Kristiania, den 10de Januar 1879.

 
Kristofer Bruun skriv mykje i Avisur i det siste Bilet. Han hev skrivet i ”Aftenbladet” (mot Hr. Hartvig Lassen), i ”Morgenbladet”, og i ”Luthersk Kirketidende”, og no skriv han i ”Dagbladet” mot den Bokdomaren, som gjenomgjekk Boki hans der. Det er Von um, at alle desse Bladstykki kjem ut i Bok.
 
Arbeidsløysa. Mange Blad uttalar seg med Misnøgje yver, at Regjeringi har tekjet den Raad aa avminka den offentlege Arbeidsdrift i denne Tid, daa Einskildmannen hev so yverhands vondt fyr aa hjelpa Arbeidaren. ”Kristianssands Stifts- avis” meiner, at no var nettupp Tidi til aa driva paa med Jarnvegsbyggjingi, daa baade Arbeidsløni er laag og Vyrkjet stend i framifraa billeg Pris. ”Bergens Tidende” segjer, at det ikkje vilde vera nokot aa segja paa den Raad, Finants-Dept. og Indre-Dept. hev tekjet, dersom Straffi raamad den elder dei Skylduge. Men det gjer ho ikkje. Arbeidsløysa, som alt fyrr er for stor, vert no enno større til Skade baade fyr Samfundet og Einskildmannen.
 
Landets eldste Underofficer, Stykkjunker Hans Jakob Grønn i Kristianssand, gjekk ut or Hertenesta den 31e Decbr.; han hev tent i 59 Aar og er no 77 Aar gamal.
 
Fiske. Nott til Maandag skal dei ha gjort godt Sildefiske i Dynekilen. Ved Strømstad (Sverik) tok dei upp 600 Tunnur Sild Nott til 31de Decbr. Til Gøteborg kom den 6te og 7de Jan. ikring 2000 Tunnur Sild. Men ho er, som Fjorsildi, mager og ubrukeleg til Nedsalting. Fersk er ho derimot god. Vetrvedret med Maaneskinsnæter skal likvel no ha jaget Sildi ut paa djupt Vatn.
 
Samlaget til aa klæda faatøke Born heldt Aarsfest i Arbeidarsamfundet i Kristiania den 21 Decbr. Kaupmann A. Larsen heldt Festtalen, og Kapellan Tandberg ein Tale um den kristelege Tydning av Joli. 66 Born (35 Gjentur og 31 Gutar) fekk full Klædning, og derattaat fekk 51 Born 2 Par Hosur og 1 Par Styvlar – og det berre av Cigar-Ender, Flaskekapslar, Papiravfall og brukte Frimerkje. Styret er Kaupm. Anton Larsen, Kapt. Torkil Bang, Fullm. Bredo Lassen, Kontorchef T. Hammong og Kaupm. P. A. Hornburg. Fruerne deira gjer ei Nemnd til Arbeid med Innsamling.
 
Rikslaanet. Bankierhuset C. J. Hambro & Son hev etter ”Morgbl.” ogso yverteket den siste Part av vaart 31 Million-Laan, som dei negtade aa taka til 95 ½ pCt., 500,000 £ = 9 Mill. Krunur. Kursen er enno ukjend. Laanet skal inndragast i 12 ”Ratar”.
 
”Bergens Adresse”, eit reaktionlært-katholsk Blad av det reinaste Vatn, visste nyleg aa fortelja, at Hr. H. Løberg hadde fengjet til-seg-send ”Revision” paa Brevet til ”Hardangeren”, fyrr det vart inntekjet i Bladet, og at han hadde sendt Avtrykket tilbaka med den Paaskrift, at Brevet var i Eit og Alt, som han vilde ha det; det hadde Adressen ”fuld Forvisning” um. ”Bergens Tidende” upplyser derimot, at ”Adressens” Upplysningar ”er Lygn fraa Fyrst til Sist”, og at ”det ikkje er eit sannt Ord i heile Artikelen”.
 
Den 29de Decbr. reiste 21 fraa Preussen utviste Social-Demokratar til New-York.
 
600 Handelsreisande gjorde 1ste Dag Jol eit Gilde fyr Gambetta. Det er sagt, at dei repræsenterade 90,000. Figaro, eit Blad, som gjer Gjøn med Alt og Alle, men hellest er reaktionært, segjer, at Mengdi baade av dei 600 og dei 90000 er Bonapartistar, men Telegraph bed Figaro prøva paa aa faa i Stand eit Bybod-Gilde fyr Paul Cassagnac og sjaa, kvat som kjem ut av det.
 
I Skien er vald til Ordførar Politimeistar Garden med 3 R.; Castberg hadde 2; - i Stavanger Rektor Steen; Kaupm. C. B. Svendsen fraabad seg Atterval.
 
Til Folkemøtet paa Byneset ved Thrandheim den 3dje og 4de Jan. møtte det fram ikring 200, baade innanbygds og utanbygds Folk. Livlegt Ordskifte.
 
Gamal. Ekkja Kirsti Fortun i Bergen upplivde Hundradaarsdagen sin den 5 Jan; ho hev no livt som Ekkja i 73 Aar.
 
I Austrik-Ungarn er det i 1878 utvist av Landi 457 Menn og 62 Kvinnur, ikr. 100 av politiske Grunnar. Av dei utviste var berre 2 Amerikanarar, men Russar det fleste. 138 hadde den Æra aa verta fylgde av Politimenn.
 
Grosserar Oskar Dickson er utnemnd til korresponderande Medlem av det franske geografiske Selskap fyr den Hjelp, han hev gjort Polarforskningi.
 
Daa Mordfreistaren Moncasi vart rettad lagde Folket i Madrid paa mange Maatar sin Samhug med hans Kona og Born fyr Dagen; dei totte, at Avrettingi iminsto kunde voret utsett.
 
Cairolis Saar, som han fekk under Mordfreistnaden paa Kong Umberto, held paa aa gjeng i Svull; dei meiner Svullen maa skjerast ut.
 
Hungersnaud. I det nørdre Brasilia er det stor Naud. Mange svelt ihel; Koppar, Tyfus og andre Sotter gjer ogso stor Skade. I Landskapet Rio Grande hev 100,000 Menneskjur, som hev flytt dit fraa andre Landsbolkar, maatt faa Hjelp. I sume Byar, som endaa er smaae, døyr 100 Menneskjur um Dagen av Svult, Vant og Vanmegn.
 
Utstellingar. Næste Aar vil dei ha Heimsutstelling i Moskva; det er daa 25 Aar, sidan Aleksander II vart Keisar. – I 1889 vil dei ha Heimsutstelling i New-York, det 100de Aar etter G. Washingtons Val til Præsident.
 
Tollinnkomurne ved Kristiania Tollstad var i Decbr. 1878: Kr. 174,717, i Decbr. 1877 derimot Kr. 427,542. Naar Sverdrup og andre Storthingsmenn sa, at dei ikkje torde lita paa Tollprogressen, ser det ut til, at dei hadde Rett.
 
Brunnboring. I Hertfordshire held dei paa med ei stor Brunnboring; dei hev naatt 900 Fot djupt. Boret hev 48 uslipte Diamantar og arbeider inne i eit Jarnrøyr, som er 46 Tumar tjukt og held Vatnet fraa dei øvre Lag burte. Boringi vert sjølvsagt drivi med Eim. Detta Boret skal vera det største, som nokot Sinn er brukt.
 
Skindande. Juden P. Fischer i Lemberg (Galisia), 70 Aar gamal, hadde lengje voret sjuk; han fekk Fredag fyre Jol Stivkrampe, og dei heldt honom fyr daaen. Gravleggjingi laut utsetjast fyr Skuld Sabaten. 2 Judar, som heldt Vakt ved Liket Nott til Laurdag, vart Kl. 6 um Morgonen uppskræmde ved Larm fraa Likbaara; den Daude reiste seg upp; Vaktkararne laup sin Veg. Den eine vart sjuk av Rædsla og er sidan daaen, men Fischer liver.
 
Mord-Statistik. I Italia sit Kviven laust. Innriks-Ministaren hev latet utarbeida Statistik yver Mord fraa 1873. Talet paa Mord var i Femaaret 1873-1877: 2458, 2564, 2714, 2071 og 2573, ialt 12378. I Oktober 1877 var Talet 189, i Oktober 1878 berre 167.
 
Fylkesthinget i Finnmorki og Amtmannen skriv rørande um, korleids det kvænske Maal tek Herredømet fraa ”Norsken.” I mange Distrikt er kvænsk alt det herskande Maal, segjer Fylkesthinget, og det maa ”takast hardt i, skal ikkje ”Norsken” verta reint fortrengd.” Daa Fylket ikke hev Magt til aa gjera stort meir, enn det hev gjort (lønat Lærarar, som talar og underviser paa Dansk?), maa Staten veita Hjelp. Den Hjelp Staten under vaart noverande Styre vilde koma til aa veita i denne Sak, som fulla til aa føra med seg, at heile Landet nordanfraa ned til Namsos vilde røda kvænsk i den næste Ættled, tenkjer me. Kvænarne held paa sitt Maal, so lengje me hev so mange Tungur, ei i Prestens, ei onnor i Lærarens og ei tridje i Bondens Munn, og hjaa Bonden ei i Munnen og ei onnor i Pennen elder Boki. Kann me fortenkja deim i det?
 
Hr. Chr. Johnsen skriv ein Artikel i ”Adressebladet” (No. 2) med Yverskrift; ”Verdens Gang” bærer Løgnen paa sin Pande”. Hr. J. er ikkje blid; det, som harmar honom mest, er likvel det, at ”V. G.” hadde sagt, at ”Almuevennen” paa alle Umkverve balar med aa stengja Folket fraa Upplysning og ”Indflydelse paa sine offentlige Anliggender.”
 

 

Frå Fedraheimen 11.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum