Utlandet.

 
Folkethingsvali i Danmark den 3dje Januar hadde den Utgangen, at det vart valt 35 Høgremenner, 33 Radikale, 28 Moderate og 2 Vinstremenner, som ikkje hev sluttat seg visst til nokon av dei tvo Kløyvingar. 1 Val var ukjent endaa, daa Telegrammet vart sendt, og 2 Val skal ganga fyr seg seinare. Det moderate Vinstre hev tapat 14 Valkrinsar, deriblandt 7 til Høgre. Dei Radikale hev tapat 6 Krinsar til Høgre, som sjølv hev mist berre 2 Krinsar. Den radikale Føraren Tauber fall fyr ein Høgremann. Holstein Holsteinborg, Riksraadsformann hev voret, vann paa ein Radikal.
Telegram fraa Paris den 5te Januar: ”Utgangen av Senatvali er, at Republikanarne hev vunnet 41 Plassar. Alle dei Republikanarar, som fyrr sat der (24), er attvalde. Av Konservative er det ikkje valt meir enn 13; 2 Val lyt gjerast um att.” Gambetta hev vist seg aa vera ein god Spaamann. Paa ein Fest i Grenoble i Haust spaadde han, at Republikanararne skulde faa eit Yvertal paa 20; i eit Lag, som dei franske Handelsreisande heldt fyr honom Fyrstedag i Jol, sagde han seg viss paa, at Yvertalet vilde verta meir enn 20, ja meir enn 35, det vilde verta oversleg stort. Fyrr var Senatet ihopsett soleids, at det var 159 Monarkistar (Legitimistar, Orleanistar og Bonapartistar) mot 128 Republikanarar; no vert det etter Telegrammet 169 Republikanarar mot 118 Monarkistar. Elles maa det vera eit litet Mistak i Telegrammet, for det var berre 75, som skulde veljast.
Uppreisti i Makedonia skal vera so godt som slutt; Folket hev fyr det meste haldet seg utanfyr.
Vali til det bulgarske Riksthing er ferduge. Thinget hev 230 Medlemer, derav 75 Embættesmenner og 30 Prestar. Det skal møte i Tirnova og velja ein Fyrste. Det er uvisst, kven Valet kjem til aa falla paa; det er vandt aa finna nokon, som vil taka imot den Æra.
Fraa Konstantinopel høyrer me um Fengslingar bland dei høgre Samfundslag og Svult og Naud bland dei lægre. Det er ventande eit opet Utbrot av Røra til kvar Stund.
Monkasi, den Ungguten, som gjorde Mordfreistnad paa den spanske Kongen her i Haust, vart avrettad fyr nokre Dagar sidan. Det var mange, som bad fyr honom hjaa Kongen. Den italiske Kongen skal vera tenkt paa aa lata Vassavanti faa liva.
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum