Namneretting.

 
Faakunna og Smakløysa har lagat mange meiningslause Namn. Men hev me, som hev fenget slike, Rett til aa brjota paa dei, so dei vert norske, naar detta kan gjerast med ein Bokstav elder tvo? Kann det kallast Knoting, honnet Ambition i Maalvegen? Er det Teikn paa, at me ikkje agtar Foreldri vaare rett? Er det like gjeldande paa Pantebrev og slikt som det gamle smaklause Namnet mitt? Eg vil ikkje hava elder krevja store Umbrøytingar; men kann eg kalla meg Audm, naar Presten hev kristnat meg Auen, Eiliv istadenfyre Ellef, Einar fyre Ener, Eyvind fyre Even Olav elder Olaf fyre Ole o. s. fr.?
 
Kann eg ikkje faa brøyta litet paa Namnet mitt utan Skam, so vil eg ikkje gjera det; men gjeng det i alle Maatar væl an, so vil baade eg og fleire gjera det.
 
”Fedraheimen” vil eg beda um aa skriva nokre Linur um detta og helst snart.
 O. H.
 
Det kann etter vaar Meining ikkje vera annat enn godt, at Ein skriv sitt Namn paa rettaste Maaten; det er ingen Grunn til aa bruka Fuskeformer og galne Former, fyr di um vaare Foreldre og Presten, som døypte oss – ikkje visste betre. Ein annan Ting er det, um slike rettade Former er rettsleg gode. I Rettsbrev o. d. maa nok Namnet skrivast bokstavret, som det stend i Daapsboki, med mindre Ein søkjer um aa faa den nye Formi godkjend. – Men det burde Ein gjera. Den vanlege norske Vanvyrding av Namn er barbarisk, og denne Ovrædsla fyr ”honnet Ambition” er Snerpeskap.
 Bldst.
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum