Voni.

Livet upp seg sjølv må tæra
til det ligg i oska grå;
voni vengsterk skal deg læra
livsens store méd å sjå.
Voni livsens sut skal sona,
svæva sorg med svale ord;
kann du berre hugheilt vona,
er du sæl og sterk og stor.
 
Alt paa jordi glid og gletter
her er ingen ting å tru.
Dagar vender seg til nætter
sumar må til haust seg snu.
Det, din ungdom vænast drøymde,
vrengjer seg til sut og spe,
og um so deg sjølv du gløymde, -
livet gjev deg aldri fred.
 
Men når tidt di såre bringa
vrid seg som i eiget blod, -
kann i von du fram deg svinga,
skal du endå vinna mod.
Det, som tyngjer, det, som binder,
døyr med deg og losnar av,
men det sanne fram seg vinner
som ein blom av sokne grav.

 


Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum