Notisar

 
Kristiania, den 21de Januar 1879.
 
Kongen skal koma til Kristiania den 1ste Febr.
 
Det svenske Riksthing vart opnad den 18de. ”Dagens Nyheter” klagar yver, at Ministeriet de Geer ikkje hev haldet det, det lovad, daa det fyr 4 Aar sidan tok Styret paa nytt lag. Skattespursmaalet, Afløysingi av Grunnskattarne og Umbytningi av ”Indelingsverket” med ein Herskipnad, som høver fyr vaar Tid, er ikkje ført til Endes. Derimot hev Usemja millom Landmannspartiet og Intelligentspartiet vakset. Det Einaste, Ministeriet hev gjort, er, at det hev fengjet Lønerne aat Embættesmannsstokken aukade, og gjort Ende paa Yverskotet i Rikskassa, so det lyt utskrivast nye Skattar no, daa Folk hev litet aa skatta av. – Landmannspartiet hev Yvertalet i Thinget ogso i Aar. 110 Thingmenn av detta Parti heldt Møte Onsdagen i fyrre Vika og valde Tillitsmenn.
 
Vossebanen. Etter ”Bergensposten” vil Arbeidet med Tunellarne verta ferdugt Vaaren 1881; i dei lengste Tunnellar (paa 2800 og 2400 Fot) hev Arbeidet sidan Paaske 1877 voret drivet Dag og Nott utan Stans.
 
Sildefiske ved Kvaløyarne. Ogso paa norsk Sida vert det fiskat godt; Sildi, som fyrst var stor og grov, er no smærre. Feit er ho likvel ikkje.
 
Hoveri er enno ikkje heilt upphøyrt i Danmark. 723½ Gard svarad Hoveri til 52 Gods den 1ste Mai 1878.
 
Skadebrune. Shakespare-Bibliotheket i Birmingham, samlat av G. Dawson og Timmius, rauk med i ein Eldbrune nyleg: det inneheldt alle Utgaavur av Shakespeares Verk i alle Tungemaal.
 
Det er stor Arbeidsløysa i England med: av 7 Jarnverk er dei 5 stansade med Arbeidet, og av Arbeidarar i Kolgruvur hev ogso ei Mengd fengjet Avskil.
 
Riksthings-Straffelogforslaget laag ferdugt i 3 Maanadar, fyrr Riksthinget i Tydskland kom saman, men det var Ingen, som visste av det. So godt kann dei tigja i dei Kontor, som Bismarck styrer.
 
Bjørnerudmordet. Frants Oskar Fredriksson er frifunnen, men idømd Skadebot fyr Utgifterne ved Tiltalen og Fengslingi. Det vert fulla nokot aa faa att fyr Utlegget.
 
Gamle Menn. Mr. Moore i Polk Co. er 101 Aar gl., Jakob Rogers i Harry Co. er hans jamaldrande, G. Brassley i Boon Co. er 102 Aar, Bond i Alponoose Co. 104 og G. Singley i same Co. 107 Aar gl. Den siste er Byrsesmed og dreiv Handverket sitt til dess han var 100 Ar gl. Han er rask og rørug enno og gjeng utan Vande 1 norsk Mil um Dagen. Daa han var 102 Ar gl., tok han seg ein Svipptur til Kalifornia.
 
Rikdom. Baron Rothchild i Paris eig 800 à 1200 Millionar Krunur.
 
Innsamlingi i England fyr deim, som miste Pengar ved Glasgowbankens Uppspil, gjer 6 ½ Mill. Krunur.
 
Enno Løbergs-Saki. Daa Hr. Hjalmar Løberg bad uppgjevet Forfatteren av det innsende Stykkje i ”Bergens Adresseavis”, fekk han detta Svaret: ”At eg er Forfatter av Artikelen i den Løbergske Sak i ”Adresse-Avisen” fyr 1ste Jan. d. A. og undertegnet –d-, vedkjennest. C. Geelmuyden, Bergens Adressekontor”. Det var altso Humbug med Innsendingi, daa Geelmuyden er Styrar av Bladet.
 
Gasforgifting. I Kristiania er ei 87 Aar gamall Kona daai av Gas fraa eit Røyr, som hadde gjengjet sund; fleire Menneskjur i same Huset, mest Born, er sjuke.
 
Den kgl. Nemndi um Utskipingsrett i Landet (Bødtker, Vogt, Spilling, Eskeland, Jebsen) er ferdug med sine Raadlegg, og Formannen hev teket aat med aa skriva Innstillingi.
 
Skulemateriel. Fraa Kristiania Aalmugskular var utstellt i Paris nokot Materiel, som Industrimuseet i Turin (Italia) saag seg Hag i og bad um aa faa kaupt. Kristiania Bystyre hev gjevet Museet det.
 
Riksgrensa mot Sverik skal i Aar reinskast upp langs Hamar og Throndheims Stift.
 
Det amerikanske Blad ”Norden” vert spurt um, kven som er den største norske Skald i Amerika. Utgjevaren svarar, at det er ingen norsk Skald der, men nokre rett produktive Rimsmedar, og med deim kann det vera hips om haps.
 
Visst. Av same Blad se me, at MissouriSynodens theologiske Organ ”Lehre med Wehre” (Styrar Professor Walther) lærer, at ”det er likso guddomeleg visst, at Soli gjeng yver Himelen rundt Jordi, som det er visst, at Gud hev grunnfest Jordi.”
 

 

Frå Fedraheimen 22.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum