Eit namnlaust Folk.

 
(Framhald fraa No. 1.)
 
Ille er det no, men endaa større Vingel var det i den allerfyrste Tidi, fyrr Riket vart samlat. Namnet Noreg (Noregr, eig: Nord-vegr) tyder dei nordlege Landi, Nordmann tyder ein Mann fraa dei nordlege Landi. Naar det er fortalt, at Sviar elder Daner gjorde eit Storverk i den Tidi, so tviler ingen paa, at det var Sviarne elder Danerne, som gjorde det. Men er det fortalt nokot um Nordmennerne, veit me inkje, um det er det Folket, me no kallar Nordmenner, som er meint, elder det er Sviar elder Daner. Sameleides, naar Noreg vert nemnt, veit me inkje, um det er det Landet, me no kallar Noreg, elder um det kannhenda er Sverik elder Danmark, som er meint. I Helgakvida Hjørvardssonar (Kvædet um Helge Hjørvardsson) i ”den eldre Edda”, dei kallar, stend det, at Hedin, Halvbror hans Helge, ”var heime med Far sin, Kong Hjørvard, i Noreg”. Etter detta skulde Helge Hjørvardsson vera Nordmann, og det kunne vera trøysamt aa hava slik Ovkar til Landsmann. Men no kjem Vinglet: Kvat er her meint med ”Noreg”? Ingen veit. Namnløysa er ute og gjeng att. Det er fortalt mange Storverk um ”Nordmannerne” (det vil segja Nordmennerne); etter dei fekk Nordmandie Namn. Men var detta det me no kallar Nordmenner, elder var det Svenskar og Danskar? Detta hev daa gjort so myket, at Danskarne hev gjort til sitt myket, som kanhenda skulde høyrt oss til, og at me, etter gamal Vane, hev voret skubbad til Side.
 
Men hadde inkje vaart Folk eit Namn daa i den Tidi? Jau, det hadde mange Namn: nokre het Hordar, andre Ryger, Egder, Heinar, Hadar o. s. fr. Alle desse smaa Folk livde kvar fyr seg og hadde inkje nokot Sam-Namn, lenge etter baade Sverik og Danmark var samlade til kvar sitt Rike. Umkring Aaret 800 var det fyrst, at Namnet Norig tok til aa koma i Bruk um Landet vaart og Namnet Nordmenner um Folket vaart, i Motsetning til det svenske og danske. Detta var truleg fyrst Tilfellet i Viki, for der kom Nordmenner og Danskar og Svenskar tidast ihop, i ein By, som het Skiringssal, inkje langt fraa Larvik. I 8- og 9-Talet kann me segja, at Folket vaart fekk eit Namn, endaa det alt i mange Aar hadde stridt og verkat, og alt hadde gjort si største verdenshistoriske Gjerning.
 
Men detta Namnet hekk inkje fastare i, enn at Fedrarne vaare, naar dei kom til Island, Skotland og Irland elder andre Land der vest, so kallade dei seg Austmenner, Menner, som er austantil. Detta var daa helder inkje eit nationalt Namn, for Svenskar og Danskar var og ”Austmenner.”
 
I 852 skipade Nordmannen Olav Kvite eit norskt Rike i Dublin, og detta Riket stod i mest 350 Aar. Dei budde i ein Lut av Byen, som dei hadde gjort til ei Festning og kallade Austmannatun (sidan umgjort til Oxmantown). ”Austmenner” busette seg i fleire andre irske Byar og, Waterford, Cork, Limerik, og var driftige Handelsmenner; daa Irarne inkje lagde seg etter Handel og Skipsferd, hadde Austmennerne venteleg dreget all Handelen til seg, og dei Byarne, som dei hadde busett seg i, er just dei same, som sidan vart dei største Handelsbyarne i Irland. I det nordvestre Skotland og paa Anglesea i Wales (uttal: Engelsi, Wæls), og paa Man og Sudrøyarne var og mange Austmenner busette, so me kann segja, at i gamle Dagar var heile Havet fraa Færøyarne og vest um Skotland og England eit norskt Hav. Norske Vikingar og Kaupmenner var allestader aa sjaa her, og dei hjelpte kvarandre mot dei innfødde, og takom-til slost dei seg imillom og.
 
I Fyrstningi av 10-Talet var Sigtrygg Silkeskjegg Konge yver Austmennerne i Dublin. Han gjorde Samlag med Orknøy-Jarlen Sigurd Digre um aa fella den irske Yverkongen Brian Boroimhe, og norske Vikingar strøymde til fraa alle Kantar og tenkte dei skulde vinna seg Land og Herfang. Palmesundagen 1014 var heile den norske Heren samlad i Dublin. Brian hadde og samlat ein stor Her og stod paa Sletta ved Clontarf, strakst austanfyr Dublin. Langfredag Morgon drog Nordmennerne ut imot han med ein veldig og ypparleg utrustad Her, og dei stellte seg i Fylking paa baade Sidurne. Slaget varade fraa Morgonen til Kvelden, og var baade hardt og heitt. Sigurd Jarl og mange andre Høvdingar og minst 6000 Mann fall av Austmennerne (nokre segjer 14,000), og Sigtrygg Silkeskjegg laut ganga attende til Dublin. Detta Slaget kallar dei ”Briansslaget”; det er eit av dei største og merkelegaste Slagi, som Nordmennerne hev voret med i. Denne Sigeren bergade Irarne, so dei slapp aa koma under norskt Herredøme, men Vinningi vart mindre, enn ein skulde tenkt, for Kong Brian sjølv og mange andre irske Hovdingar var fallne, og Sigtrygg Silkjeskjegg styrde som Konge yver Austmennerne i Dublin til Døyande-Dagen sin.
 
Irarne er endaa stolte av denne Sigeren. Daa O’Connell (døydde 1847) arbeidde paa aa gjera Irland sjølvstendigt, heldt han store Folkemøte 1) og minnte Irarne um, kor manneleg dei hadde sleget – Danskarne.
 
Ja, du bisnar du, men Danskarne hadde eit godt og greidt Namn, og so fekk dei Æra.
 
Daa Engelsmennerne i 11-Talet tok England, gjorde Austmennerne allestader manneleg Motstand - ”Menner med Jarnvaapn og Jarnmot”; men dei norske Kaupmennerne kunne inkje standa seg mot dei engelske Riddararne. Men lenge etter heldt Austmennerne paa norsk Livemaate og Maal, og skilde seg ut baade fraa Irarne og Engelsmennerne, og endaa so seint som i 16-Talet var mange Kaupmanns-Ætter i Dublin ættade fraa Nordmennerne.
 
Men alt det, Nordmennerne gjorde baade i Skotland og Irland, hev Danskarne fenget Æra fyre. Kvar norsk Mynt og kvart norskt Sverd, som dei grev upp or Jordi der, er ”dansk”, kvar Bygning og kvar Festning, dei ser Leivningar etter, er ”dansk”. Nordmennerne hev paa den Maaten misst eit stort Stykke av Soga si, og daa Norigs Soga er det norske Folket, kann me segja, at det norske Folket hev misst eit stort Stykke av seg sjølv.
 
Det var elles inkje berre Namnløysa vaar, som gjorde detta; men det at Norig sidan vart eit Lydrike under Danmark i mest 150 Aar og sidan var fast sambundet med Danmark i likso lang Tid, soleids at Kongen, Hoffet, Politikken, Bokmaalet, alt ihop var danskt, hev gjort, at alt, som norskt var, kom til aa ganga under danskt Namn, og Verdi gløymde, at Norig eingong hadde havt ei Stortid. I Staden fyr ”Norsk” hev dei beintfram sett Dansk. I den Tidi daa Norig namnlaust siglde under framandt Flagd, misste det mest alt ihop, som eit Kulturfolk bryr seg um aa hava.
(Meir.)
1)      Dei sende ut Bilæte av Kong Brian og Brians-Slaget i Mengdevis. ”Paa Medlemsbrevene til
 

 

Frå Fedraheimen 11.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum