Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
 
VI.
 
 (Framhald.)
 
”Det bør me vona,” sagde Kapellanen. ”Men - Hr. Pastoren fær tru meg elder ikkje tru meg -: her er knapt Tale um Tvil, av det Slaget, som nokon kvar kann hava kjendt i si fyrste Tid – for Kristendomen hev altid voret Jødarne ei Forarging og Grekarne ein Daarskap -; men her er det ein Mann, som – ja, eg ræddast fyr det, - med fullt Medvit hev sleppt Trui fraa sjølve Grunnen av, og som hev vendt seg heilt til dei nye Kjeldur etter Visdom og Livsforklaring. Ein tvilande, søkjande Mann vilde aldri sitja med slik ein Kaldflir og høyra paa ein Samtale som vaar ved Bordet, og han vilde ikkje taka det, me der hadde uppe, berre som ”Moro”. Han viste der, at han var stød i Sitt; og det var ikkje Kristendomen, han var so stød i; for daa hadde han – talat ut.”
 
Presten tagnad og tenkte. Det kom meir og meir Sorg over Aasyni hans; tilslut kviskrad han som i Sjølvgløyming: ”stakkars Gut! stakkars Foreldri!” ”Ja stakkars Gut, stakkars Foreldre!” tok Balle i, so Presten kvakk. Og Kapellanen heldt fram med ein underleg Smil, som var meint paa aa vera sorgfull: ”I Grunnen hev visst Hr. Pastoren teket den same Tanken som eg?” – ”Nei, nei, nei,” stotad Presten hastigt, - ”nei! men eg tenkte paa ein liten Samtale eg hadde med honom igaarkveld.” ”Med Hauk?” – ”Aa ja, det var ikkje nokot vidare . . . det var berre . . . hm. – Naa ja! Med Guds Hjelp kjem han seg nok. – Lat oss minnast det Frelsaren segjer: døme ikkje, at de ikkje skulo dømast . . . Det er berre Ein, som kjenner Hjarto.” Presten stod upp og gav seg i Drøs med Klokkaren. Balle tok Lag med ein Lærar, og snart hadde alle Lærararne samlat seg um honom. Han sat og lagde ut um den sanne Fridomen, og Lærararne totte, at han talad merkjeleg godt.
 
 
 
VII.
Hans hadde Rett: Ragna var glad i Eystein.
Han hadde vakset; han var ein Mann. Ho tottest sjaa honom, som han kom inn der gjenom Døri um Jolaftans Kvelden: høg, rak, fast i Vokstren, lett og stød paa Foten, fin i alt sitt Lag; slik som han kunde helsa, og so mykje som han kunde faa lagt i ei slik Bøygjing, og i kvar Rørsla, det hadde ho aldri set Make til. Og slik ein Kar aa tala med! Han talad lett og stilt, men so klaart, at Ein høyrde kvar Stavelsen. Og han hadde meir aa tala um enn andre. Ragna hadde aldri havt slike Stunder som den, daa han sat der og svallad med henne igaarkveld. Han samanliknad den franske og den kristianiensiske Kvinna; det var kvasst, flirande, fullt av sin Spott; men der var nokot sunnt og aalvorsamt paa Botnen av hans Tale, som friskad henne upp og styrkte henne i aa tenkja fint. Det var ulikt alt det, som ho var van med. Det var ulikt det ho høyrde av Faer sin, og det var ulikt det ho høyrde av Balle. – Balle! Hm, det var Synd aa nemna honom den Dagen Ein nemnde Hauk! -
 
Hellest forstod ho snart, at Balle var etter honom og vilde paa einkvar Maaten setja ’n i Beit, og ho lo med seg sjølv aat detta. Ved Bordet sat ho og var stolt av aa sjaa, kor fint han visste aa halda alle desse Smaafolk og Heimalingar ifraa seg. Kristen -! Balle vilde faa honom til aa ikkje vera Kristen! – Haa, han var visst betre Kristen enn alle ihop; men hans Syn paa desse Ting var nok for høgt fyr Balle; det skulde ingen undrast paa! – Det einaste ho ikkje kunde skyna var, at Faer hennar saag ut til aa vera so uroleg. Skulde Balle ha innbillt honom -?
 
Enn um Hauk og den Gamle vart Uvener? Ho kvakk ved denne Tanken; men den Tanken vekte andre, og rett som det var gjekk det upp fyr henne, at ho – elskad Eystein Hauk. Ho vart sprutraud og ør og smaug av inn paa Kammerset sitt so snøggt ho kunde. Detta var nokot nytt! Ho elskad! – Ho vart bljug og liksom rædd, men samstundes glad, stolt -! Der var nokot festlegt yver denne Stund. Ho hadde nokot av den same Kjensla som Ungmøyi hev, naar ho just er konfirmerad, og fyr fyrste Gongen høyrer ein ung Herre kalla henne ”Frøken”. Døri inn til Livet, det rike, sterke, straalande Livet, stod opi, og no stod ho der i sæl Skjelving og saag inn og undrast: er alt detta mitt! –
 
Tankarne gjekk og kom som fljugande Fuglar; den eine gjorde henne varm, den andre gjorde henne kald. Ho glytte bljugt inn i Spegelen. Var ho fager -? Ho hadde sumetider trutt det . . . Kunde han, som hadde set so mange -? Ho vart skamfull, torde ikkje sjaa seg sjølv i Augo, men glytte upp paa Skakke -: var ho fager? - Det gjekk som ein kald Styng gjenom henne . . . ho hadde i Grunnen trutt, at ho var fagrare. Ho slog Augo upp og saag betre etter. Nei; - ho var ikkje fager. Augo var for smaae, Munnen ikkje fin nok, Andlitet ikkje so aandfullt som det skulde vera; ho saag i Grunnen dum ut. Med det same saag ho seg sjølv i Augo og vart uendeleg skamfull. Rømde fraa Spegelen og seig ned i ein Sofa. Fy! detta var stygt! Dersom han hadde set henne no, so hadde han -! han, som visste so godt aa gjera Narr av alle Dame-Grillur og Dame-Lyte -! aa, han hadde drepet henne med eit Augnekast! Dessutan . . . han som hadde set so mange . . . so mange fagre og fine . . . dei fagraste og finaste i Verdi . . . ho var berre ei simpel Prestedotter fraa Landet . . . og stygg attpaa . . . at ho kunde innbilla seg . . .
 
Ho lurte seg so smaatt burtimot Spegelen att. – Innbilla seg slikt! det var ein Daarskap so umaateleg -! ”Lat meg sjaa væl etter, kor stygg eg er, so kjem eg væl av slike Tankar,” tenkte ho med ein djup Sukk. Glytte so inn i Spegelen att, rædd, bljug. Hm, stygg . . . aa nei, ikkje just stygg, men . . . Berre ho ikkje hadde set so dum ut! Og dersom ho hadde havt det Haaret uppsett paa Folkevis! og ein finare Kjole . . . no var ho klædd som ei Tenesttaus -! Han, som var van med aa sjaa dei finaste Klædningar . . . Ja! den som hadde slik Stas som dei der ned i Paris! . . . Men kannhenda han brydde seg ikkje um slikt? - Ja, men han var so fint klædd sjølv? – Ja; men han hadde daa ikkje set ut som han undrast? - Nei, men han var væl for fin til aa lata seg merkja med slikt . . . .
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum