Eit namnlaust Folk.

 
Eit namnlaust Folk.
 (Slutten.)
 
I 1815 tok Svensken med seg Flagdet, som høyrde til Fredriksten, endaa han inkje hadde teket Festningi med Vaapnmagt. Sidan hende det endaa merkelegare Ting. Sigermerke, som me hadde teket fraa Svensken, kom burt av seg sjølv, og dei segjer, at dei tok Vegen til Sverik. I Dansketidi vart alt det øydelagt, som minnte um den gamle Stortidi, i ”Svensketidi” skulde det verta øydelagt, som minnte um vaare Storverk i Dansketidi. Det er vel knapt nokot Folk, som hev voret ribbat slik som vaart, men det er ingen Faare med aa ribba eit namnlaust Folk, ”et Skillingsfolk ved Stranden.” Nordmennerne er for vaksne, maa’ta, til aa bry seg um Smaating. No skal du høyra. Ein Mann fraa Fredrikshall hev fortalt, at ingen veit rett Greida paa, kor den Fana er, som Borgararne paa Fredrikshall brukade under Peder Kollbjørnsen. Dei trudde, at ho var hjaa Stadshauptmannen, sagde han. Det er inkje so mange Aar sidan ho var framme, so ho er vel til endaa, soframt ho inkje er send til Klutehandlaren.
 
Eg snakkade fyr ei Tid sidan med ”ein vaksen” Mann. Fanur og slikt er nokot Lapperi, sagde han. Anten Fana er raud elder kvit, er F- - sliktslag. Det er smaatt Stell her heime, sagde han. Nei i Sverik er det nokot annat. So fortalde han um Riddarholmkyrkan og alle dei Fanur og Sigermerke. ”Sverik hev ei ”Historie”, sagde han; det beste me kann gjera er aa gjeva oss under Sverik.”
 
Fanur og slikt er Lapperi her heime, men i Sverik er just det same so stort og gildt, so det er ingen Ende paa det. Der er mange, som tenkjer slik.
 
Her hev nyleg voret ein Strid, som ikkje var tenkjande andre Stader enn hjaa eit namnlaust Folk. Det var um den rette Fargen paa Herflagdet (Banneret). Morgenbladet og Almuvennen meiner det kann vera det same korleids Flagdet ser ut, det er Smaating. Eg undrat paa, um dei kjenner det tunge Andsvaret med detta, at dei lærer Soldaten upp til aa vanvyrda Fana. I ”Soldat-Undervisning” av Munch Petersen stend det um Fana: ”Fanen agtes og æres som et Tegn paa den Samdrægtighed og det Sammenhold som bør findes imellem brave Vaabenbrødre. Dens Tab ansees overalt for en Skam; den maa derfor med Liv og Blod forsvares til det Yderste.”
 
Soldaten skal soleids vaaga Liv og Blod fyr nokot, som er ein Smaating. Fær dei lært upp Soldaten til aa tru, at Fana er ein Smaating, skal du sjaa han er for praktisk til aa vaaga Liv og Blod fyr den, og daa er den gode Aand burte fraa Heren. ”Nei, det er inkje vaar Meining; Fana skal vera heilag, men det kvittar eitt, korleids ho er paa Fargen. Eg trur aldri det. Er det den Tingen, at det er Silke i Fana (til 10 Krunur Alni elder meir kannhenda), som gjer ho heilag? Fana er vel heilag, fyr di ho er Merke paa nokot nationalt, men det er vel inkje Meiningi, at det nationale stikk i Silken – alle Folk hev Silkefanur. Kvat skal Soldaten vaar slaast fyr, um det kjem til Ufred? Nationaliteten sin? Den hev sine verste Fiendar her heime. Fana? Fana er ein Smaating. Kongen? Han trur Kongen er svensk. Den som saar Vind, haustar Storm. Kann henda Soldaten vaar slett inkje vil slaast, naar det ber til Stykket, og daa vil Andsvaret falla tungt paa den, som gjev Folket vaart ein Orm fyr ein Fisk og ein Stein fyr eit Braud.
 
Det er godt fyr eit Folk, helst fyr eit litet, aa hava mange offerviljuge Menner. Det hev inkje skortat paa dei hjaa oss. I 1864, daa Danmark var i Faare, var Skandinavarne vaare so ”sindige” og ”praktiske” og ”vaksne”, at dei vilde inkje vaaga Liv og Blod fyr si Tru. Det var berre Kristoffer Bruun, som tok Byrsa paa Nakken daa, og offrade. Men tvo Aar etter skulde du sjaa ei lang, glansande Offerferd av offerviljuge Menner. Kvat var det daa, som skulde offrast? Aa, det var berre norsk Maal og Nationalitet, som skulde offrast aat den skandinaviske Molok. Vilde daa Svensken og Dansken offra sin Nationalitet? Nei visst inkje; dei vilde nettupp hava eit skandinavisk Samlag til aa berga Nationaliteten sin. Men vaare eigne Landsmennar var bune til aa offra, inkje berre sin eigen ”Nationalitet”, men Bondens, og vilde taka den fatige Manns Lamb og setja fyr dei rike Gjesterne. Men den Gongen vart det anderleids, enn dei hadde tenkt. Dei gjorde det for grovt, so Folket merkade det. Daa vaare norske Skandinavar kjøyrde sine Ukse-Hovud inn i den politiske Kingelveven og rotad umkring med Horni, daa fekk me Augo upp og vaknade liksom. – Det hev voret sagt, at her er tvo Nationalitetar her i Landet, ein norsk og ein dansk. Detta er inkje sannt. Hadde ”Intelligensen” ein Nationalitet, vilde inkje ”Intelligensen” vera so snar til aa offra. Det dei hev, vil dei inkje offra: Liv og Blod og Rikdom; men det, dei inkje hev, offrar dei med ”lett Hjarta”.  
 
Og so kjem ved det Leitet tri Stadsraadar og segjer: ”Er der noget, som hos den norske Nation ikke tiltrænger nogen ny Støtte, saa er det Kjærligheden til, Interessen for og Troen paa det Nationale”!
 
Me er alle paa vaar Vis gode Nordmenner, og endaa kan slikt henda. Menner, som, naar det ber til Stykket, kannhenda elskar Fødelandet likso høgt som du og eg, fer stundom aat liksom dei var Landssvikarar. Og detta kjem seg myket av di at me er eit namnlaust Folk og inkje hev Vit paa ”Smaating” (nationale Symbolar). Me hev misst alt det, som skulde gjeva oss Sans fyr slikt. At me hev misst det, hev allstødt voret, og er no, og vil i lange Tider vera til uhorveleg Skade fyr oss. Nordmennerne er eit Folk, som inkje kann te seg millom andre Folk. Nationaliteten hev liksom Daningi visse ytre Former, som ein lyt passa paa. Me kjenner inkje til desse ytre Formerne, og difyr kann me inkje te oss likare enn ein Sjauar ter seg i ein Salon, fyr alt det, at Sjauaren tidt hev likso stort Hjarta som ei innsnarad Bal-Løva.
 
Det vert inkje betre med oss, so lenge me midt i den nationale Armodsdomen billar oss inn, at me er meir praktiske og kloke enn andre. Lat oss fyrst kjennast ved, at me i sume Ting ligg eit Aarhundrad attum andre Folk. Lat oss so stræva med aa koma etter.
 

 

Frå Fedraheimen 22.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum