Nye Bøker.

 
Folke-Eventyr; uppskrivne i Sandeherad. Fortalde paa Landsmaal ved Kristofer Janson. Med Utgreidingar og Upplysningar av J. Moltke Moe. Kristiania. Det Norske Samlag. 1878.
 
Det er merkjelegt, at det enno kann liva so mykje att av ”Folkepoesien” i ei Bygd som Sandeherad. Og det er godt, at det vert uppskrivet, endaa um Grunntoet og Grunntankarne kann vera kjende fraa fyrr. Nokot nytt og forvitnelegt kjem
 
 Repeal-Selskabet (eit Samlag fyr aa gjera Irland sjølvstendigt), som vare prydede med Navnene paa Irernes vigtigste Nationaltriumpher saavelsom med Billeder af Seirherrerne, stod Slaget ved Clontarf og Brian Boroimha’s Billede øverst” (Worsaae, Minder). O’Connel gav seg jamvæl ut fyr ein Etterkomar av Kong Brian og tilstemnde eit stort Folkemøte paa Clontarf-Sletta. Men Styringi forbaud Møtet.
 
altid fram. I denne Samlingi er der ymist, som hev Verd, og Kristofer Janson hev fortalt Eventyri so godt, at dei vil verta lesne med Hugnad av alle, som hev Sans fyr den folkelege Dikting.
 
Det mest Forvitnelege i denne Boki er J. Moltke Moe’s ”Utgreidingar og Upplysningar.” Det, som her er aa finna, vil fyr dei fleste vera reint nytt. Den vitenskaplege Gransking av Eventyri er her i Landet so litet framkomi og so litet kjend, at det i Grunnen er faae som veit av, at Folkepoesien kann hava Verd fyr Vitenskapen og den aalvorlege Gransking. Dei fleste held Folkediktingarne fyr gamalt Vas, som ikkje er gagnlegt til nokon Ting; andre mener, at dei kann vera væl nok til Moro i ei ledig Stund, naar Ein ikkje veit annat aa finna paa, og so er det Ein og annan som skynar, at dei iallfall kann hava Verd i Uppfostringsarbeidet, naar dei vert brukad med Maate og med Vit. Den, som no vil lesa Hr. Moes Utgreidingar, han vil snart faa ei Meining um, at Folkediktingarne hev ei djupare og større Tydning.
 
Moe hev hellest her havt eit vandesamt Arbeid. Litet Rom hev han havt, og det verste er, at han hev voret nøydd til aa vera paa ein Gong vitenskapleg og populær – den vandaste Uppgaava, ein Mann kann verta fyresett. Av desse Grunnar hev han oftare maatt lagt fram Meiningar og Gissingar utan Prov, og sumt av det, han soleids set fram, vil difyr ikkje sjeldan sjaa vaaglegt, ja djervt ut, iallfall fyr den, som ikkje er so kjend i desse Ting, at han sjølv kann finna fram Grunnar og Samanheng. Umvendt inneheld Utgreidingarne sumt, som berre er fyr Vitenskapsmannen. Men med alt detta inneheld Utgreidingarne so mykje, som Alle kan lesa med Nytte, at Ein storleg maa takka Hr. Moe fyr detta Arbeidet hans, som tydeleg vitnar, ikkje berre um trottugt Arbeid og uvanleg Kunnskap, men og um store vitenskaplege Gaavur. Me kann ikkje tvila paa, at Hr. Moe – som enno er ein reint ung Mann – paa ein framifraa Maate kjem til aa bera fram det store og rike Arbeid, som Faer hans, no-verande Biskop Jørgen Moe, i sine yngre Dagar tok upp, og han skal vera so mykje meir vælkomen paa denne Arbeidsmark, fyrdi han er ein Mann med f u l l t Syn fyr det Nationale.
 
 
II. Kvæe av Jørund og Sigurd Telnes.
Kristiania. Det Norske Samlag. 1878.
 
Jørund Telnes er alt so kjend som Diktar, at me ikkje tarv fortelja Folk, at Kvædi hans erverde aa lesa. Fleire av dei, han gjev oss her, finn me endaa framifraa. Sigurd Telnes, Broeren, er derimot ny Mann; men me trur Folk vil finna, at han og er av dei, som det løner seg aa verta kjend med. Me set inn eit Par Dikt til Prøve.
 
 G u r o (av Jørund Telnes).
 
Skulle du bare Jenta mi sjaa!
Daa skull’ du sjaa ei Blenkje:
Helst naar ho heve Sylgjunne paa:
”Gutann kann ho lære tenkje”.
Eg blei so gla aa hoppande gla,
Daa eg den fyrste Gaangji fekk Ja,
Stuppa aa datt
Aa uppatte spratt
Aa rende mot Smiuveggjen.
 
Frisk som ein Blom, aa lett der ho gjeng,
Liksom ei Hjul paa Rokkjen,
Rak som ein Tein paa Vokster aa Sleng,
Kjenner eg ho i Flokkjen.
Skulle du sjaa ho dansa ein Dans,
Trur eg no mest du miste din Sans.
Du datt no vel ne,
Naar lokkans paa Fe
Fram ho kom i Soli.
 
Guro æ ei som Rokkjen kann traa,
Aa Riva gjeng som i Stroumen.
D’æ so d’æ heilt forunderleg sjaa
Dei Rosur ho set i Soumen.
Flink i sit Stell:
Fraa Moro te Kvell
Skeilagje gjeng i Smell aa i Smell.
So fine Sokkebaand
Ho gav meg i mi Haand, -
Daa saag eg ho ha fulle Kista.
 
Her uppaa Hougjen va me ein Kvell;
Der ha’ me Leik aa Gama.
Eg saag noko eg, du veit dæ ’kje hell –
Aa dæ kann daa bli dæ sama:
Per han tok Guro upp i eit Jag,
Daa maa du tru han blei paa eit Lag;
Guro lout læ,
Ho bøygde seg ne
Aa saag burtpaa meg mæ sama.
 
 
 
Spilemannen (av Sigurd Telnes.)
 
Naar eg paa sjavemeg tek te tvela,
Eg stiller Strengjen paa Haringfela.
Um Hjarta bankar i tunge Slag,
Dæ stillnar av fe gvort Bogadrag.
 
Naar eg æ plaga av tunge Tankar,
Som tyngjer Hugen som Torebankar,
Eg Kivlemøyann paa Strengjen slær, -
Ei Byr fraa Bringa gvor Tone ber.
 
Eg lærde Slaatten daa eg var liten,
Naar Far han spila, eg sat forviten:
Si glae Stund aa si tunge Sut
Mæ taarutt Ouga han spila ut.
 
I Haringslaatten æ skrivi Sogo
Um gamle Fedrar i Ljaarestogo.
Dæ friske, trufaste hjarteslag
Ligg att i Slaatten den Dag i Dag.
 

 

Frå Fedraheimen 11.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum