I Strid.

 
Ei Stjerna sloknad, Voni gjekk,
no sit eg paa den berre Haug,
det myrknar sterkt, imot meg stig
med Glam baad’ Gast og Draug.
 
Men Guten, som hev Kross paa Brjost,
han ottast inkje Myrkret han,
han Tunga bit, til det verd ljost,
og kjenner han er Mann.
 
Endaa er Haaret inkje graatt,
endaa eg Sinar hev og Merg,
endaa skal inkje Dagsens Prat
meg skræma til ein Dverg.
 
Endaa eg stemner fram, ja fram
paa Vegen full av Aur og Stein,
paa Viddi fri i Dikt eg flyg
meir skjott enn fljotast Rein.
 
Og rik eg er – eit Samvit godt
det er mot Kyld det vermste Skrud,
og Heimen min, so hev eg deg,
og deg velsigner Gud.
 
Kristofer Janson.
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum