugstolen av ”Kongen”, og plent vilde hava den Boki inn i Aalmugeboksamlingi. Men det kunde inkje det høge Raadet giva Samtykke til, kann du vita. So tok Bonden og gav sitt eiget Eksemplar til Boksamlingi, og daa kunde dei inkje segja nei, so no fær han ”Kongen” smuglad utyver lel. Landsmaalet var dei glade i, kvar eg foor, og eg høyrde inkje annat, enn at dei skynad meg vel. ”Fedraheimen” likad dei og ovlega godt. Men so er det ein Ting, eg lyt snakka um med det same, og det er, kor syrgjeleg litet dei Skulemeistrarne, som er utgjengne fraa Seminariet, kann bruka Bygdemaalet sitt. Dei vil gjerna, dei er uppglødde fyre Saki men – dei kann inkje. Koma dei med ein Setning paa reint Norsk, so koma dei med tvo etterpaa paa reint Dansk, so som dei lesa det i Blad og Bøker. Det verd ofta upp i det leidaste Knotet, og mest er det Tilfelle, naar dei skal giva Talen ein høgare Sving.
 
Det er inkje til at undrast paa detta. All den Kunskap, dei skal bruka i Skulen, hava dei fenget paa Dansk, og dei hava soleides lært at tenkja slike Ting paa Dansk. Dei maa no til at umskriva seg sjølve paa Norsk, og det er inkje altid so beingjort det. Men lat oss so inkje skrika for myket um, kor langt me no hava rokket fram, daa Skulemeistrarne kann faa Lov at bruka Bygdemaalet i Skulen, lat oss helder beda fint Skulemeistrarne um at leggja dugelegt Arbeid paa den Tingen at tala um høgare Ting paa Bygdemaalet sitt. Utan Arbeid gjeng det inkje, solenge Lærarskularne inkje er heilt norske, og dei der faa læra baade at tala og skriva norskt Maal. Det er forglyftigt at høyra norske Bondefolk halda sprikjande Talar um sitt gilde Modersmaal, som no skal ljoma millom Fjellom o. s. v. – og so tala dei paa Dansk. So kann dei inkje bruka det Maalet, som dei skrøyta av, som dei er fødde med, men maa taka til Takke med det Maalet, som dei forbanna, og som dei segja er deim so unaturlegt – det er skjerande Spe detta. Nei det maa Arbeid til! Bonden maa giva Agt paa seg sjølv og stræva etter at vinna att Bygdemaalet sitt, daa fyrst kann det ganga. I ein Skule var eg, der det var trøysamt at høyra baade Skulemeistr og Born. Det var uppe i Aalen hjaa Jon Reitan, Bror hans Anders som døydde. Slik som Borni der fortalde paa kav Aalbygg baade Bibelsoga og Noregssoga! det var med spilande Liv det! ein saag, kor Kunskapen var vorden Kjøt av deira Kjøt og Bein av deira Bein. Sjølv klagad han yver, at han berre halvt kunde bruka Bygdarmaalet – eg tykte no, han var bra eg. Hadde me mange slike, stod det inkje paa. Ja Lukka til, Skulemeistrar med at bruka Bygdemaalet i Skulen, paa det ligg meir Lag enn de tru! Og hermed sluttar eg denne Gongen.
Kristofer Janson.
 

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum