Amerika-Brev.

 
Chicago, 11te Dec. 1878.
 
Aa liva i Val-Stræv er fyr Amerikanaren likso naturlegt som fyr Fisken aa liva i Vatnet. Er eit Val yverstadet, og det er eit litet Pusterum, fyrr dei tek til aa stræva med næste Val, er det so audslegt, plent som det ikkje var rettugt ”amerikansk” lenger. Og no, etter det store Val-Strævet heile Vetren, Vaaren og Hausten, og den mest svevnlause Otten, medan Valget stod paa i Oktober og November, synest det vera enndaa meir daudt og audslegt enn hellest etter Vali. Denne Gongjen var det ikkje berre Spursmaal um, kven av dei store Partiom skulde hava Magti i Landet, - det var ei stor Sak aa strida um, det var ”Pengesaki”. Og der finnst ikkje Sak, som Folket kan stræva og bala so hardt med, som med denne.
 
Grunnlogi hev gjevet Kongressen (det amerikanske Storthing) Magt til aa ”mynta” Pengar. Daa Borgarkrigen (imillom Sydstatom og Nordstatom) kom paa, laut Landsstyret hava ei uhorveleg Mengd Pengar til aa driva Herstellet med. Det var Uraad i ein Hast aa faa inn alle desse Pengarne gjenom Skatt. Styret laut laana, og gav fyr dei laante Pengarne renteberande Skuldbrev, som det batt seg til aa løysa inn med Mynt innan ei viss Tid. Men det munad ikkje. So visste Kongressen seg inkje onnor Raad enn aa gjeva Styret Løyve til aa laga Papirpengar, endaa Grunnlogi berre gav det Løyve til aa ”mynta”. No vart daa Landet Vonom snøgare yverfløymt av Pengesetlar, som Regjeringi gav ut fyr alt, ho skulde kaupa, og som ho lønte Soldatar og Embætsmenn med. Og desse Setlar skulde alle godtaka som fullgode Pengar. Dei kallad dei jamnast fyr ”Grønryggjer”, av di dei er grøne paa Baksida. Paa ein slik Pengesetel stend det, at Regjeringi skylder den, som hev honom, ein Mynt-Dalar. Men det stend ikkje, kvat Tid Regjeringi vil lata honom faa denne Dalaren. Aa daa ” ein kor Tid er inga Tid”, so tvilad mange lengje paa, at den Tidi nokon Gong vilde koma, daa Regjeringi vilde elder kunde løysa inn Setlarne sine. Daa Folk no ikkje kunde negta aa taka imot deim som Betaling fyr Skuld, so sette dei Prisarne sine upp, anten det var fyr Arbeid hell Varar, so at du laut gjeva halvannan Gong so mange Papirdalar som Gulldollars fyr ein Ting. Folk tenkte: Er Pengarne daarlege, so lyt eg hava so mange fleire av deim fyr aa staa meg mot Tap. So flaug daa Verdet av desse Setlarne upp ein Dag og ned den andre, etter som Ordet gjekk um, at Kongressen vilde elder ikkje vilde gjera Aalvor av aa løysa deim inn med Mynt. Ingen visste, kvat han hadde. Kongressen tuklad no med ”Pengespursmaalet” jamt og stødt, men ein Dag i Aust og ein annan i Vest. Eit Bil snakkad han um aa løysa inn, eit annat Bil paalagde han Regjeringi aa gjeva ut meir av same Slaget, endaa høgste Domstolen hadde avgjort, at det var imot Grunnlogi. Jau, tilslut fastsette daa Kongressen at Innløysningi skulde setjast i Gang den 1ste Januar 1879. Og no steig Verdet av Setlarne jamt, etter som det leid nærmare denne Dagen. No er ein Grønryg mest likso god som ein Gulldalar. Regjeringi hev no i lenger Tid dreget ihop Gull til aa løysa inn med.
 
Men daa det no vart harde Tider, var det mangein som tenkte og sagde: Kvifyr skal Regjeringi kaupa inn Gull og leggja ihop Gull av Tollen fyr aa løysa inn desse Setlarne? Ho skulde helder minka Skatten aa gjeva ut m e i r Setlar, so det kunde verta fleire Pengar millom Folk og betre Tider. Strakst tok samvitslause Politikarar yver heile Landet til aa preika fyr Folket: Det er dei hjartelause Kapitalistarne (Pengemenn), som vil hava Grønryggen avskaffat, fyr at Styret skal nøydast til aa kaupa Gull av deim i dyre Domar. So skal det arme Folket utpinast med Skatt fyr Kapitalistarnes Skuld. Fyrr Regjeringi fær skrapat ihop Gull nok til aa løysa inn Grønryggen med, vert me Fant alle Mann! Er me ikkje eit fritt Folk? Kann me ikkje gjera oss nett kvat Slag Pengar me vil, og ikkje spyrja korkje Kapitalistar elder Kongar elder Pavar, um dei lika deim elder ei? Lat oss avskaffa Innløysingslogi att! Lat oss paaleggja Regjeringi aa gjeva ut Setlar, som aldri skal løysast inn att. Og ho skal gjeva ut so mange Setlar, at kvar Mann og Kvinna og Barn i Landet kann faa alt det dei treng um! Daa vert det aldri harde Tider meir!”
 
Dei, som foor med slikt Gapesnakk vart kallad Grønrygg-Menn elder – slett og rett – ”Grønryggjer”. Og ei stor Mengd av Folket trudde paa deim. Ja i sume Statar fengde denne Grønrygg-Trui i Folket som Eld i Stry. Dei tvo store, gamle Partiarne, som laag og nappadst um Yvertaket, saag forbinad paa detta. Mangein av deira Høvdingar tenkte daa med seg: Detta er nokot til aa fanga Folket med! Vaart Parti skulde preika Grønrygg-Læra, so fekk det Mengdi paa si Sida og var viss paa aa vinna ved Valet. Freistingi var for stor, og Demokratarne fall. Ein stor Deil av deim knebøygde seg fyr Grønrygg-Avguden fyr aa faa Siger. Det republikanske Partiet laut daa taka den Raad aa preika r e i n Læra imot Grønrygg-Kjettardomen. So vart det eit Laup, ei Preiking og ei Skriving yver heile Landet, so ein kunde drukna i det. Upplyste og ærlege Menn undrast paa, kvi so mange leet seg tulla burt i Grønrygg-Ørska. Det synte seg, at det jamnan var dei faakunnigaste, som trudde paa denne Læra. Dei konservative Avisur i Landet skreiv daa: Slikt kjem av, at me ikkje heve Politik i Folkeskularne. Det saag stygt ut; men det synte seg daa til Slut, at Vitet vann yver Vitløysa. Myntmennerne fekk flest Røyster, og det republikanske Partiet vann.
 
No kviler me daa paa vaare Laurbær; men Politikararne likar ikkje aa liggja yrkjeslause, og daa dei mismætar alt annat Arbeid, so vaagar eg, dei alt slipar Vaapni sine att til næste Valstrid.
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum