Utlandet.

 
Frankrike . Det hev voret Tale um, at Dufaures Ministerium skulde ganga ifraa etter Senatsvali. Men no er det fortalt, at Gambetta og dei andre Førararne fyr Vinstre skal vera samde um aa halda det uppe. Dei vil ikkje krevja, at Krigsministeren Borel skal ganga, desshelder, naar han berre vil reinska ut dei endeframme Motstandarar av Republiken, som enno sit inne med vigtuge Embætte i Krigsministeriet. Det hev voret sagt, at Léon Say skulde vilja stiga ut fyr aa verta Direktør fyr den franske Bank; det er ein Post, som er ovleg vel lønt. Utgangen paa Senatsvali er den, at det er valt 66 Republikanerar og 16 Monarkistar, tilsammen 82. Fristyreflokken veks soleids fraa 128 til 170. – Det hev komet upp eit Tvistemaal millom Frankrike og Tunis, som hev vortet so aalvorslegt, at den franske Utriksminister skal ha teket den Raadi og senda Beyen eit Ultimatum. Det er eigenleg eit Stod (Stutteri) som er Orsaki til Striden.
 
Danmark, Ved Brudlaupet aat Prinsessa Thyra og Hertugen av Cumberland vart det millom andre motteket og vel fagnat eit ”welsisk” Sendelag, d. v. s. nokre Medlemer av det hannoveranske Riddarstand, som bar fram Helsing fraa seg og sine Standsfelagar til Hertugen fyrskuld Giftarmaalet, og som ventande var, nyttad dei daa ogso Høvet til aa koma med eitkvart Uttalet, som var serleg ”welsiskt”, altso paa ein Maate riksfiendlegt. Dette hev vortet ille uppteket i Tyskland, og det hev voret fælt til Skriving baade i dei tydske og danske Blad um Saki. – Arme- og Marineministeren Dreyer hev fengjet Avskil. Ministeriet hev no vortet kløyvt i tvo, og Armestyret er gjevet til General V. Kaufmann, Marinestyret til Komandør og Folkethingsmann Ravn; baade tvo skal vera duglege og tydlege Folk; den fyrste høyrer til Godseigarflokken, den sidste til dei Nationalliberale.
 

 

Frå Fedraheimen 11.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum