Amerika-Brev.

 
(Framhald.)
 
Men er det enn nokot audslegt i det politiske Riket, so tryt det ikkje paa Rørsla og Liv i andre Maatar. Her i desse store Byarne hender det no alle Tider nokot nytt, umframt alt det, som hender i Verdi hellest, og som me paa Augneblinken fær vita. Kvar Morgon, Middag og Kveld (og mest heile Tidi derimillom) spring Avisgutarne att og fram paa Gata og skrik upp Avisurne sine, so det gnell i Husom. Og fyr aa lokka Folk til aa kaupa, ropar dei upp største Tidendi, som Avisa fyr den Gongjen inneheld. No i lenger Tid hev det mest dagstødt voret ”Mord.” Naar du vaknar um Morgonen, er det fyrste, du høyrer, detta Ropet av Avisgutom: ”Full Greida paa Mordet!” Gjeng du ut av Døri og burtyver Gata, hev du paa Augneblinken ein Avisgut attmed deg, som skrik: ”Her er Morgonavisa di! Full Greida paa Mordet!” Stig du so inn i ei Gatevagn, so sting strakst eit Par Avisgutar Hovudet inn i kvar sin Ende av Vogni og kappskrik: ”Full Greida paa Mordet!” Same Ropet høyrer du, medan du arbeider um Dagen, og same Ropet kling i Øyrom dine, naar du gjeng heimatt um Kvelden. Heime i Norig greet Folk, naar dei høyrde Tale um eit Mord – det gjekk so sjeldan paa. Skulde me her graata kvar Gong me høyrde um Mord, so fekk me nok inkje annat gjera enn graata. Men me herdest, maavita, so at det sistpaa ikkje bit paa os. Me lyt skjemta og læ like radt, kor uhugnadsleg det læt umkring oss. Er det ikkje Mord, dei skrik um, so er det Bankstuld, Jarnvegsrøving, Valdtekt, Eldsbrune, Eksplosionar, Skips-Uhende, Samanstøytingar paa Jarnvegom o. s. fr. Det er inkje aa undrast paa, um Hugen vert kald og Hjartat hardt hjaa eit Folk, som lyt høyra og sjaa paa slikt kvar Dag.
 
Hjaa dei Norske her i Landet er det ikkje mange aalmenne Saker, som er uppe. Naar du hev nemnt ”Prestetærtta,” som hev du nemnt mestalt. Det er tvo store Ting, dei Norske her i Landet til denne Dag hev skrævat med. Det eine er aa faa seg Hus og Heim, Gard og Grunn, det andre er aa faa seg Prestar, Kyrkjur, Prestegardar og Presteskular. Daa dei no ikkje hev kunnat semjast um Læra og Skipnad, men hev deilt seg i fire eldre fem Samfund, so hev kvart Samfund sin Strid med aa ”overbevise” dei andre um, kor rangt ”grundstyrtende” og ”sjælefordærvende” dei læra, og med aa draga til seg deim, som enno ikkje hev slegjet seg til nokot Samfund. Denne Striden fører dei Mann og Mann imillom, i alle Slags Møte, i Kyrkjebladom sine og i Avisom. Folket hev døypt Striden med Namnet ”Prestetrætta.”
 
Daa Staten her ikkje hev nokot med Kyrkja og Trui aa gjera, so lyt kvart Soknelag og kvart Samfund sjølv kosta upp sine Kyrkjur og Prestegardar og løna sine Prestar med friviljuge Gaavur. Men du kann aldri tru, for eit ævelegt Tjaak og Gnag og Stræv det er med aa skrapa ihop dei stakkars Pengarne til desse Ting. Det skal ogso nokot til! Her i Chicago er det no ei seks-sju norsk-lutherske Soknelag og Kyrkjur; men eg trur ikkje, nokor av deim er skuldfri. Den eine skylder fjortan tusund Dalar paa Kjyrkja si, den andre tolv tusund, og so burtyver. Dei finn paa mange Slags Maatar aa faa ihop Pengar paa. I desse Tidom driva dei paa med Fairs. Kvinnurne hev haldet Symøte ein Kveld i kvar Vika mest heile Aaret og lagat til mange nette Smaating. Naar det so lid ut paa Hausten elder Veteren, so lyser dei ut, at Fair’en skal haldast den og den Vika.
 
I Kjeldarstova i Kyrkja elder i ein Sal, som dei leiger seg, hengjer dei daa upp alle desse Smaatingi. Dei gjeng og umkring hjaa Kaupmenn og Handverkarar og bed um Gaavur til Fair’en. Um Kvelden opnar dei Dørerne, og Folket er velkomet inn til aa handla. Dei hev jamt lite Musik elder Song og til aa draga Folk til seg med. Men det er ikkje berre med Handelen at dei dreg Pengar ihop. Dei hev mangfelde Paafund til aa samla Skillingar med. Ei Gjenta gjeng rundt med ein Pose, som der er mange Smaating i; kvar Ting er verd ein Skilling elder tvo. Vil du gjeva 10 Skilling, so fær du Lov aa stikka Haandi di ned i denne Posen aa taka ein av dei Ting, som er i den. Paa denne Maaten fær dei mangein Tiskilling. Burti ei Kraa hev dei ein ”Fiskedam”. Det er ein stor Holk elder Binge, og der nedi ligg der ei Mengd av alle Slags Smaating. Naar du gjev 10 elder 20 Skilling, fær du Lov aa fiska upp ein av desse Smaatingi med ein Stav med ein Krok paa. So hev dei ”Postaabneri”. Der kann du skriva kvat du vil til kven du vil, berre du gjev 10 Skilling fyr det. So gjeng det nokon rundt i Hopen og segjer til den og den: Her er Brev til deg paa Posthuset. So lyt han burt aa løysa det – det kostar 10 Skilling! So set dei upp ein Spaserstokk, som skal gjevast burt til den Mann, som dei (fyr ei Æra) vil gjera til ”Oldermann”! Aa ja, kven vil no du hava til Oldermann? Per Olsen. So kauper du ein Stemmesetel fyr 25 Skilling, skriv Per Olsen paa denne og kastar ’n ned i ei Krukka. Er du plent paa, at Per Olsen skal faa Æra, og ikkje Jon Olsen, som du ikkje likar, so kauper du 5 elder 10 Setlar. Du gjer Soknelaget so vel imot med det! So kjem ein annan Mann og kauper 10 Røyster fyr’n Jon; - so gjeng du burt og tel ein av dine Vener til aa kaupa 10 Røyster fyr ’n Per. Den sidste Kvelden reknar dei Setlarne. Den, som hev fengjet dei fleste Røyster, vert utropat til Oldermann (letst som). Men daa hev dei tent seg 50 Dalar med den Fillestokken. So hev dei ”Lotteri” og kauper Setel paa det elder det. Ja paa sume Kyrkje-Fairs hev dei Lykkehjul og all upptenkjeleg Lokkemat. Ein lyt ogso gjeva 25 Skjilling fyr aa koma inn. Fairen varer ei Vika. Eit norskt Soknelag her tente ifjor yver 800 Dalar med ein slik Fair. Men det er ikkje berre Kyrkjelag, som held Fair; det er alleslags ”Selskap” hellest og, slike som Songarlag, norske Samlag, danske Samlag o. s. f. Soleides hev det no ei Tid voret Fair kvar Vika, ja tvo elder tri samstundes.
 
(Meir.)
 
Retting. I ”Fedrh.” før 28/12, spor 2, rad 28 står: ”etter,” les: eller; rad 47: ”Prestens”, les Peters; spor 3, rad 29: ”Kristorde”, les: skriftorde; spor 4, øvst: ”braud”, les baud.
 

 

Frå Fedraheimen 11.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum