Brevsendingar.

 
1.Gloppi, Decbr. 1878. Ved Amtsskulen her hev Gutarne kvar Fredagskveld Ordkast um eit og annat. No sidste Fredagen hadde dei Ordkast um Maalsaki. – Lærararne var inkje med, segjer dei. – Det var berre 3 som talad fyre Saki; dei andre Talarar var imot. Av dei underlege og og utruleg gamaldagse Grunnar, som kom fram imot Saki kunde Ein høyra, kor litet Gutarne visste um henne. Men daa Gutarne væl hev høyrt det vesle, dei visste, av Foreldri sine, kunde Ein og gjenom Ordkastet faa ei Meining um, kvat Bonden her veit um desse Ting. Og det kann nok ikkje vera stort. Tek eg ikkje imist, so hev Bygde- bladi vaare ein god Gjerning aa gjera her med aa spreida Kjennskap ut yver Bygdarne um denne ”Bondens største Sak.” Eg veit og visst, at her er Maalmenn, som tek paa aa greida litet Grand upp i denne Saki med det fyrste. Berre ein kunde faa det prentat!
 
Men eit Ordkast um denne Sak her i Bygderne maa til.
 
Dei Bondemenn, eg hev snakket med um Bygdemaal i Aalmugskulen, hev alle voret glade i det; og det vonar eg vil vera ”Fedraheimens” Lesarar kjært aa høyra, at Folket inkje er so reint vitlaust, som sume vil hava det til. Her er inkje so faa, som gled seg til, at Storthinget vil gjeva denne Logi i Aar, etter at det hev synt seg, kvat ein kann venta fraa hin Kanten. Talen hans Jak.Sverdrup i Odelsthinget hev fenget ein og annan her til at tenkja yver denne Saki.
 
Den Takk han her i Sumar fekk fraa ”Norsk-Laget i Holmedal” (Bygdebladi vaare bar Takken fram) er der ogso her ikring sume no, som tykkjer gildt um. Desse vonar og, at Gud gjev honom Helsa og Livedagar til aa kjempa endaa ein Kamp fyr oss i denne Sak, um det trengst.
 
Det er no kor som er Farbroren, J. Sverdrup, som vert mest lastad av den andre Flokken, fyrdi han var med paa ”slik Urettferd” mot Lærararne at dei ” saa vidt mulig” i Skulen skulde snakka som Borni. Men no høver det so ubeint, at nettupp han var den Mannen paa same Thinget, som arbeidde kanskje aller mest fyre, at Lærararne skulde faa sopass Mat, at dei slapp aa svelta. –
 
Gjerer inkje Thinget meir no ved denne Sak, so fæler visst mange med meg fyr det verste.
 
Og difyr bed me:
Kjære Storthing! tving os inkje til aa løna dei Menn, som lyt gjera alt dei kann fyr aa riva Maalet vaart ut av Munnen paa vaare Born!
 
Det er tungt aa tenkja paa, men me tykkjest sjaa alle Merkje til, at me kann koma til aa maatta finna oss i slikt, dersom inkje Thinget tek denne Rettebok um Hende atter.
 
So langt er endeleg me og komne, at me skjynar nokot af Sanningi i Grundtvigs vakre Song:
 
”Moders Navn er en himmelsk Lyd
saa vide, som Bølgen blaaner;
 
Modersmaal er de spædes Fryd,
og glæder, naar Issen graaner.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Modersmaal er vort Hjertesprog,
kun løs er al fremmed Tale.!
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
 
Me hev og no ein Kjenning av, at det er Sanning, me syng med Reitan:
 
Tynes Tunga, døyr me fleir,
standa aldri upp att meir.
Ein Bonde.
 
1.Hrr. Bladstyrar! I ” Verdens Gang” hev Ein spurt, um ein Landslærar hev Rett til aa læra Skuleborni skriva etter den ”nye Rettskrivning” dvs. med smaae Fyrebokstavar allestad utan i Eigennamn (Sernamn). ”V. G.” svarar, at til slikt maa Læraren hava Lov av Kyrkjestyret. Naa ja, - me Skulemeistrar er vane med det aa ikkje kunna gjera nokon Ting utan ”Lov”; det er Uppsyn og Uppsyn, og Uppsyn yver Uppsyn, so me visst ikkje letteleg skal kunna gjera for store Sidesprang; - men endaa veit eg ikkje av, at me hev fenget noko ”Reglar” fraa Kyrkjestyret um Rettskrivningi lell. Og ikkje er eg fyr min Part tenkt paa aa beda um slike Reglar helder. Det fyrste eg vart Skulemeistar, so meinte eg, det skulde bera til aa læra Borni Rettskrift etter 1ste Utg. av Jensens Lesebok. Men med so stutt Skuletid som eg hadde, saag eg snart, at det ikkje vilde nytta. Enden paa alt Strævet med ”store og smaae Bokstavar” vart fyr mange den, at dei – skreiv utan Regel. Daa eg so skynad detta, so berre kastad eg burt dei ”store Fyrebokstavarne” – utan aa spyrja nokon um Lov -; og no ser eg mange av Skuleborni mine, som skriv bra etter den Regelen. Eg trur ikkje eg hev gjort nokot galet med detta, og eg trur ikkje, eg hev Logi imot meg. Dersom Ein ikkje kunde vaaga eit slikt Tiltak utan ”Lov”, so gjekk det væl endaa mindre an fyr ein Lærar aa skifta um fraa Bokmaal til Bygdemaal i si (mundtlege) Undervisning; - men eg meiner me gjer væl i det Umskiftet og. Eg hev sjølv prøvt det, og eg veit, at dei Borni, som fyrr sat og hekk med Hovudet, naar eg fortalde paa dansk, dei rette seg upp og saag meg trutt i Augo, naar dei fekk høyra sitt Heimemaal, og dei lærte daa likso mykje paa eit halvt Aar som fyrr paa eit heilt. Lat oss altso bruka vaart eiget Vit og ein Gong imillom; det hender, at det Rette byd seg fram av seg sjølv, utan at det er naudsynt aa ganga til ”Kyrkjestyret” etter Rettleiding.
J. N.
 
1.I Brevet mitt fraa Torpen, som stod i Fedraheimen No. 86 ifjor, var der eit par Ting, som skal vera litt annorleids.
Der stod i Brevet: ”Men no bur Ordføraren i Vest-Torpen, og det ser ut fyr, at dei dermed lyt hava sin Veg fyst og fremst; dei andre fær daa sin sidan – dersom Pengane røkk til.” Disse siste Ordi: ”dersom Pengarne røkk til” skal ut. For Pengarne til baade Vegjer er tilrettes. At Aust-Torpingarne inkje fær Vegen sin fram, kjem inkje dette ved. Det vil til ei ny Bevilgjing.
 
So var det nokot um Grøndals-Saki. Grøndal var inkje insett av Stiftstyret paa 3 Maanadars Uppsegjing. Men det var so det, at daa Skulestyret sende Avsetjings-Brevet sitt aat Stiftstyret,daa fekk dei det att med den Paateikning, at Grøndal maatte hava Løn i 3 Maanadar etter at Avsetjingi vart honom fyrelagd.
 
Enden paa Visa vart daa den, at Grøndal laut hava Løn i 6 – seks! – Maanadar fyr ingenting aa ha gjort. Og dette skal Kommunekassa bitala? Jamen skal ho so. Det er alt avgjort i Heradstyret det.
 
Det maa vera godt fyr Pengar her i Torpen!
31te December 1878.
A. Sollien.
Opl. Avis tek kanskje inn detta med.
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum