Um eit Norskt Skuleboksamlag.

 
(Innsendt.)
Det synest vera ein greid og praktisk Maate at taka det paa at giva ut Skulebøker so heftevis, som Hr. O. J. Høyem hev tenkt, og det vil venteleg difyre vinna Tilslutning rundt om i Byar og Bygder, dette Tiltaket. Men det er nokot tidleg at taka paa med dette enno. Me kann vel segja, at det inkje gjeng so fort med Maalstrævet, og at det difyre er fyrst best; men Maalformi kunde trengja at festa seg, fyrr me tok paa med Skulebøker, so det inkje vardt upp i ei Røra. Skulde me no faa ei Bibelsoga paa Høyems-Maal, ei Abc i Aasens Maalform og so ei Kyrkjehistoria i eit annat Maalføre, so kunde me vel segja det var litet vunnet. Og Maallagarar heve me nokk av, er det likt til. Høyem er ein gild Mann og fus til at ganga paa, men Maalet hans er inkje norsk, det er eit Blandingsmaal med norsk, dansk og svensk Islætt, som ingen Stad eig heime. Inkje helder er han konsekvent i sine Reglar, so det vilde verta ei løgleg Maallæra.
 
Kannhenda det vilde vera best at giva ut Skulebøker paa dei ymse Bygdemaal; men med di er det den Veila, at det er knappt nokon, utan det skulde vera Aasen, som er god til at skriva Bygdemaali rett. Det er nemleg myket vandare at skriva eit Bygdemaal en ei Fællesform, ettersom der er Ljodar, som vandt læt seg skriva, og difyre verd skrivne paa ymse Maatar. Det kann helder inkje vera nokor Meining i at gjera Skrivespraak av kvar Dialekt, men derimot bør me stræva til aa faa eit norsk Skrivemaal, som er ei Mynsterform fyre alle Bygdemaal. Soleides er iallfall – inkje betre me vita her – alle Skrivemaal i heile Heimen.
 
Det heve voret sagt, at Aasens Maalform svipar vel myket paa Dansk, og der er sume som heve bryggjad paa ei meir gamaldags Maalform, nærast som Gamalnorsk elder Islandsk. Me vil bidja Høyem helder slutta seg til denne Meining og upptaka fleire eldre Former og Ord i sitt Maal og so vil me bidja honom giva ut ei Maallæra (Grammatik), som kunde syna greit dei naudturvelege Reglar fyre Skrivemaaten. Dette er det fyrste som lyt gjerast. Det er inkje trulegt, at ein so tenksam Maalmann som han er, kann tru, at Folk kann skriva Maalet hans utan at hava rettleiding i ei Maallæra, og at kvar skal skriva, som han best kann utan nokon Regel, er no vist inkje at ynskja, for daa vert det som me sagde upp i ei Røra.
 
Dette var det me vilde vaaga oss til at bera fram. Det er truleg mange med oss, som inkje vil skriva seg inn i Skuleboksamlaget, fyrr dei faa Vitende um kvat Maalform eller Maalformer, Bøkerne skal hava og fyrr dei faa ei Maallæra, som syner deim korleides dei skal skriva Maalet, naar dei vil senda inn Utkast til Skulebøker til detta Samlaget. Her og der heve Maalmenner liggjande Stykke til Bibelsoga, Kyrkjehistoria, og Lesebok*1) og Geografi; men at halda fram Arbeidet kann det inkje vera Tale um, utan dei fær vita kvat Maalform Skuleboksamlaget vil bruka. Og det tarvst mange Hjelpesmenner til slikt eit Arbeid, skal det verta til nokot; so hag ein Mann Høyem en er, so vinn han inkje paa det aaleine. Han skriv ogso, at han ventar at faa mange til at hjelpa seg.
 
Det er vist ogso mange som vil hjelpa; men dei maa som sagt fyrst hava nokot at retta seg etter. De heve vist alt, Hr. Høyem, i dei mange Stykke av Bibelsoga, De fekk inn fraa Skulelærarar kringum i Landet, fenget eit Prov paa dei mange Maatar at skriva Maalet paa; skal Boki koma ut so som alle desse Stykki er skrivne, so tenkja me ho vil verta eit godt Prøvekort paa ei babelsk Spraakforvirring. Tak oss det inkje ille upp, Hr. Høyem, men det er ingen fødd med slik Maalkunnskap, som det trengst til at skriva vaart Landsmaal godt og fagert. Skjemma ut Maalet er det mange som kann, men dertil er dette Maalet alt for godt.
Nokre Maalviner.
 
 *1) Det vesle Leseboki hans O. Paulson er væl enno inkje utseld; men ho er visst altfor liti no.
 

 

Frå Fedraheimen 22.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum