Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
VIII.
 
 (Framhald.)
 
Han kom fraa Paris: han hadde lært aa sjaa paa Kvinna som paa eit Leikverk; no hadde han havt Moro av fyr ein Gongs Skuld aa gjera Kur til den stakkars Prestedotteri paa Landet. Aa kor desse Tankarne skar og sveid. Det var so dei brann fyr Bringa. Og ho kunde ikkje koma fraa dei. Ho gjekk og reiv seg upp med dei allstødt; det var som ho hadde sitt Liv i denne Sjølvpining. Den einaste Kvild, ho hadde, var naar ho fekk graata. Ho var i Grunnen paa god Veg til aa sleppa Vitet av Sorg.
 
Ein Dag hadde ho so nær misst det av Gleda. Hans kom stingande med eit Brev til henne; det var fraa Hauk. ”Eit einaste Ord, Frøken,” stod der, - ”orsaka at eg er so djerv; men De skal vita det. Det er ikkje eg, som hev skrivet det Brevet i ”Framgang” um Prestarne og Politikken. Eg veit visst, at der hev voret dei, som hev sagt Dykk, at det var eg; men eg toler ikkje, at De trur detta um meg, og difyr skriv eg detta.” Brevet var ikkje lenger. Men likevæl vart ho so ør av Gleda, at ho i den Ørska flaug like inn til Faer sin paa Kontoret og ropad i full Jubel: ”det e r ikkje han, Faer! det e r ikkje han -!” Presten skvatt upp og stirde handfallen paa henne. Daa kom ho til seg att, hugsad, kor ho var, hugsad, at ho stod der med Brevet i Haandi, hugsad, kvat Faer hennar maatte tenkja um henne . . . vart raud som Blod og sprang sin Veg. ”Men -, Ragna!” ropad Presten. Ho høyrde ikkje, flaug, flaug som ein Tjuv, ende til Skogs, og kom ikkje heim att fyrr langt ut paa Kvelden.
 
 
 IX.
 
Det var ein som hadde lagt Merkje til, at ikkje alt var som det skulde vera med Ragna no i seinste Bilet, og det var Balle. Han hadde likat Ragna, for ho var fager og saag ut til aa vera vitug og god, og han hadde so ymist tenkt paa aa gifta seg med henne. Men no saag han væl, at ho var forandrad, og han tottest ikkje tvila um, kvat det var, som var komet i Vegjen. Det var greidt at det var Hauk, som hadde tryllt den stakkars Vækja. Hauk, Fritenkjaren, Samfundsrivaren; Hauk, den gudlause, kaldkloke Spottaren. Men var det so, daa galdt det i Sanning um aa verja den stakkars Ungmøyi, fyrr det vart for seint. ”Det fær ganga som det kann med m e g,” tenkte Kapellanen; ”men ho maa ikkje øydeleggjast. Ho maa rivast ut or den Vondes Klo, rett som ein Brand utor Elden.” Han kjende seg sterk og rein i denne Tanken og strauk strakst av Garde fyr aa tala med Presten.
 
Han kom same Dagen som Ragna hadde fenget Hauks Brev. Han gjekk inn paa Kontoret. Der fann han Presten, drivande att og fram paa Golvet, med Uro og Sorg i alt sitt Lag. Hans var inne; han sat med eit Brev i Haandi og saag ut som han hadde fenget Skjend. ”Goddag,” sagde Balle. ”Aa Goddag, Goddag,” svarad Presten. Her er nokot tids, tenkte Balle. ”Sjaa og finn Sæte,” sagde Presten; dei sette seg.
 
Hans vilde ut. ”Ver inne,” sagde Balle.
”Det var sumt, eg vilde snakka um.” Hans sette seg. Presten stirde uroleg paa Kapellanen.
 
”Hev De lagt Merkje til Frøken Ragna i seinare Tid?” tok Kapellanen i med stort Aalvor. Det var liksom Presten vart endaa kvitare. ”Hev han og teket den Tanken?” sukkad han. – ”Ho er forandrad,” sagde Kapellanen. ”Finn De det?” spurde Presten. ”Ja. Ho er uroleg; ho bleiknar; ho gjeng allstødt liksom i Draumar. Ho var ikkje slik fyrr.” Presten tagde. ”Han hev set gløggare etter enn eg,” tenkte han, halvt i Mismod, halvt i Undring. Balle heldt fram: ”Um eg ikkje tek imist, so er detta Umskiftet komet paa no nyst?” Daa Presten tagde, vende Kapellanen seg til Hans. ”Hr. Kapellan,” sagde denne, ”eg visste ikkje, at De høyrde til Huset.” ”Grunnen til at eg spyr so fritt,” sagde Balle, ”er ingen personleg. Men det maa eg segja, at er det som eg tenkjer, so vilde den Dagen, daa Hr. Eks-Theolog Hauk steig inn her, vera ein dubbelt usæl Dag fyr denne Garden.” Kapellanen saag strengt paa Hans.
 
 ”Hev De Grunnar fyr den Mistanken?” spurde Hans nokot ustødt. ” Veit De verkeleg ikkje det, at han er Fritenkjar?” svarad Balle hardt. ”Nei,” sagde Hans. – ”Daa er De saklaus – i so Maate. Men De burde visst det.” – ”Det var ikkje so godt aa vita,” meinte Hans. ”Hm,” sagde Kapellanen; ”gjeng han f. Eks. i Kyrkja?” – ”Nei, det er sannt; men -.” ”Talar han annat enn vondt um oss Prestarne?” – ”Sjeldan; men . . . Eg tenkte det kom seg av, at han hadde liksom eit høgare Syn paa desse Ting” . . . ”Ja, ser De, me skal agta oss fyr desse Folk, som hev slikt eit ’høgare Syn’”, sagde Kapellanen og drog paa Munnen. ”Kristendomen krev Einfald, den; ’de maa verta som Borni!’ segjer Frelsaren, og ein annan Stad: ’Sanningi er opendagad fyr dei Umyndige, men løynd fyr dei Vise.’ Er det ein, som hev det med ’høgare Syn’, so segjer eg: lat oss agta oss!” – Hans saag ut som han gav seg fyr ein sterk Logik. ”Eg hev voret tankelaus”, sagde han; ”eg skal agta meg betre heretter.” ”De kann takka Gud, for De er sloppen fraa den Karen,” svarad Balle mildt, ”for eg kunde godt høyra, at De i ymse Maatar var fengd av Tankarne hans.” ”Eg leikad med Elden,” svarad Hans angrande. –
 
Den Gamle saag upp og gav Son sin eit kjærlegt Augnekast. So sagde han mildt: ”Eg tenkjer med Guds Hjelp, at me skal sleppa fraa den Karen alle. Kor galet det enn kann sjaa ut med Ragna, - eg trur daa ikkje ho hev voret so ør.” – “Aa,” sagde Kapellanen, “ ho er saklaus, um so var; for ho veit ingenting. Dessutan skal me minnast, at Hr. Hauk er Kurtisør . . . det maa vera ei smal Sak fyr honom, som hev lært sine Kunster i den lettferdige Paris-Salongen, aa daara slik ei ærleg og godtrui ung Møy, som Ragna enno Gudskjelov er. Og Samvitet tyngjer no væl ikkje ein slik, naar han fyrst hev sleppt sin Gud . . . Men me, som kjenner Ormen, me fær freista aa berga den stakkars vesle Fuglen, som han med sine sleipe Augo held paa aa trolla ned i sitt opne Gap.”
 
Presten var komen upp i den same Uro att; han stod upp og gjekk paa Golvet. ”Ja – ja,” sagde han, ”er det so, so m a a ho bergast. Enno er det med Guds Hjelp tids nok. Eg vil tala til henne. Eg vil segja henne alt. Du, Hans, lyt hjelpa til, og Moer di like eins . . . Dessutan, Ragna er so god ei Dotter, at ho gjer os ikkje ei slik Sorg. Ho veit, at etter det som no er hendt... Ja, eg er trygg fyr Ragna.” Han gjekkGolvet att og fram i stor Uro.
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum