Notisar

Skifte. Ein Bonde do og leivde etter seg eit Testament, 3 Søner og 17 Hestar. I Testamentet stod det, at Sønerne skulde skifta Hestarne millom seg soleids, at den eine fekk Halvparten, den andre Tredjeparten og den tredje Niandeparten av dei 17 Hestarne. Daa dei ikkje kunde semjast um Skiftingi, gjekk dei til ein Sakførar. Han svarad: ”Den Sak er klaar; eg hev ein Hest standande paa Stallen; naar eg no gjev Dykk Hesten min, so kann de fulla koma til Semja.” Og dei skynade strakst, at naar dei hadde 18 Hestar, vilde den eine faa 9, den andre 6 og den tredje 2. ”Men 9 + 6 + 2 er daa berre 17”, sa’ Sakføraren; ”altso tarv De ikkje min Hest”, og dermed vart det.
 
Fraa Bjørnstjerne Bjørnson inneheld ”Dansk Folketidende” eit Brev. I det segjer Skalden, at naar han ein Gong vart dregjen til Grundtvig, var det ikkje Grundtvigs ”Upptekkjing”, som drog, men hans Syn fyr det Menneskjelege, hans ”poetiske herlige Øie paa Menneskets Livsløb og Kaar, hans brede, myndige Forstaaelse”, hans Syn og Song fraa Livsens Høgder. Ein kann ikkje, segjer B., tenkja seg nokot meir motsett Grundtvig enn den ”spidsnæsede Vragermine”, som Folk paa hans Autoritet no set upp fyr aa forfylgja og forkjettra.
 
Nordenskiøld hev dei ikkje høyrt nokot fraa i heile Vetr. Dei meiner, hans Skip ”Vega” sit fast i Isen ein Stad ved den siberiske Strondi ved Austkapp. Fraa Austkapp er det 250-300 Miler til den russiske Telegrafstationen Albarin og til Militærstationen Anadyrsk berre 40-50 Miler. Skulde det ikkje snart koma Tidend fraa Nordenskiøld, vil Oskar Dickson i Gøteborg senda ut ein Ekspedition med Hundesledar til aa leita upp dei Innefrosne.
 
Gamal Regent. Sultan Omar Abbas, Herskar i den sudarabiske By Dasar, er daaen etter aa ha regjerat i samfulle 80 Aar. Han var fødd 1782. Daa Far hans, Abdurrhaman, i ein Uppreist vart jagad fraa Sultansessen og drepen, var Omar berre 16 Aar, men likvel Kar fyr aa sauma alle deim, som hadde tekjet Tott i Uppreisten, 36 Menn i Tal, inn i Sekkjer og kasta i det raude Havet, der det ikkje gjekk deim betre enn gamle Farao. Han leiver etter seg 26 Søner og 18 Døtter.
 
I sitt Aars-Yversyn skriv ”Oplandenes Avis” um, at ogso siste Storthing var veikt baade i Skattesaki og i Saki om Skattenemndi. Men, legg Bladet til, ”paa den andre Sida skal det likvel ikkje negtast, at Thinget ogso førde tidlegare Things Arbeid paa Framstig eit Stykkje lenger fram. Me minnar um Brigdet i Grl. § 92 og um, at Thinget tok det fyrste Stig til aa hevda det norske Tunge maal den Plass i vaare Skular, som tilkjem det. Me ynskjer og vonar, at det ikkje maa stansa paa Halvvegen.”
 
Ny vitenskapleg Høgskule. I Bergen vil dei grunnleggja ein akademisk Høgskule. I det akademiske Samlag heldt nyst Kand. L. Steineger eit Fyredrag um Saki og fekk stor Studnad, endaa ogso sume var imot.


Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum