I Oplandenes Avis skriv Mange til Bjørnstjerne Bjørnson

 
I ”Oplandenes Avis” skriv ”Mange” til Bjørnstjerne Bjørnson: ”I No. 102 av ”Opl. Avis” skriv De, at me i arbeidet fyr upplysning og daning må få Husmannen upp i jambreidd med Bonden, um det so skal kosta både ”tarveligheden og Nationaldragten, ja lidt af målet med.” – Me skynar ikkje godt, kvat De meiner med desse siste ordi: um det skulde vera umoglegt å få husmannen med, utan han må gjeva upp nokot av målet. Var ikkje det då det same som å gjeva upp sjæli både hjå husmannen og oss sjølve? Vilde det ikkje vere det same som å brjota ned alle spiror til personlegheit og vera mykje verre held det galne i å vilja gjera a l l e til personlegheiter? Eit norskt folk, som hev tapt si personlegheit – seg sjølv – i daningsstrævet: detta tragi-komiske er det, me målstrævarar vil prøva å arbeida imot. – Og De vil difyr vera so god å segja oss, kvat De meinte med dei ordi, og kor De stend i denne saki?!”
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum