Rispur.

 
Den Ti daa alting svalla, sa Kjyre: ”Maa! e vil paa Aasen!” ”Bæ! e vil vera mæ!” sa Sauen. ”E stanga de taa Vegje,” sa Kjyre. ”E hoppa paa Steino, e,” sa Gjeite. ”Øh, øh, e dalta ette,” sa Grisen. ”Leve e te Vaare, vil e byggja me Hus!” sa Hanen. Men daa Vaaren kom, sa han: ”Hus i kort 1) Kjørr, Hus i kort Kjørr!”
 
Ei Kjering skulde køyra Staur, men so visste ho ikkje kor mykje ho skulde leggja paa. Daa ho hadde lagt paa ein, sagde ho: ”dreg du den, so dreg du den med”, og soleids heldt ho paa, til dess Hesten ikkje vann Lasset taa Flekkjen. So maatte ho lessa av att, og so sa ho: ”dreg du ikkje den, so dreg du ikkje den held”, - og soleids heldt paa, til ho hadde ingen att paa Lasset.
 
Ei Husmannskjering kom til Dyrlækjaren. ”Kan jeg faa Dyrlægeren te aa sjaa paa en Væder”, sa ho, ”som har spist seg sjuk av Rota paa Aakeren; igaar spiste ’n litegrand, men i Dag aat ’n slett itt-no’!”
 
1)      kvart.
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum