Eit namnlaust Folk.

Det er leidt aa inkje hava nokot skikkelegt Namn, men aa vera reint namnlaus er endaa myket leidare. Du skulde prøva det du, som segjer, at Namnet korkje gjer fraa elder til, og at det kann vera det same med heile Namnet, so tenkjer eg du fekk kjenna.
 
Eg hev leset i eit Æventyr um ein Mann, som var reint raka Fant og visste seg inkje Mat-Von. So var det ein Namnlausing, som baud seg til aa kaupa Namnet hans, og vilde gjeva han ein Pung, som var slik, at han aldri vart tom. Pytt, lat skura, tenkte hin, det er betre aa hava Pengar enn Namn, og han selde Namnet sitt. Sidan kaupte han Gard og betalade ut kontant det han skulde. Den, som selde Garden, spurde kvat han het, og Grannarne vilde og vita, kvat han het, men han vreid seg fraa dei paa ei Vis. Men so fridde han til ei Gjenta, og ho svarade ja, men daa ho inkje kunne faa vita Namnet hans, kunne det inkje verta Brudlaup av; sistpaa vart han so keid og leid, at han berre ynskte han hadde att Namnet sitt. Mat og Drikke hadde han Nøgdi av, men han kunne inkje liva paa Folke-Vis fyrutan Namn. Det var plent som med Peter Schlemihl, som hadde selt Skuggen sin.
 
Det minste Graset, det minste Dyret hev sitt eiget Namn, um det er aldri so armt.
 
Namnet er til, fyr di ein skal kjenna den eine Tingen fraa den andre, og difyr hev kvar Ting, som inkje er heiltupp lik ein annan Ting, sitt eiget Namn. Men ein Ting, som det inkje er nokot sereiget med, treng inkje Namn.
 
Ein skulde mest tru, at det er slik voret med Nordmennerne, at me inkje hev Namn. Men det kunne no altid verta ei Raad med det. Hadde me nokot sereiget fyr oss sjølv, so me trong eit Namn, kunne me vel finna paa eit Namn. Me skulde inkje taka so stort i, me kunne kalla det Norsk, til me kunne finna paa eit betre Namn. Norsk er slikt bljugt Namn, det kunne vel ingen taka oss illa upp. Ja, lit inkje paa det. Det er mange, som nettupp meiner det er som det skal, at me inkje eig nokot Namn.
 
Er me daa so reint namnlause? Lat oss sjaa. ”Norig hev ei Historia, den er daa norsk”. Ja, men du kann inkje skriva Norigs-Soga, mindre du tek Danmark og Sverik med. ”Men Norig er eit Kongerike, me hev vel ein norsk Konge”. Me skulde hava ein norsk Konge, men dei kallar han norsk-svensk, og endaa tidare svensk-norsk elder berre svensk. Det er inkje berre Danskarne og andre Utlendingar, som kallar Kongen fyr svensk, men i Sumar, daa Krunprinsen vaar var i Norig, helsade Telebønderne paa han som svensk Krunprins. Dei oldenborgske Kongarne dei vart sjølvsagt berre kallad danske. ”Men Norig er eit sjølvstendigt Rike, me hev ein norsk ”Statsforfatning”.” Aa Kjære, skriv ”Statsforfatningens” Historia, ho vert inkje norsk berre, du lyt taka Danmark med. (Sjaa Aschehoug, Statsforfatningen i Norge og Danmark Side 5.) ”Men me hev daa ein ”Literatur”.” Ja skriv du ei norsk Literaturhistoria ”til Skolebrug”, um du kann. Rektor Eriksen hev skrivet ei ”Dansk og norsk Literaturhistorie til Skolebrug”, ho er dansk og norsk, inkje norsk og dansk dessmeir, endaa ho er skrivi av ein Nordmann fyr norske Gutar. ”Men me hev eit norskt Flagd”. Ja, me kunne hava eit norskt Flagd, til Privatbruk i det minste, men me er so vande med, at det skal slengja nokot framandt med, at me tykkjer inkje det er vel, mindre me set Unionsmerket i Flagdet. Me er liksom Smaaborni, som inkje hev lært ”aa sleppa seg”. Orlogsflagdet skal etter Grunnlogi vera eit Unionsflagd, so det er aldri rødande um det. Rett som det er, er det under svensk Komando, jamvel i norsk Hamn elder naar me helsar paa ei tusendaar-gomal norsk (liksom) Nybygd. ”Men me hev vaart eiget Bokmaal”, segjer du, og held Handi fyr Andletet, so ingen skal sjaa, kor Lygni brenner deg. Ja sjaa etter du i Ordbøker, som liknar ihop ymse Tungemaal. Du vil finna Svensk, Dansk, Islandsk, men aldri Norsk. Tegnér hev skrivet eit Vers um kvart av dei europæiske Tungemaal, men det er daa underlegt, at han inkje nemner Norsk, - same Mannen, som hev diktat Fritjofs Saga! ”Ja men Landsmaalet er daa norskt”. Ja det kunne vera norsk, naar me vilde; men me er so utor Vane komne med aa hava nokon Ting fyr oss sjølve, at me liksom skjemmest og blygjest, og er rædde nokon skal taka det fraa oss, og so kallar me Landsmaalet: Norsk-Norsk. Tanken er: Herre Gud, lat inkje Svensken og Dansken sjaa, me er kaute! Lat oss liksom gjera Narr av vaart eiget og setja ein Krull paa Griserumpa og kalla det Norsk-Norsk. Den staute, frie, sjølvstendige, stolte Nordmannen er “moralsk feig”, det er Sanningi. Er det ein, som endaa trur me hev nokot fyr oss sjølv, liksom andre Folk, so er han inkje Nordmann (”Lat inkje Svensken og Dansken faa nokot aa læ av!”) men norsk Nordmann. Me er so rædde, Folk skal tru me er barnslege, at me hev inkje Mot til aa væra vaksne.
 
”Men Ordet norsk er daa norskt, veit eg?”
Nei, gode Lesar, det er ei Forvanskning av nordisk 1).
           
“Aa ja, det gjer inkje nokot. Ein kann vera like god Nordmann fyr det.” Men Kjære, korleids uttalar du Ordet Nordmann, det er slik framand Sleng paa det, liksom naar du nemner slike Ord som: Hilda, Fritjof, Anna. Det vert reint tyskt i din Munn.
 
”Uttala gjer korkje fraa elder til. Hovudsaki er at me samlar oss um Fødelandet vaart.” Det siste kann eg vera med paa; men kvat heiter detta Fødelandet, me skal ”samla” oss um, er det Norge, Norgje, Norre, Noreg elder Norig? Kvar Franskmann veit, at hans Fødeland heiter La France, kvar Engelsmann veit, at hans heiter England, men Nordmennerne hev 5 – segjer og skriv fem Maatar aa uttala Namnet til Fødelandet sitt paa. Eg er rædd Hjartat er likso femkluftad som Tunga.                                               
(Meir.)
 
1)      Danskarne minnest endaa Upphavet til Ordet norsk: Dansk Svensk og Nordisk hev me set ender og daa i danske Bøker, helst i den Tid, daa Skandinavismen var uppe.
 

Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum