Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
IX.
 
 (Framhald.)
 
Kapellanen totte han hadde gjort nok fyr det fyrste. Han stod upp. ”Herren vere med oss alle!” sagde han og gjekk, med eit kjærlegt Augnekast til Hans, som kjende seg varm og rørd av aa vera bergad.
 
 X.
Daa Ragna kom snikjande heim um Kvelden, fekk Presten i henne, og ho laut fylgja inn. Ho var bleik og skalv; vilde likevæl prøva aa vera sterk. Men daa ho kom inn paa Kontoret, møttest ho med Moer si, som saag paa henne med vaate Augo og tok henne i Famn, og daa kom ho paa Graaten.
 
Presten vart sjølv graatfull, men paa same Tid rædd. Var det komet so langt? – ”Du hadde eit Brev i Dag, Ragna,” sagde han ”og du maa ikkje undrast paa, at me gjerna vil vita Greida paa det. Ei Ungmøy som Du kann aldri vera var nok i slike Ting. Kven var det ifraa, det Brevet?” - Ragna tvingad ned Graaten, tok fram Brevet og gav Moer si det; ho gav det til Presten. Denne las, og Munnen hans bibrad. ”Kjære Dotter mi,” sagde han, ”du trur væl ikkje paa detta?” No rette Ragna seg upp og vende seg imot honom. ”Jau,” sagde ho, helder kaldt. ”Stakkars Barn,” sagde Presten. ” Kann du vera so truskyldig? Ser du ikkje, at det heile er Skalkeverk og Lygn? Hadde det voret sannt, det han skriv her, so hadde han skrivet til m e g, ikkje til deg. Detta at han gjeng Krokvegjer, syner godt, at han ikkje hev godt Samvit. – Kjære Barn,” sagde han med hjarteleg Bøn, ”agta deg fyr denne Mannen!”
 
Ragna stod høg og rak og hardstirde paa Faer sin. ”Du veit godt, at han er ein ærleg Mann,” sagde ho, ”og han fer ikkje med Lygn.” – ”Han hev voret ein bra Gut,” svarad Presten skjelvmælt; ”men no hev han skift um. Kjenner du honom? veit du kven han er?” – Ragna tagde, Moer hennar tok henne i Haandi og drog henne sorgmildt inn til seg. Ho skalv. ”Arme tryllte Barn,” sukkad Presten, ”eg er rædd du lyt vita alt. – Tak det ikkje for tungt . . . eg ser til mi store Sorg, at din Hug ikkje er so fri her, som han burde vera . . . men her er ikkje Raad, for . . . Hauk er –” Presten kviskrad, liksom fælen fyr aa nemna Ordet – ”Hauk er . . . Fritenkjar!” - -
 
Ragna kvakk, stirde storøygd og rædd paa Faer sin, seig so ihop som under ei svær Tyngd. Moeri heldt henne tett inn til seg og greet heite Taarer nedyver hennar rike brune Haar.
 
 XI.
 
Ragna tok det svært tungt. Ho hadde just fenget Kvild i den Tanken, at Hauk likevæl elskad henne, og so skulde detta koma, som var det verste av alt. Aa vera Fritenkjar, det var – etter alt som ho hadde høyrt og lært – det same som aa ha selt seg til den Vonde og vera raadlaust fortapt. Ein ”Fritenkjar” var nokot av same Slaget som
”Tryntyrken” i Bygdesegnerne vaare: eit Ufygle, som Ein kunde tiltru all upptenkjeleg Djevelskap. Ho vilde helder ha høyrt, at Hauk hadde skrivet falske Vekslar elder gjort Innbrot i Norigs Bank. Ofta naar ho sov drøymde ho, at han sat og spilad Kort med den Vonde, som flirde fælskeleg og stal av Hauks Kort, so denne altid maatte tapa, og stundom totte ho, at han dansad stygge Dansar med Trollkjeringarne paa Bloksberg og drakk Dus med Mefistofeles av logande Staup. Ho kunde vakna upp av Svevnen med høge Skrik og vera so rædd, at ho laag og skalv i halve Timarne. Og um Dagen gjekk ho so nedtyngd av Sorg og saare Tankar, at ho stundom var reint som burte.
 
Ein Dag tok ho Mot til seg og spurde Hans, um det var sannt at Hauk var Fritenkjar. ”Dess- verre, det er visst altfor sannt,” sagde Hans; ”iallfall bør korkje Du elder eg hava meir med den Mannen aa gjera.” ”Gjeng han ved det sjølv, at han er . . . ein slik?” – ”Nei; han er som vaare andre Fritenkjarar, uærleg og rædd ... men Balle hev opnat mine Augo. – Det er ein merkjeleg Mann, den Balle, stød som ein Mur i Tru og Tanke, og ein stor Sjælekjennar. Hauk er berre ein Ordmakar mot honom.” ”Jaso.” – Sidan talad ikkje Ragna meir med Hans um detta.
 
Dei gamle Foreldri gjekk og var mest raadlause av Sorg og Uro. Iser var Moeri ut av det. Ho prøvde aa trøsta henne so godt ho kunde. ”Kanskje han kann umvenda seg,” sagde ho. ”Umvenda seg -?” spurde Ragna. Den Tanken tok Tak og sleppte henne ikkje sidan.
 
Ein Dag kom Balle. ”Aa Goddag, kjære Kapellan,” sagde Presten, ”her kjem De i eit usælt Hus.” Balle vart rædd. ”Kor daa?” ”Aa, ho tek det so altfor tungt. Eg ræddast ho vert sjuk.” Det kom nokot forunderleg kaldt og og liksom framandt yver Balle. Han sat ei Stund ordlaus og kunde liksom ikkje samla Tankarne. So kom det. ”Ja,” sagde han, ”slik er det aa fara uvarlegt. Ein Mann som Hauk burde vera utestengd fraa alt godt Selskap. Det fylgjer altid Uhemja med den, som hev sagt seg laus ifraa Gud. Og sæl er den, som ikkje sit i Sæte med Spottarar, segjer Salmisten.”
 
Det var stuslegt med Samtalen. Presten var tunglynd, Balle ute av Lag. Han stod snart upp. ”Her maa bedast,” sagde han. ”Hev ikkje Ragna ytrat Ynskje um aa tala med meg?” – ”Med . . . Dykk?” – ”Ja, som Sjælesyrgjar?” - - ”Hm, ho hev ikkje eingong ytrat Ynskje um aa tala med m e g,” sagde Presten kaldt. Balle gjekk.
 
Det sleit av nokre Dagar. So kom det med Posten eit Nummer av Bladet ”Framgang,” der denne leide Brevsendingi hadde stadet. Og øvst paa fremste Sida av Bladet stod:
 
”Hr. Bladstyrar! Det hev komet ut eit Ord um, at det skulde vera eg, som hev skrivet Brevsendingi i No. 2 um Prestarne og Politikken og um Pastor Vangens Joletale. De lyt gjera so væl aa vitna, at detta ikkje er so, og at eg ingen Ting hev havt med det Stykket aa gjera.
Eystein Hauk.
Hr. Hauk hev Ingenting havt med det umskrivne Stykket aa gjera.
Bladstyret.”
Presten las det. ”Ny Lygn!” tenkte han og heiv Bladet paa Golvet. ”Det finst ingen Mann i mi Sokn, som kunde skriva so styggt um Presten sin, det veit eg. So langt er me daa enno ikkje komne, Gud vere Lov og Takk. Detta Bladstyret er væl av same Ulli som Hauk sjølv, og ei Lygn fraa og til kann ikkje skilja dei stort.” - -
 
Men daa Ragna fekk sjaa Bladet, trudde ho fullt og fast, at Hauk var saklaus i detta. Og so underleg var ho i Lag, at denne Trui gjorde henne sterk att. Det kunde henda Hauk var Fritenkjar. Men han var det visst ikkje paa same Maaten som dei andre. Det var visst ikkje vond Vilje, som gjorde det. Han var berre synkvervd, bergteken ... Den, som kunde ringja med sterke Kyrkjeklokkur innyver dei Vidder, der han no vildrad, so kunde han visst endaa verta frelst -! Det vaknad underlege, sterke Tankar i den unge Gjenta. Ho fekk ny Eld i Augo og nytt Mod i Bringa. Ho livde seg inn i den Trui, at ho hadde ein Livsgjerning. –
 
Det Fyrste ho sette seg fyre aa gjera var aa faa full Greida paa Avisstykket. Ho fann ut, at der var ein Mann i Sokni, som kunde ha skrivet den Brevsendingi, og det var Lærar Vikstad. Ein Dag gjekk ho til honom paa Skulen hans. Ho bad honom, dersom han var Forfattaren av det Bladstykket, aa gjeva henne eit skriftlegt Vitnemaal um det. Faer hennar hadde ein annan mistenkt, sagde ho, og denne andre var svært leid fyr detta; men den einaste Maaten aa faa Faer hennar fraa Mistankarne hans paa, det var, dersom han fekk vita den rette Forfattaren. Trass alt sitt Stræv med aa vera roleg vart ho so sprutande raud, daa ho sagde detta, at Vikstad forstod heile Samanhengen. Han smilte, saag paa den fagre unge Gjenta og kunde ikkje segja nei. ”Dessutan,” tenkte han, ”er væl Søknaden min avgjort no i Stiftsdirektionen, so eg vaagar ikkje større med det.” Han skreiv paa ein Setel:
”Eg er Forfattaren av Brevet i ”Framgang” No. 2 um Prestarne og Politikken.
Gabriel Vikstad.”
Med den Setelen gjekk Ragna heim.
 
 
 XII.
 
Ho gjekk inn til Faer sin. Den gamle Presten saag kjærlegt paa henne, og det kom liksom Taareglans i Augo hans. Ho var veik og mild, men aalvorleg og forunderleg fager. ”Kjære Barnet mitt, du hev havt det vondt,” sagde Presten, ”men no tenkjer eg mest du vinn yver.” Ho smilte saart. ”Set deg, Ragna,” sagde den gamle, ”lat oss tala saman.”
 
Dei sette seg. Presten saag henne mildt inni Augo og saag der nokot fast og avgjort, som han ikkje fyrr hadde set. Han slog Augo ned, og det beit honom underleg i Bringa. ”Den unge Gjenta er nok vaksi no,” tenkte han. -
 
”Høyr Faer,” tok Ragna i, ”trur du enno at . . . Hauk hev faret med Lygn?” – ”Ja, stakkars Barn, eg trur det. Ingen annan kunde skrivet paa den Maaten. Og kvat bryd væl slike Karar seg um ei Lygn? Den, som er utan Gud, han er og utan Andsvar.” – ”Kjære Faer . . . denne Gongen tek du i Mist likevæl.” Presten sette Augo. ”Tek i Mist? Kor kann du segja det -?” ”Jau,” sagde Ragna, ”eg veit no, kven det er, som hev skrivet Stykket.” – ”Du -?” Presten tok liksom til aa raudna. ”Ja eg, Faer.” Den gamle reiste seg. ”Ingen her i Gjeldet!” ropad han. ”Jau,” sagde Ragna. No vart Presten heit. ”Nemn meg Mannen!” sagde han stutt og hardt. ”Eg skal so, - dersom du vil lova meg, at det eg her segjer, ikkje paa nokon Maate skal verta til den Manns Skade.” ”Nemn honom!” sagde Presten med bivrande Munn; ”set du Vilkor fyr din eigen Faer?”
”Det vilde vera styggt av meg aa fortelja nokot, som kunde vera nokon til Mein.”
(Meir.)
 
 

 

Frå Fedraheimen 22.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum