Eit namnlaust Folk.

 
(Framhald fraa No. 3.)
 
Det var langt ifraa det, at dei gamle Nordmennerne totte nokot fælt gildt um Danskarne, og endaa mindre totte dei Danskarne var i nokon Maate av eit gjævare Slag. Men endaa kallad dei tidom det gamle Maalet fyr ”dansk Tunga”, i Staden fyr ”Norrøna” (det vil segja Norsk). Dei sagde, at Olav Tryggvason talade den danske Tunga. No kann det gjerne vera, at dei med Dansk her meiner det same som Norsk, Svensk og Dansk under eitt, men endaa er det nokot underlegt i det. Det er liksom me inkje fær freda vaart gamle Maal som norsk Eigedom, dessmeir. Hadde Fedrarne vaare visst, kor myket Magt det ligg paa eit Namn, hadde dei knapt brukat Namnet ”dansk Tunga.” Daa Norig vart eit Lydrike, kom Namnet ”Norrøna” snart i Gløymeboki, og det gamle Maalet vaart vart kallat ”Islandsk” elder ”Oldnordisk”, og so heiter det den Dag idag alle Stader, so nær som her i Norig; me kallar det Gamall-Norsk, forstend seg, men det munar inkje stort kvat Namnlausingen segjer, han som er so mykje klokare enn andre, at han veit, at eit Namn er ein Smaating.
 
Nordmennerne hev stødt havt litet Sans fyr aa halda paa Namnet. I 1808 var Kjærleiken til Fedralandet meir uppe enn han hadde voret paa mest 100 Aar, og Tanken paa Sjølvstende var sterk. Nordmennerne hadde sleget Svensken i fleire Slag, og General Armfelt fekk Bod um, at han skulde draga seg ut or Norig. Detta vart daa fortalt i ”Budstikken” No. 26, og so stend det: ”Norge aander friere, dets Helte, som saa hæderligen hævde Fædrelandets Frihed, Uafhængighed og vor gode Sag, nyde deres Idrætters Løn. Udgiveren iler at bekjendtgjøre denne vigtige Tidende, og i Morgen ville vi Alle, Medborgere, ile til Templet og takke ham den
 
Almægtige Hærenes Herre
For Danmarks Seier og Ære,
 
og med taknemmelige Hjerter anraabe ham fremdeles om at hævde os disse, og bevare Kongen og Fædrelandet.”
 
Kvat er det fyr eit Fedraland ”Budstikken” meiner, er det Norig elder Danmark? Ein skulde tru, at det er Danmark, for det var Danmarks ”Seier og Ære”, at Nordmennerne vann ved Toverud og paa Blaamyra, og det er ”disse” (dvs. Danmarks Seier og Ære), som me skal beda den allmegtige um aa ”hævde”. Noreg er etter detta inkje eit Fedraland, men eit ”geografisk Begreb” berre.
 
Det er just den same Tanken, naar norske Bønder i 1878 helsar paa Krunprinsen sin som svensk Krunprins.
 
Ja so er det; me er fødde med Sadel paa Ryggen, og so finst det nok dei, som vil rida.
 
Ein Sjømann fortalde meg her ein Dagen, at han hadde addresserat eit Brev ”til den svensk-norske Konsulen” i N. Kvifyr set du inkje norsk-svensk, sagde eg. ”Nei, me tore inkje.”
 
Og endaa skal Nordmennerne faa høyra Vondord, fyr di dei er so prippne til aa halda paa sitt! Nei, me er nok inkje prippne, dessverre 1), men Folk forargast, naar dei ender og daa ser Namnlausingen vil laast fara aat liksom andre.
 
Ja det er inkje stor Vyrdnaden me kann venta oss. ”Kvat Landsmann er De”, spyrr ein Fransmann.
 
”Nordmann.”
”Nordmennerne stend under den svenske Kongen, veit eg?”
”Nei, me er eit sjølvstendigt Folk, sambundet med Sverik under ein Konge.”
Fransmannen lær godslegt, og so spyrr han:
”Kvat Maalføre talar De i Norig?”
”Dansk.”
”So, Nordmennerne er eit ”sjølvstendigt” Folk under den svenske Kongen og talar Dansk.”
 
Det er alt det Utlendingen veit um oss. Og det er litet, er det, og kleint er det litle, dei veit. Kjem du til Utlandet, vil du tidt skjemmast som ein Hund, fyr di du høyrer til eit namnlaust Folk, og mangein Nordmann kunne vera freistad til aa gjeva seg ut fyr Svensk og Dansk (inkje i Sjøbyar, forstend seg), for daa slepp dei fyr meir Yverhøyring. Det er just som med Turistarne her heime, naar dei kjem paa Bondebygdi, og Fjellbonden spyrr kvat dei driv paa, so svarar dei tidt ”Prestlæra,” fyr det er nokot Fjellbonden veit kvat er. Men segjer du, at du studerar Mineralogi elder Filologi, so lyt han spyrja etter kvat det er, og held deg inkje fyr aa vera nokot til Kar.
 
Er du heime all di Tid og sit ”paa di Tuva trygg,” so kann det vera det same fyr deg, um du høyrer til eit namnkjent Folk elder inkje. Men kjem du ut, skal du sjaa nokot annat. Du ser inkje slik Medhug og Godvilje, som du tykkjest hava Rett til aa venta. Soleids er det med kvar einskild Mann, og soleids kann det verta med heile Folket. Kjem det danske Folket i Naud, vil Folkemeiningi i Europa stydja det vesle Danmark med sitt store Aandsliv og sin ”selvbevidste” Nationalitet. Kjem det svenske Folket i Naud, vil mange tykkja det er ei Skam aa lata Gustav Adolf og Karl den Tolvte sitt Folk ganga under. Men kven skulde vilja bera upp Handi til aa hjelpa eit namnlaust Folk?
 
Det er vel knapt nokot Folk, som hev betalt dyrare Lærepengar fyr si politiske Tykkjeløysa enn vaart. Daa Noreg vart eit Lydrike under Danmark, og Reformationen vart innførd, let Kongen Kloster- og Bispegodset tilfalla den danske Rikskassa, og Danskarne tok Gull og Sylv og røvade fraa Kyrkjur og Kloster og førde det til Danmark. Fraa Domkyrkja i Throndheim førde dei burt alt det, som fanst av Eignaluter, paa 2 Skip. Det eine sokk ved Agdenes, og Sjørøvarar tok det andre. Danskarne snøydde so reint av, at mange Stader vantade dei sidan Kyrkje-Kar til Sakramenti, og Kyrkjurne vart i mange Bygder so forfallne, at Aalmugen høyrde inkje Gudstenesta so langt Aaret var, og kunne inkje faa døypt Borni sine. Myket av det Godset, som den danske Rikskassa fekk no, vart brukat til aa hjelpa upp det danske Universitetet og dei danske Latinskularne. Dei norske Latinskularne, som fyr hadde havt sit Upphelde av det geistlege Godset, kom no paa berre Bakken og fekk mest ingenting; nokot Universitet hadde me inkje. Paa denne Maaten vart det reint jammerlegt med Kunnskap og Upplysning, og det var reint faa, som fekk til Upplæring, at dei kunde lesa til Prest i Utlandet. Danske Prestar vilde inkje gjerne hitupp, so etter kvart som dei katolske Prestarne døydde ut, vart det Presteløysa mange Stader, og dei Prestarne, som dei fekk, var reint ulærde Folk, som ofta drakk og slost og flaadde Aalmugen, naar dei kunde sleppa til. Attaat alt detta preikade dei paa Dansk, som Aalmugen inkje hadde godt fyr aa skyna. Paa denne Maaten fekk Folket ingi Upplæring, og den gamle Trui hekk lenge i, elder rettare, det vonde og laake i den gamle Trui, Ovtrui, hekk i, dei fleste Staderne 100 Aar elder lenger. I denne Millomtidi, til den nye Trui vann seg fram, var Folket villare og verre, enn det hadde voret, fraa di Landet vart kristnat. Det svivyrde dei lutherske Prestarne; mange Stader kom Aalmugen full i Kyrkja, let vera aa døypa Borni og giftade seg utan aa bry seg um Prest elder Kyrkja. Mange Prestar vart ihelslegne elder burtjagade. Den fyrste Tidi etter Reformationen var ei rein Villmannstid, og Folket vart sett mange Aar tilbake i Kultur, og det er inkje for myket aa segja, at det ber Merke etter det den Dag i Dag. Men i Danmark blømde det no eit rikt Aandsliv, fyr ein stor Part fyr norske Pengar.
 
Paa denne Tidi misste me alt, som minnte um gamall Stordom og. 1531 reiv den danske Lensherren Eske Bilde ned Domkyrkja i Bergen, daa ho stod i Vegen fyr Bergenhus. Daa kom alle Kongegrefterne, som var der, burt, og ingen veit no, kor Sverre og Haakon den gamle ligg. Domkyrkja i Throndheim vart øydelagd ved Lauseld same Aaret. Under 7-Aars-Ufreden brukade Svensken Domkyrkja til Stall og førde med seg Liket hans Olav den heilage, men daa dei vart kjeide av aa dragsa paa Liket, sette dei det fraa seg, og Nordmennerne førde det attende og grov det ned i Kyrkja, men sidan gløymde dei, kor dei hadde gravet det ned. I same Ufreden brende Svensken Domkyrkja paa Hamar. 1624 brann Domkyrkja i Oslo; der laag Sigurd Jorsalafar og fleire Kongar. Ingen veit no, kor det vart av Liki. Detta vil vera ein æveleg Skamflekk paa oss. Det vilde vera den største Daarskapen, um me vilde harmast paa Dansken elder Svensken fyr detta, det var ingen andre, som var Skuldi, enn Nordmennerne sjølve. Hadde Dansken (elder Svensken) viljat taka nokot fraa Nordmennerne, som Nordmennerne totte var verdt aa verja, hadde dei inkje komet so langt med ”tvo Skutur elder 300 Mann.” Men Dansken visste godt, at Nordmennerne var eit ”sindigt” Folk, som inkje lett ”gjorde sig skyldig i Overdrivelser” elder lagde ”utidig Vægt paa Smaating,” med andre Ord, at det var eit Folk, som dei kunne spenna fyr Kjerra. So lenge som til Reformationen hadde Nordmennerne leset, og truleg avskrivet og, dei gamall-norske Bøkerne, og der var mange Handskrifter i Norig. Dei danske Embættesmennerne øydelagde dei fleste; dei tok Brædet og lagde sine eigne Reikneskapar i, og heile Innhaldet slengde dei burt. Arne Magnusson fekk ein heil Brote Handskrifter fraa Norig til si Samling. Han gav skriftlegt Bevis fyr, at han hadde laant dei, og desse Bevis er endaa til, men Handskrifterne kjem vel aldri hit meir. Og det er inkje til aa undrast paa. Det er inkje ventande, at nokon skal gjera oss Rett og Skjel.
(Meir.)
 
1)      Baade i ”Dagbladet” og i ”Fedraheimen” ser eg tidt det stend svensk-norsk i Smaa-Notisarne. Eg trur det var betre, at Bladi vaare hadde nokot meir Tilsyn med slikt, som snikjer seg umkring i Myrkret og gneg paa Røterne av Fridoms-Treet.
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum