Det er aalmenn Folketru baade her i Landet og i Utlandet

 
Det er aalmenn Folketru baade her i Landet og i Utlandet, at det fell minnst Regn, naar Maanen er ny elder i vaksande. ”Naar me fær Nytt (dvs. ny Maane), vert det godt Vedr”, segjer Folk. Men so er det likvel ikkje. Astronomen H.Streintzhev uppskrivet Regnnæterne i Greenwich (England) fyr dei siste 26 Aar; det kom 385 paa Nymaane, 351 paa fyrste Kvarter. 356 paa Fullmaane og 369 paa siste Kvarter. Her er det fleire Regnnæter i Vaksande (736) enn i Tverrande (725). Og det er ikkje berre i det regnfulle England, Ein kann gjera slike Røynslur. I Sudtydskland hev AstronomenSchüblerhaldet Reikning med Regnnæterne i 28 Aar og fengjet mest likso mange i Vaksande (876) som i Tverrande (889). I England kom det minnst Regn paa fyrste Kvarter og Fullmaane, mest paa Nymaane og siste Kvarter, i Tydskland minnst paa siste Kvarter (426) og Ny (429), mest paa Fullmaane (483) og fyrste Kvarter (429).
 

 

Frå Fedraheimen 18.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum