Um og fraa den kyrkjelege Partistriden.

 
Um og fraa den kyrkjelege Partistriden.
II.
 (Or eit Brev.)
 
 - Det er huglegt aa sjaa, at ”Fedraheimen” no hev Brevsendingar fraa nærsagt alle Kantar av Landet. Det er godt, at mange – og fleire og fleire – mannar seg upp og prøver aa bruka det ”underlege Maalet”. At der i eit Blad, som so mange skriv i, ender og daa kjem fram underlege Meiningar, er naturlegt nok. Soleids las eg i No. 83 ei Brevsending fraa Sunnmøre, som eg vil faa segja eit Par Ord um. Brevskrivaren er missnøgd med, at her vert skrivet um Prestarne, er det likt til. Men kvi skal Ein ikkje kunna paatala Mistak hjaa Prestarne liksom hjaa andre Folk? Er det kanskje med dei som med Kongarne, at dei er ”heilage” og ”ulastelege”? So vidt eg hev set, vert her ikkje sagt nokot vondt um Prestarne, utan naar Prestarne gjer Ting, som støyter Folks Sans fyr Rettferd og god Skikk, - kannhenda Folks kristelege Sans med. Skal so Folk vera maalbunne, berre fyr di Prestarne er Prestar? Naar ein Prest stend og vigslar Krigen i Jesu Namn, skal me so ikkje hava Lov til – i Guds og Manns Namn – aa protestera? Naar ein Prest læt ein Arming døy utan Sakrament, fyrdi han ikkje vert hentad med Hest; naar det ser ut til, at sjølve Presten hev ”hengt Samvitet paa Veggen,” – hev me daa ikkje Lov til aa segja vaar Meining oglata Presten høyra Sanningi? Naar ein Kapellan negtar ein Gut Konfirmation fyr aa ”mykja” Faer hans, - skal so slike Sogur tigjast ned, fyrdi den Mannen, som her er Syndaren, ber Kappe og Krage? Hev me ikkje nok av ”officiel Lygn” fyrr? og trur Hr. Brevskrivaren, at slik Lygn vil vera god fyr den folkelege Moral? – Naar vaare Prestar, som stundom hender, stend og preikar Politik i Guds Hus, rasar mot vaare Fridomsblad og misbrukar Kristi Namn til Vigsling av visse politiske Dagsmeiningar, - skal me so tigja og tola? Elder naar Prestarne viser seg Uvener mot den veksande folkelege Upplysning – det hender stundom! – skal dei so faa fritt Lov til detta, fyr di dei sit innemed eit Embætte, som skulde vera heilagt? –
 
Eg trur ikkje, at korkje Folket elder Prestarne elder Kristendomen vil hava godt av, at Ein mulebind den offentlege Kritik. Eg fyr min Part er ikkje ”Prestehatar”, langt derifra; det er meg tvertimot tungt, so ofta eg maa segja leide Ting um vaare Prestar; - men det som er sannt, bør ikkje dyljast, og minst her, der det gjeld so store Ting som Folksens Tru og Moral.
 
Dei Menn, som gjev seg ut fyr aa vera Talsmenn fyr Sanningi, lyt fyrst og fremst finna seg i aa standa i Dagsens klaare Ljos med sitt Liv; for den verste Maaten aa verja Sanningi paa er den aa vilja verja henne med Lygn.
S. . . . n.
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum