Ein Idealist.

 
(Skizze.)
 
Paal Olsen var Landhandlar. Det var godt Hovud paa Karen; men han dugde ikkje til aa handla. Det han hadde best Vit paa var aa heila Sjukdomar. Detta hadde han etter Mor si, sagde Folk; for ho hadde voret Jordmor. Visst er det: han gjorde Folk friske, som ikkje Dokteren hadde kunnat hjelpt, og etter kvart som han fekk mykje aa gjera i Doktervegjen, so sluttad han meir og meir med Handelen, og vart tilslut full Kvaksalvar.
 
Men nokon Kvaksalvar av det vanlege Slaget var Paal Olsen ikkje. Han arbeidde ikkje einast fyr ”Peningen”. Snarare var det hans Tru, at ein Dokters rette Arbeid var det aa gjera seg sjølv utrengd. Ein Dokter var til fyr aa halda Folk friske, ikkje fyr aa liva flust og gjera seg rik av Folks Sjukdomar, meinte Paal. Han var eit Stykkje av ein Idealist elder Tankestrævar. Men detta vart, som du kann vita, hans Ulukka.
 
Han tottest sjaa, at Folk sjuknad og veiknad meir og meir, di lenger det leid. Dei Unge hadde jamt mindre Helsa enn dei Gamle, og so alt fort. Av Dokterar vart her fleire og fleire, og av Medisin vart her uppøydt meir og meir; men Sjukdomen vaks, og Helsa minkad. ”Gjeng det lengje paa denne Maaten,” tenkte ’n Paal, ”so vert Landet eit Sjukehus fyrr me varast!” Han grundad og grundad, koss han skulde finna ut ei Boteraad fyr detta, so Folket kunde sterkna til att og faa Magt liksom fyrr. Og so lengje grundad han, til han tottest ha funnet det ut.
 
Han bryggde ihop ein Drykk, som saag ut som Øl, men hadde ein meir ram og harsk Smak; han kallad det ”Helse-Øl”. Detta Ølet meinte han daa var slik, at dersom Folk drakk det kvar Dag, eit Glas paa fastande Hjarta, og heldt paa med detta, so skulde dei aldri verta sjuke, men liva heile si Tid med god Helsa og døy paa ”kristeleg” Maate av Alderdom, liksom i gamle Dagar. Og Magt skulde dei faa liksom Bjørnar.
 
Han foor rundt og talad med Folk um detta Helse-Ølet sitt. Han lagde ut fyr dei um, at Folke-Helsa minkad fyr kvar Dag, og at det trengdest ei Raad snart; og han greidde ut fyr dei, at Helse-Ølet hans just var det, som maatte til. Mange Bønder gav seg til aa bruka det; det var ikkje dyrt. ”Og Helsa er no det beste me hev,” sagde dei. Dokteren i Bygdi, og Presten, og slike, lo berre aat ’n Paal og Ølet hans. Men Paal brydde seg ikkje. ”Slike Folk, som liver av Folks Sjukdom,” sa han, ”kann Ein vita hatar den, som vil gjera Folk friske.” Og Bønderne totte der var Vit i detta. Dei visste det, at Dokteren brydde seg meir um Pengarne deira enn um Helsa deira. Tilslut fekk Paal istand eit heilt Helseøl-Samlag. Dei, som var med der, gjekk inn paa, at dei all si Tid skulde drikka hans Øl og faa fleire og fleire til aa gjera det same. No tottest Paal vera mykje til Mann. Han sluttad med Kvaksalvaryrket; han vilde liva berre fyr Øl-Tanken sin. ”Kvat dreg det, um eg gjeng her og lappar og bøter paa ein i Senn?” sa ’n Paal; ”nei, no vil eg heilbrigda heile Aalmugen!” Kom det Ein til honom og bad um Aatgjerd fyr einkvar Sjukdomen, so svarad han: ”Drikk Helse-Øl, du Far, so vert du god, baade du og dei som kjem etter deg!” Og det var ei Tid, at mange drakk av Helse-Ølet, so mange at Paal kunde liva av det.
 
Men Bryggingi var dyr, og Ølet var harskt. ”Det gjev ’kje Meirsmak, Ølet hans Paal!” sagdeFolk. Det verste var, at dei vart sjuke no liksom fyrr. Og naar dei daa kom til Paal Olsen, fekk dei aldri annat Svar enn det: ”du hev ikkje drukket lengje nok, Far! Hald paa, hald paa! halvt Arbeid skal Ein korkje rosa hell lasta.” So hende det av og til, at Einkvar av Øl-Mennerne døydde, og det stundom i sine beste Aar. Daa sagde Paal: ”ja ja! deira Tid var komi! det gror ingen Urt fyr Dauden!” So var der ikkje meir aa segja um det. Men alt slikt gjorde, at det var dei som tapte Trui. Det vart færre, som drakk av Ølet hans Paal. Og di lenger det leid, di fleire var det, som drog seg ifraa. Tilslut var det berre att ein liten Flokk av ”Truande” som brukad Helse-Ølet.
 
I den Tidi var det, at eg vart kjend med Mannen. Han tok alt daa til aa verta ein Raring. ”Ølet mitt,” sagde han, ”er det Største og Beste, som er uppkomet i denne Heimsens Tid. Ingen hev kunnat gjort nokot slikt. Berre Folk hadde so mykje Vit, at dei skynad sitt eiget Beste, so kunde dei snart senda baade Dokterar og Apotek til Bloksberg. Ølet mitt er lagat av slike Safter, at den som drikk det i all si Tid, han kann ikkje verta sjuk. Det reinskar Blodet, maavita, og av Blodet kjem alle Sjukdomar. Men Folk er seg sjølv likt. Dersom eg hadde Forgift uppi Ølet mitt, slik som andre Ølbryggjarar, so skulde du sjaa, kor gjævt det vart. Daa skulde eg snart verta rik Mann! Men eg gjer ikkje det, eg. Eg er for god til dess. Eg vil gjera Folk friske, eg, og kann eg ikkje det, so slær eg meg paa Veitegraving.” – ”Ja ja; Tanken er god,” sagde eg.
 
Tilslut hadde Paal Olsen sett til alt det vesle han aatte paa Øltanken sin. Men han fekk ikkje fleire ”Drikkarar” sidan enn fyrr, helder færre. Det kom altid sume nye til; men dei gamle gjekk ifraa. Og detta harmad honom fælt. ”Berre dei vilde halda paa,” sagde han, ”so skulde Folk sjaa, at eg hadde Rett! Men dei sluttar, fyrr dei kjem so langt.” Han kom i Skuld. Tilslut var han rein Fant. Dei kom og tok fraa ’n alt det han hadde, og det vart selt under Hamaren til aa ”dekka Gjelden.” Paal Olsen gjekk fraa Strævet sitt so naken som Naali. Han hadde ikkje eingong Pengar til aa koma til Amerika. ”Du er no for gamall til det au no, Paal,” sagde dei til honom. Ikkje kunde han arbeida helder, og den gamle Dokterkunsten sin hadde han gløymt. So hadde Paal Olsen so nær komet paa ”Kassa.” ”Aa ja, Verdi er slik,” sagde han. ”Kvar tenkjer paa seg, og er det ein som tenkjer paa andre, so kann han ikkje betre venta. Eg var ein Tosk eg, som meinte det gjekk an aa koma gjenom Verdi paa den Maaten!” - Likevæl slapp han daa aa koma paa Legd. Ein av dei gamle ”Drikkararne” hans, som trudde paa honom og hadde vondt av honom, tok ’n til seg.Han vilde faa ’n til aa bryggja meir ”Øl.” Men Paal, Stakkar, var utsliten. Han fekk Ingenting til. Han brydde seg ikkje lenger um Øltanken sin. ”Kvat skil det meg, um Folk er sjuke?” tenkte han. ”Lat dei sjukna og daua so lengje dei vil fyr meg. Dei kunde tekjet mot den Hjelpi som baudst. No er det alt det same.”
 
Han vart sur og vond. Han kunde ikkje gløyma ”Verdi” det, at ho hadde forsmaatt hans store Tanke. Han murrad og gnaalad stødt. Ingenting var honom til Lags. Det Einaste, han hadde Gleda av, var naar han fekk høyra, at Einkvar vart sjuk. Var det daa ein av hans gamle ”Drikkarar,” sagde han: ”kvi heldt ikkje den Tosken paa med Ølet?” – og var det ein annan, sagde han: ”ja lat ’n no liggja der og trega paa, at han ikkje hev brukat Ølet mitt.” Tilslut vart Husverten hans so leid honom, at han tenkte paa aa leggja ’n paa Legd likevæl. Men Paal slapp; for han vart sjuk og døydde. Dei fekk ’n i Jordi so snøggt dei kunde, og han vart lagd millom andre Legdsfolk.
 
Det einaste dei fann etter Paal Olsen var ei Visa, som han nok hadde bryggt paa i lang Tid. Visa skulde refsa Folket, for det ikkje hadde faret rett aat mot honom. ”Israels Born hadde Profetar,” stod der, ”og slog dei ihel; - men so er sagt, at med detta Folket – gjekk det ’kje væl. - Og soleids gjeng det med alle Nationar, - som ikkje veit – aa takka dei gode og kloke Menner, - som fyr dei sleit.”
Folk lo aat Visa, og ho vart aldri songi.
T.
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum