Til henne, som fylgde meg.

 
Til henne, som fylgde meg.
 
Kom kjære, væne unge Brud,
kom sit hjaa meg ei Stund!
no er du mi fyr Mann og Gud
med Hjarta, Haand og Munn.
 
No skal du trufast fylgja med,
kvarhelst eg gjeng og fer,
i Sumarkveld med svale Fred,
i Storm med nakne Skjer.
 
For ut eg maa, i Heimen ut,
eg hatar Stova kvalm,
eg sel meg ei fyr dagleg Sut
og roten Benkehalm.
 
Nei ut! Guds Stjernetak er best,
ein høgkvelvd Himmelport,
der er ein Andeheimen næst,
der kann ein tenkja stort.
 
Ut millom Blomar, Fuglar, Sol,
som taka alt paa Borg,
ut millom Folk, som Livet ol
med Synder og med Sorg.
 
Og skulde Stormen bli for drjug,
naar kald han bit og kvin,
so berre koma me i Hug,
kor ofta Soli skin.
 
Og skulde Fossen bløyta oss,
just naar me Svalning saug,
so er det likavæl ein Foss,
og ein hev godt av Laug.
 
Og skulde Fossen bløyta oss,
just naar me Svalning saug,
so er det likavæl ein Foss,
og ein hev godt av Laug.
 
Og skulde Folkehopen, som
seg tedde tyd og fin,
faa Hug te setja Tistelblom
med Laatt kring Skallen min, -
 
Aa – Tistelen ber og eit Bod
um Sumar her tillands,
Rauddusken, slengd til Spott og Haad,
eg gjerer til ein Krans.
 
Og vil so ingen høyra meg
men møter Bøn med Traass,
so slær eg Armen kringum deg,
og Gud slær Lag med oss.
Kristofer Janson.
 

 

Frå Fedraheimen 22.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum