Notisar

 
Kristiania, den 17de Januar 1879.
 
Vetlehamar 8 Jan. – Vetlehamar er ein liten By, men eg trur ikkje det vil vera rett aa setja ’n upp som Mynster paa ein ”S m a aby”. Tvertimot tor det henda, at her finst ymse Livsmerkje, ymis aandeleg Livsvon, serleg hjaa Ungdomen. Um no detta kjem seg av, at me hev Folkehøgskulen so nære ved, elder det kjem seg av, at Byen i seg sjølv eig meir Aandsmagt enn andre slike, - det kann her vera det same. Me kann gjerna tru det siste, fyr aa ikkje ”saara” nokon av Byens ”Ærværdigheder”. Det gode, som er, kann vera like godt, kor det kjem ifraa.
 
Naar det er aldri so litet aandelegt Liv, er det naturlegt, at det prøver aa samla seg og finna Rom og Uttrykk; so vart her fyr 11-12 Aar sidan av tvo unge Menn upprettat eit ”Samfund”, der me kjem saman, samtalar, syng og dryfter dei Spursmaal, som ligg nærast fyr Haand. Og detta Samfundet hav vakset. Av dei 1500 Innbuar i Byen er 200 med her, og desse tvo hundrad trur eg sjølvsagt er med dei beste. Me hev no eiget Hus og ei Boksamling paa uppimot 1000 Band, - ikkje aa tala um eit haandskrivet Blad. Me held Møte kvar Laurdag; og der vert det jamt av Samfundsmenn haldet Fyredrag, som me fyr det meste sidan samtalar um. Kvinnur som Menn er med. Me hev stor Gleda av detta Samlaget og tykkjest tydeleg merkja, at det verkar til Utvikling og Forædling fyr mange.
 
Paa Vonheim hev dei no gjort ein fyrste Freistnad med aa halda Møte fyr gifte Folk. Eg var der uppe eit Par Dagar og fekk det Inntrykk, at det var godt aa vera der. Møtet var nok godt søkt, og Folk saag ut til aa lika seg.
 
Av det, dei hadde fyr seg, nemner eg: Fyredrag av Bruun yver Soga um Samuel, av Bøhn yver Tidi umkring Luther og av Hansen um Tidi ikring 1814. Dessutan Samtalemøte um Ettermiddagarne.
 
Det fyrste Spursmaalet dei hadde uppe her var Missionen. Det vart sagt, at Hugløysa fyr den kann koma av, at det kristelege Livet er veikt, men og av det, at Ein tykkjer Missionen vert rangt driven. Dei var samde um, at detta var Tilfellet med den aalmenne Missionen vaar. Derimot hadde dei betre Tru paa Santalmissionen og meinte det var naturlegare og samla seg um den. – Ein meinte, at det Arbeidet, som no drivst i Sululandet, ikkje kann haldast fyr annat enn ei ”Rekognoscering” (Fyrehaands-forfaring); naar dei rette Missionærarne eingong kom, vilde det, som no vart gjort, koma væl med og letta Arbeidet fyr dei. – Mot det er der væl Ingen, som kann hava nokot aa segja.
-         e -.
 
Embettes-Utnemning. 11 Jan.: Bureauchef N. G. C. Dunker til Postmeistar i Kristianssand; Stiftskapellan P. V. K. Bøckman til Sokneprest i Skonevik; Kand. J. L. A. Seip til pers. Kapellan hjaa Sokneprest Dahl i Haabøl.
 
Kapt. Prahl, som nyst fekk Avskil, fekk i Etterløn 2400 Krunur, men ikkje Rett til aa bera Kapteinsmundering. Kvat slikt skal smaka av, skynar me ikkje.
 
Bureaukrati. ”Fedrelandet” svarar paa eit Brev, at naar ein Lærar søkjer ein Post og ikkje vedlegg Originalattestar, maa Avskrifti ”bekræftes af attesteringsberettigede Mænd; det er ikke nok, at de bekræftes af en eller anden Kjending”. Torer me spyrja, um Bladet meiner, at Læraren skal ha’ den Utgift aa taka Notarial-Attest paa Avskrifti? Andre ”attesteringsberettigede Mænd” enn Notarius publicus kjenner me ikkje. Me tenkjer det maa vera nog, at tvo vitneføre Menn skriv under Avskrifti til Vissa um, at ho er rett.
 
Heile Bibelen er etter ”Opl. Avis” umsett paa Tyrkisk.
 
I det katholske Frankrik med berre 600,000 Protestantar er ikkje mindre enn 5 av Ministrarne Protestantar.
 
Egteskap i Vien. Dei høyrer upp med aa gifta seg i Vien. I 1877 vart det inngjengjet 3573 færre Egteskap enn i 1870, og i 1878 var det mykje færre Giftarmaal enn i 1877 att. Og av 1000 Menskjur var det i Vien berre 7. 25, som gifte seg i 1878, i Munchen 9. 06, i Paris 9. 07, i Berlin 10. 38.
 
I Paris ligg Kjøt- og Grønttorget paa ein gamal Gravplass. I dei seinste 10 Aar hev dei uppgravet 2 Millionar Beingrinder av dei 4 Mill. Lik, som skal vera jordfeste der. Heileskallar og Ryggkvervilar er uppstellte i arkitektoniske Figurar i Katakombarne, dei kallar. Mange Dyrgriper er funne ved Gravningi.
 
”Gamle Moses,” eit Tre i Kalifornia, som var 4840 Aar gamalt – etter Aarringarne – er nedhogget og selt i San Francisko. Det var innholt ved Roti, og 300 Mann kunde faa Rom i det. Eitannat Tre vart fyr nokre Aar sidan fellt, ogso i Kalifornia, og Stuven brukad til Dansesalsgolv der 16 Par kvæmt kann svinga rundt.
 
Nemndi fyr Holbergsminnesmerkjet i Bergen hev fengjet 2 nye Bilæte, ”Parti fraa Sannviksfjorden ved Kristiania Sumardag” fraa Professor Gude og ”Parti fraa Lister” fraa Landskapsmaalar Ulfsten.
 
Ulukkur. I Evjeskogen i Rygge vart nyleg ein 20 Aar gamal Gut ihelslegjen av eit Tre, som han og Far hans hadde sagat av. – I Thveitskogen i Froland ved Arendal hende det same med ein Hoggar, Jens Hansen. – I Byggland, Sætersdal, umkom ein 12 ½ Aar gamal Gut paa Hamreheidi; han gjekk ut paa Skid og skulde sjaa etter Rjupesnarur. I eit Berg hadde Snjoen losnat og tekjet Guten, som stod nedanfyr, med seg; han fannst Dagen etter djupt ned i Fonni.
 
Tilstadet Mord. I Gjævedal tilstod etter Tvedestrandsbladet ein Mann, Ole Olsen elder Johansen, paa Sottefengi nyleg fyre Jol fyr Presten, at han i 1875 hadde slegjet ihel ein Svenske, August Petterson, og røvat 30 Dalar fraa honom. Liket av Petterson fannst fljotande paa Ubergsvatnet, men Gjerningsmannen var ikkje til aa finna.
 
Grosserar og Bankadministrator, Ritmeistar J. K. Borch, Storthingsmann fraa Dramn, hev set seg nøydd til aa stansa sine Betalingar. Bui skal likvel ha Yverskot.
 
En ”r. t.” i Adressebladet reiknar Professor Fries’ ”Oscar II Reise” til dei ”fortrinlige Skildringer.” Det er ogso ein Smak.
 
 
I Dramn tok dei i eit Hus i Skymingi i Mist av ei Flaska Lud og ei Flaska Øl. 2 Mann drakk av Luti; dei er baade hardla sjuke, og det er Faare fyr Livet aat den eine.
 
Ikkje berre Oskar Dickson men ogso Siberiakov og endaa Eigaren av New-York Herald, Mr. Bennett, vil koma Professor Nordenskiöld til Hjelp til Vaaren.
 
Paa like stort Rom liver paa Island 2 Menneskjur, Noreg 7, Sverik 15, Spania 64, Tydskland 127, England og Frankrik 153, Øyi Malta 1133, Kina 1470.
 
Den nye Paven (fyrr Kardinal-Erkebisp Joachim Pecci) vart utnemnd til Kardinal 19 Decbr. 1853. Daa hans Formann i Embættet som Kardinal-Kämmerer var daaen, slo Pecci etter gamal Skikk honom paa Panna med ein Sylvhamar og sa’: ”han er verkeleg daaen!” Slikt Gjøn fær dei enno med i det 19de Aarhundrad.
 
Bygdemaal i Bygdeskulen. I Thime paa Jadren vart det haldet eit Lærarmøte den 29de og 30de Decbr. Det frammøtte Lærarar fraa Jadren og Stavanger og mange Andre. I Spurs- maalet um Bygdemaal i Skulen vedtok Forsamlingi samrøystes denne Resolution: ”I full Vedkjenning av Folkets Rett til aa faa Borni sine underviste i deira eiget Maal uttalar Forsamlingi sin Takk til dei Storthingsmenn, som hev gjevet Støyten til, at denne Saki hev komet aalvorleg paa Tale, og sin Samhug med den Tanke, som ligg til Grunn fyr deira Forslag.” Fleire Bønder uttalad seg med Varme i same Stemne.
 
Frihandel. Professor Schweigaard hev fyrr voret ”Morgenbladets” Avgud og vert det vel ogso framleides, naar det høver. Han er den Mannen, som hev uttalat seg med det Varmaste fyr Frihandel og mot Toll paa Manufakturvarar. Men no er han ikkje lenger i Velten. Dei reaktionære Blad - deribland ”Morgenbladet” – og bakstrævande Folk tek til aa røyva paa seg fyr aa faa innførd ny Toll til Vernd fyr den innlandske Industri (Beskyttelsestold). Paa Hamar var det nyleg eit Møte um detta. Dei hev lært av Bismarck, maa vita.
 
Bisparne i Belgia hev nyst sendt ut eit Hyrdingbrev, som bed Folk gjeva Gaum etter dei Faarar, som Undervisningi i verdslege Kunstkapsemne dreg etter seg fyr Kyrkja. Det er fast Tru bland Prestar, helst katholske, men ogso ymse protestantiske, at Kyrkja ikkje trivst bland upplyste Folk. Kvar hev dei no det ifraa?
 
”Almuevennen” skriv, at den Tanke, L. T. hev framsett i ”Morgenbladet” um aa upptaka ”Politik” til Utgreiding fraa Preikestolarne – ”kan ikke undfanges uden i en forskruet Hjerne”. ”Ikkje alle Prestar er Vismenn,” segjer Hr. Johnsen.
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum