Lysingar

 
Det norske Samlag.
Utkomet er (og kringsendt til alle Lagsmenn, som ikkje skylder Aarspengar):
1)      Kvæe av Jørund og Sigurd Telnes.
2)      Folke-Eventyr, uppskrivne i Sandeherad.
Fortalde paa Landsmaal ved Kristofer Janson. Med Utgreidingar av J. Moltke Moe.
Dei, som ikkje hev betalat fyr 1878, lyt vera so snilde aa gjera det no. Bøkerne vert daa strakst sende.
 
Fedraheimen
 
eit frilyndt Folkeblad paa norskt Maal, kjem ut i Kristiania kvar Onsdag og Laurdag og kostar med Postpengar 2 Kr. 20 Ø. fyr Halvaaret. Det inneheld: Forteljingar (nye og umsette), Dikt, Folke-Eventyr og Segner, Avhandlingar um Dagsens Spursmaal, Reise- og Naturskildringar, Skule-Artiklar, Brevsendingar, Nytt fraa Innland og Utland, ledige Lærarpostar, Rispur o. m. Ymse Stykkje er paa Bygdemaal.
 
Dersom Ein tingar og betalar fyr heile 1879 no strakst, kann Ein faa heile Aargangen 1878 fyr ein Pris av Kr. 2.40, so langt Upplaget rekk. Betalar Ein fyr 6 Ekspl., fær Ein det 7de fritt. Prøve-Nummer kann Ein faa, naar Ein skriv um det til Ekspeditionen. – Brev um Prøve-No. er ikkje portofrie.
 
Ein kann tinga Bladet paa alle Posthus og i Brev til ”Fedraheimens Ekspedition, Kristiania”. Pengar maa fylgja.
 
Naar du sender Pengar til Fedraheimen, so faa altid Postkvittering fyr dei. Dersom daa ikkje Bladet kjem um ei 14 Dagars Tid, so skriv til Ekspeditionen um det, og send Kvitteringi, so skal Eksp. sjaa aa gjera Greida.
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum