Utlandet.

 
Tydskland. Det er ikkje nytt, at den tydske, eller rettare sagt den prøysiske Politik, slik som han hev tett seg, sidan Bismarck fekk Lykkja og baade Endarne, er stutt og retthøvt avmerkt med Ordi ”Blod og Jarn.” At Toet i ’n er, som desse Ordi nemner, hev longo sidan vist seg i Framferdi mot Grannfolki, i Framferdi mot dei mindre tydske Statar, i Framferdi mot dei Ultramontane, og seinast i Framferdi mot Socialistarne. ”Blod og Jarn” er fyr Bismarck nyttugt til alle Ting. Med det hev han sveisat Tydskland ihop til ”Eining”, med Kulturkamp og Tvangsloger her han møtt Ultramontanismen, med Landlysing og Muleband hev han møtt Socialismen; den økonomiske og sociale Uhemja skal greidast med Band og Tvang, Tollvernd, Uppnying av Handverkslagi og meir slikt. Han læt Slagi falla tunge og tette, og han hegdar visst ikkje, solenge det gjeng – ”veks Vilje, med’ vel gjeng”, heiter det – og det verste er, at Slagi fell ikkje berre der, dei skulde falla, men langt utum. – Det er visst, at det tydske Samfund lid av mange og store Saar, men det er likeso visst, at sin djupaste Grunn hev dei nettupp i denne ”Blod- og Jarn-”Politikken, og det er lite trulegt, at det same, som hev sleget Saari, skal i Lengdi røynast aa vera Helsebot fyr deim. – Det var aa venta, at Fridomsmennerne hadde Vit og Vilje til i Tide aa setja ein Damm mot denne Atterstraumen, som velter seg yver Tydskland, og som visseleg vil fløda yver dei tydske Grensor, greinande seg ut og ut, veksande seg alt større og større, soframt han ikkje vert stemd i Upphavet, for det er nog av deim, som vil grava Rennor fyr ’n og leida Vatn til. Men um dei enn hev Vitet til det, og til Deils Viljen med, so spyrst det, um dei hev Magti. Framstigsflokken, som er den, ein kan venta nokot av, er for liten, og dei Nationalliberale vantar fulla baade Magti og Modet, iallfall det sidste; ein veit, korleids det er, naar ein hev gjevet den Vonde ein Finger. – Etter Uttali i den tydske Presse um den sidste Tvangslogi, skulde ein ikkje tru, at ho hadde stor Von fyr seg. Bladi, so nær som sjølve Regjeringsbladi daa, er so samstellte, som dei kann vera, um aa fordøma Framlaget; og det kann ikkje vera Tvil um, at Hovudforskrifterne i det vert forkastade, meiner dei; jamvel dei Frikonservative er evsame; dei segjer, at dei iallfall ikkje vil ganga med paa, at Meiningsytringar i Riksthinget skal kunna koma inn under den aalmenne Strafferett, elder at ein Nymenning i Riksthinget skal kunna missa Valretten fyr all Tid. Men det er enno ikkje avrøystat, og Bismarck hev enno ikkje lagt si personlege Vegt inn fyr Saki.
 
Dei utlendske Blad uttalar seg skarpt imot Framlaget. Times skriv, at Rikskansleren hev Bruk fyr heile si aandelege Kraft, um han skal sannprova, at Framlaget kann samstava med eit verklegt parlamentariskt Styre. Standard desshelder, Munnstykkjet fyr den konservative Regjering, tek hardt paa det. Bladet kallar Framlaget ei Valdsakt. Skulde det verta Log av det, vil Raadleggjingarne i det tydske Riksthing ikkje meir kunna vekkja nokor Forvitna hjaa dei civiliserade Folk, og fraa den høge Stellingi aat eit Parlament vilde det siga ned paa Jamhøgd med eit loggjevande Sjukhus. – Etter Telegramm fraa Berlin av 15de Januar hev Thingmannen Heermann av Centrum sett fram Forslag um, at Thinget skal taka ved aa mana Statsregjeringi til aa setja Prøysens Umbod i Sambandsraadet fyre, at dei skal negta Samtykkje til Logframlaget.
 
Frankrike. Krigsministeren Borel hev fenget Avskil; til hans Ettermann er General Gresley utnemnd. Han hev ikkje voret umtalad fyrr; derimot hev det voret Tal um mange andre, deribland General Farre og General Faidherdes; den sidste er namngjeten som Førar fyr Nordheren i Krigen 1870. – Thingi vart opnade den 14de. I Folkkethinget vart Grevy attvald til Formann. Senatet valde Formannsemnet aat Vinstre, Martel, med 153 R. Audiffret-Pasquier fekk berre 81 R. I vigtuge Saker skal Høgre vera meint paa aa lata vera aa røysta, fyrdi det ikkje vil nytta likevel.
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum