Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
VII.
 
 (Framhald.)
 
Tankarne strøymde ustanseleg. Ho var uppi eit Kav, som ho aldri fyrr hadde kjennt. Naar ho gaadde det, skjemdest ho og vilde slaa Tankarne fraa seg; men Tankarne braut seg ny Veg og reiv henne med seg att. Ho hadde eit langt, langt ordkast med seg sjølv, um det var rimelegt elder urimelegt, at han brydde seg um henne. Det var urimelegt, naturlegvis – reint urimelegt; men lengst inne hadde ho likevæl ei løynleg Von, som ho dulde fyr seg sjølv so godt ho kunde. No sette ho seg fyre, at ho vilde vera kald og klok og roleg. Gudskelov, at Ingen visste nokot! og Ingen skulde f a a vita nokot helder. Slike Ting burde gjøymast og . . . ja, det var visst best . . . gløymast.
 
I det same kom Hans. ”Er du her?” sagde han. ”Kor kann du finna paa og gjøyma deg av slik, no me hev Framandfolk? Kom no og ver med paa ein Spasertur. Hauk vil sjaa Landskapet i Maaneskin – ha! ha! Romantiken er seig! -, og me lyt vera med fyr Selskaps Skuld. Kom no!” – ”Ja ja, eg kjem,” sagde ho; Hans høyrde, at ho dirrad i Maalet. Han gjorde eit Kast paa seg, lo høgt, og flaug. Ho tok paa seg, snøggt, med skjelvande Hender. Tenkja kunde ho ikkje. Ho visste berre det, at ho skulde faa sjaa Hauk og høyra honom tala. –
Dei gjekk burt etter Vegen, inn gjenom Skogen. Der var so stilt og lett. Alle Greiner og Kvister var klædde i fjørlett kvit Mjell; dei saag ut som bygde av Ljos. Maaneskinet braut seg vænt i alle dei Millionar av Ispiler, som laag strødde som Dogg yver Barnaalerne. Det var frisk, god Frostluft. Vegen var uppkjøyrd og glatt og laag glinsande kvit burtgjenom Skogen i smaae Bakkedrag. Her var i Grunnen vænt. Men Hauk saag det ikkje. Og Ragna saag det ikkje helder.
 
Hans var den einaste, som talad. Og han var den einaste som høyrde paa au. Dei tvo andre hadde nok med seg sjølve. Hauk gjekk og glytte burtpaa Ragna og kjende ein forunderleg Age fyr denne unge Gjenta. Han trudde knapt han kunde faa seg til aa tala um Elsk til henne. Ho var so reint av eit annat Slag enn dei han hellest hadde kjent. Her var ei Uskuld so uendeleg, at det varSynd aa trengja seg inn i eit slikt Paradis. Men samstundes kjende han, at henne var det, han maatte hava. Han elskad reint ut romantisk. Aa tenkja seg Livet utan henne var som aa tenkja seg aaleine upp aa ein endelaus Isbræ. Det var i Grunnen det same, kor Ein lagde seg til aa frjosa ihel.
 
Ragna tenkte ikkje. Ho høyrde Foten hans knirka i den frosne Snjoen; ho visste, ho kjende, at han gjekk her med Sida av henne; og ho livde i denne eine Kjensla. Ho torde ikkje minnast attende, ho torde ikkje tenkja fram; men ho haddenok med detta, som ho just var i. Ho vilde ynskja, at dei kunde ganga slik saman alt til Heimsens Ende.
 
”Ja no skal de ha Takk fyr meg!” sagde Hans. Ragna og Hauk skvatt upp -: ”kor vil du av?” – ”Eg vil upp til Gro, gamle Gro, Kjærasten min! Ho fortel meg Jole-Eventyr, dei same ho fortalde meg, daa eg var liten, og so gjev ho meg Graut. – Nei! eg vil ingen hava med meg! Gamle Gro er bljug, ho; ho vil ikkje vita av nokon Trediemann. Ha-ha-ha, Godkveld, godt Folk!” – Han var alt avsynes inn i Skogen.
 
”Er me alt komne so langt,” sagde Ragna nokot tryllt, ”so er det best me snur.” Ho snudde, Hauk med. No var han komen gildt uppi det! Her maatte talast. Men denne Gjenta var ikkje som andre; Ein kunde ikkje bjoda henne kvat som høvde; ho var so forunderleg vyrdsleg i si Uskuld og sin ædle Fagerdom.
 
Ragna hjelpte honom. ”Han hev so mange Paafund, Bror min,” sagde ho. ”Denne Gro er ei gamal Husmannskjering, som ikkje just hev nokot godt Ord paa seg; men ho er god til aa fortelja Eventyr, og dei er Hans glad i. Han skriv dei upp og meiner, at dei inneheld all Verdsens Visdom. Der er meir Filosofi i eit einaste Eventyr enn i heile Monrads Kompendium, segjer han. Kor han hev lært det, tru?” – Hauk fylgde ikkje heilt med i det ho sagde, for han tenkte paa andre Ting; men han svarad paa eit Raam: ”Romantik, Frøken! Der er Ingen som trur paa slikt meir.” ”Nei, det vil eg tru,” sagde ho. Hauk maatte prøva aa halda Samtalen i Gang -: ”Det hev voret drivet Avgudsdyrkjing med desse ’folkelege’ Ting,” sagde han. ”Naar alt kjem ihop, so er desse gamle Greidur berre lægre Former av det, som sidan hev vakset seg meir fram og klaarnat seg meir av, og som me no kallar Kultur. Det Folkelege hev historisk Interesse, liksom naar Ein ligg og studerar utdøydde Dyreslag; men aa vilja reisa det ’Folkelege’ til Liv att no er som aa vilja vekkja uppatt Mammuthdyret og Mastodonten. Mammuthdyret var stort og sterkt – lat so vera! men Mammuthdyret er daudt . . . me fær finna oss i det. Me maa liva paa dei Vilkor, som Tidi byd oss. Og Livet er ikkje laakare no. Det er mindre stort – kann vera! men det er finare, klaarare, rikare. Ein Elskar i vaar Tid drep ingen Drake og fer ikkje til Nedreheimen fyr aa krevja Gamle-Erik etter Skatten; men hans Kjærleik er likevel meir verd enn denne gamle, som med all sin Storleik var arm, tung, raa . . . Held De av dei gamle Tider, Frøken?” – ”Nei,” sagde ho fast; ho forstod at han ikkje heldt av dei. Men ho vart raud i det same-: ”ja, det vil segja...” sagde ho. ”De held av dei store Kjempur,” sagde Hauk med ein halv Smil. Ragna hadde likt dei store Kjempur; men no totte ho det tok seg faavist ut. ”Ja ja,” sagde han, ”det er naturlegt. Det store dreg. Og paa Fraastand kann det sjaa v æ n t ut. Men tak ein av desse Riddarsmenn, slik som han var; - og eg vaagar, at De likso lite vil lika honom, som eg vilde lika Dronningi av Saba.”
Ragna tagde; Hauk kjende, at Samtalen gjekk skakkstyrt, men heldt fram; for her maatte talast. ”Det er i vaar eigi Tid,” sagde han, ”at me lyt sjaa oss um etter vaare Ideal, liksom det er i vaar eigi Tid me liver. Det er vaar eigi Tid, som krev vaar Kjærleik, fyrdi det er den, som krev vaart Arbeid. Den, som elskar, maa arbeida; den som arbeider, hev Rett til aa elska. – De skynar meg ikkje?” – ”Knapt nok,” sagde Ragna. ”Det De her segjer, minner meg sterkt um Bror mins Eventyr-Visdom . . . og daa er det væl eg, som mistyder Meiningi.” ”Hm, kven veit,” sagde Hauk.” ”Ein kann drøyma mange sanne Tankar inn i eit Eventyr.”
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 11.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum