Eit Innlegg i Tarvelighedsstriden.

 
(Innsendt.)
 
Hr. Bladstyrar! Naar Bjørnstjerne Bjørnson etter Ingvar Bøhn fortel, at der er meir Drykk i Hardanger enn paa Austlandet, og han slær paa, at der er Samanheng millom det, at Drykken minkar og at Byskikk og Knoting veks, - so vil eg hertil segja tvo Ting. For det fyrste veit eg ikkje av, at der hev voret lik ei ofseleg Drikking i Hardanger. Eg tykkjest vita, at der vert drukket meir i dei framknotade Bygderne der austpaa. Drykken hev voret liten her i Hardanger bland eldre Folk. Det er Ungdomen, som drikk grøteleg mykje i Høgtiderne, og detta var det, Ingvar Bøhn raadde Hardingarne til aa minka paa. I dei seinare Aari hev det kannhenda aukat paa med Drykken, so han hev synt seg ikkje litet stygg utanum Høgtiderne med. Men – i dei seinare Aari hev det og aukat paa med Knotingi.
 
Bjørnson trur, at naar Folk talar um ”Tarveligheden”, so meiner dei dermed ”salt Kjød, aarsgamalt, do. Sild og Vadmel, vævet som ukaret Hamp.” Eg hev aldri fyrr høyrt nokon, som hev tenkt seg slikt ved det Ordet, og ikkje hev eg set slik ”Tarvelighed” helder. Serleg kjenner eg ikkje Vadmaal paa det Lag. – Men difyr kann her vera mangt aa retta.
 
 So er det ”Nationaldragterne.” Bjørnson trur, at desse er ubrigdeleg dei same Ætt etter Ætt, og at dei difyr meinkar den frie Utvikling av Vænleikshugen. Men Nationaldragterne hev sine ”Motar” likso væl som Bydragterne, um dei enn ikkje kjem fraa Paris. Men just fyr di desse Bygdemotar vert utfunne av Folket sjølv og ikkje fyreskrivne av andre og blindt ettergjorde fraa ein ”Journal”, - difyr skulde væl Bygdemotarne gjeva Vænleikshugen meir aa gjera, og dermed meir Utvikling - ? Klædebunaden hev brigdat paa seg mykje. Berre eg kann minnast store Umbrigde. Den fyrste Svipen, eg minnest, gjeld ikkje lenger fyr væn. Gamalt Folk, t. d. i Telemarki, segjer, at Bunaden ikkje er aa kjenna att som han var i deira unge Dagar. Men det er sannt: Motarne skifter ikkje so fort, at Folk ikkje fær slita Klæderne sine ut. – Det gjekk no helder ikkje an paa Bondebygdi.
 
Me, som held paa den norske Bunaden, vil ikkje hava ’n som han var i ”Bestefars Tid”, men som han er no. Og han maa, som alt annat heimslegt, ”utviklast”, so han vert so fager som han kann. Er det slikt, Bjørnson meiner, so hev han storleg Rett.
 
Aa telja Folk til aa laga seg Klæde av annat Ty enn det dei lagar sjølve, finn ikkje eg nokon Meining i. Ein fekk setja ein ny Skikk paa Næringsvegjerne vaare daa. Vadmaalet er sterkt og varmt – tvo gode Ting fyr den som skal stræva og slita. Det kann so vera, at ei Nationaldragt vert dyrare enn ei Bydragt av simpelt Slag; men so held ho so mykje lenger, - iser aat Arbeidsfolk. Me maa hugsa det, at Bonden i vaart Land, iallfall paa Vestlandet, er ein Mann som arbeider, og arbeider fyr fullt Aalvor. So maa hans krav i mangt retta seg etter det. – Men det vil vera berre godt aa stræva til, at vaare Kvinfolk kann læra aa væva vænare Vadmaal!
 
”Lidt af Maalet med” maa sleppast, meiner Bjørnson, skal det verta nokot av Framgangen. Det beste var væl, um baade Maalet og dei Talande fekk den Utvikling, som Tidi kravde -? For den beste Framgangen er væl den, som er so naturleg og sann, at Folket sjølv kann skapa seg Uttrykk fyr hans Tankar. Men ein Framgang, som er so framand og unaturleg, at han ber burt fraa oss sjølve og tvingar oss til aa tala med ”framande Tungur” – ja, i Grunnen vil væl inkje Bjørnson helder hava den. Det er sannt: Austlendingen er komen ”høgst ” i den Kunsten aa knota og samstundes høgst i Matstell og Livemaate. Men – er det so visst, at han stend høgst i Aandsliv i det heile? Um Vestlandsbonden kan benkjast saman med Austlandspropritæren, det tor eg ikkje segja. Men det veit eg, at han stend fullt paa Merki med dei ”knotedanade” Folk, som han kann raaka paa i sine eigne Bygder. Det er Von, at han vilde sjaa nokot ”raaare” ut i ein Bal-Sal, enn Austlandsbonden. Men kor hev Framgangstankarne i vaar Tid funnet fyrst Rom? Er det hjaa vaare ”Proprietærar”? Aa nei, det er nok ingen, som ligg meir bundne i Atterhaldstankarne enn dei. I det Heile hev ikkje ”Kakse-Kulturen” nokot godt Ord paa seg, og det er mange som hev funnet, at Vestlandsbonden er meir aandsfrisk og tankelivleg enn Austlandsbonden med alt hans laante Maal. –
 
Gardmannen skal ikkje ”stiga ned” til Husmannen. Paa Vestlandet trengst det ikkje; for der er Skilnaden paa Husmann og Gardmann ikkje stor. So maa Gardmannen fram! Ja, langt fram, og Husmannen etter, - men Vegen gjeng ikkje gjenom Knot. Paa Austlandet skal Gardmannen helder ikkje ”stiga ned”. Men det er so, at Folket der paa dei ”breide Bygdom” hev ”gløymt seg sjølv” so reint, at der berre finst att ein stakkarsleg Rest av det heimlege Maalet i Husmannshytta, - so hev Gardmannen nokot aa læra av Husmannen sin. Han skal læra aa finna att seg sjølv og Framtidi. Han skal læra aa veksa ihop med sitt Folk.
 
”Maalet” skal me agta oss fyr aa sleppa. Me kann nok, um so skal vera, kasta vaare ”Nationaldragter”, og me kann brigda vaart Matstell og Husstell so langt som me ser oss Raad til; men Maalet – det kann me ikkje sleppa utan aa gjera Skade paa oss sjølv. Det er ”Ættarmerket”; det høyrer oss til som Folk; det ligg oss næraste av alt det, som me kunde tapa elder gløyma. -
 
Istadenfyr aa gjeva upp Maalet vaart fyr aa faa Kultur – det vart daa ein Kultur deretter, ein Knote-Kultur, ein Kultur, me ikkje aatte elder raadde -, so skal me fylla Maalet vaart med Kulturens Tankar, so desse kann i Sanning verta vaare, like eins som Maalet er vaart. Daa er me paa rette Vegen. Og so vert det væl ei Raad med Maten og Vadmaalet og.
V.
 

 

Frå Fedraheimen 22.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum