Tidsaandi.

Det er so vondt aa greida seg tidt, naar truande Folk skræmer oss, med Vantrui. Eg meiner ’kje berre dei, som brukar denne Skræmsla i Utid og Tankeløysa, dei som hev høyrt gjetet ”den indbrydende Vantro”, og inkje veit det Grand um, kor ho er, hell koss ho er lagad. Fyr deim er ”Tidsaandi” det same som Vantrui. Dei største og beste Tankar i Tidi vert likso spelege som dei vonde. Alt det, som vil fram og upp, det er Vantru, - anten det daa er godt hell vondt. Denne tankelause Døming er her nok av, og den er eg rædd hjelper Vantrui fram meir hell ho stansar henne. Det kann vera mangein, som ser seg nøydd til skilja Lag med dei Truande, avdi han inkje fær Lov til aa vera med paa nokot Framgangsarbeid paa annan Maate, og naar han fyrst hev lotet skilst med sine Kjenningar og kristne Vener, daa misser han den Stydnad, han hadde i det ytre Samband med deim; han vert titt helder eltat med Kjettardomen av deim, - og daa er det dess lettare aa vildra seg burt.
 
Men det var ’kje denne stuttsynte og tankelause Dømingi, eg berre tenkte paa. Det er ogso gamle ærlege Kristne med varmt evangelisk Aalvor, som so sorgtunge stend og ser ikring seg og fæler fyr den Tid, som kjem; dei ser inkje Ljos i dette Myrkret, som sig inn yver Folket; det svartnar altsaman, og dei er inne paa aa gjeva Kulturfolki upp i Vonløysa. Dei tykkjer, det hjelper korkje Banstraale elder Kjettarbrann, og det einfalduge Frelse-Evangeliet vil ingen lyda paa lenger. Dei trotnar, læt Henderna siga, og gjev ”Tidi” upp. Dei minner um Elias, daa Jesabel vilde drepa honom, og han bad um aa faa døy. Men daa kom Herren til honom – i ei mjuk og mild Luftning.
 
Det er slike Folk, som det so titt er saart aa røda med. Ein vilde so gjerne hava deim med i aa arbeida fyr Framtidi; men dei stend magtstolne og veit ’kje kor dei skal vera med helst.
 
Dei hev no fyrst gløymt dei 7000 ”stille i Landet”, som inkje hev bøygt seg fyr Baal. Det finst slike; herheime er eg viss um, dei finnst. Og i det ”vantru” Tydskland er dei au *1). Det er
*1) Les t. D. Funcke.
 
denne løynde usjaaande Flokk, som er Saltet og Surdeigjen i Folket i dei myrke Tider. Og Ein kan inkje vita so vist, kor dei er. Det kann vera mange der du trudde var berre ”Vantru”. Og der er Arbeid fyr mange, Arbeid til aa auka Vokstren og Krafti hjaa desse stillfarande, so det kann slaa ut i Ljos og Klaarleik.
 
Ja, der er mykjet Arbeid. Det kjem an paa aa sjaa ”Tidi” paa den rette Maaten. Det hev altstødt voret so, at Fraafaldstiderne hev lagat til gode Tider. Det er titt, at sjølve Fraafallet peikar paa slikt. Jamleg er det dei største og djupaste Aander, som fell fraa. Det er plent paa den Maaten no. Vantrui tyrst verta boren uppe av deim, som gjeng fyre i Vitskap og Kunst. Dei beste Tenkjarar, Sogemenn, Maalkjennarar, Naturkunnuge, Diktarar osb. vert haldne fyr vantrue. Me ser det herheime t. D. med vaare tvo Storskaldar. Det er Folk, som vil ”vera sanne” og tena ”Sannleikens og Fridomens Aand”, mange av dei fremste Fritenkjarom. Det er Folk, som arbeider og det med Aalvor. Kann det so vera rett aa berre fordøma deim og liksom gjeva deim upp? Kraftfulle og store Folk kann verta store Kristne, og ei Tid, som er full av store Verk i det menneskelege, skal inkje av den Kristne uppgjevast; ho er inkje vonlaus. Daa Germanarne tok Rom, som daa var kristnat, meinte mange av dei truande, at no var det Verdsens Ende. Augustin meinte, at desse ”Villmenn”, som kunde gjera slikt Storverk, kunde Kjyrkja au hava store Voner um.
 
Naar me ser, at dei store Aander soleids vender seg fraa Kjyrkja, so maa det paa mange Maatar vekkja Aalvorstankar. Tru Kjyrkja hev ’kje stor Skuld sjølv i det?
 
Det er tvillaust, at Trui maa halda Jamstig med Tidi, ja ho skulde vel vera fyre, so ho kunde lyfta Tidi frametter. Ho skulde hava Rom fyr dei største og beste Tankar og det rikaste Liv i det heile. Ho skulde elda Hugjen, lysa upp Tankjen og stæla Viljen til det største, Mannen kann gjera i det smaa som i det store. Stend det so, so vil dei største og beste Aander finna Rom i hennar Tenest. Dei slepp daa at ganga andrestad for aa finna Uppgaavur. – No veit me det, at det kann vera andre Ting, som dreg Folk inni Vantrui; serleg kann det daa helst vera deira eigen vrengde Hug. Men fyrst det vert so aalment som det teiknar til no, at dei største aandelege Arbeidskrefter dreg seg fraa for aa taka Tenest andrestad, og det endaa dei er døypte og dermed vigde til Kristenliv, so er det verdt at tenkja etter, um inkje det kann koma seg av det, at Trui hev vortet for trongrømd og liksom inkje ha Bruk fyr deim.
 
Fyrst Trui skal fylgja med Tidi, daa er det so, at ho maa liksom vidkast ut og verta djupare, ettersom Tiderna krev og Folketrongen aukast. Snører dei henne inn med alleslags gamle Band og Stengslur, so vert det trongt og usunnt og uverande. Daa rømer ho inkje Arbeidet, som Tidi krev, og daa maa dei tvo skiljast; Tidi fer til med aa laga seg ei ny Tru og den gamle vert standande liksom tom. – Men her maa me skilja millom Kristendom og Kjyrkjetru. Det er denne seinste, eg talar um. Kristendomen vert alstødt ung og sterk. Men den Tru, som raar i Kjyrkja, er paa mange Maatar liksom berre Molar av Kristendomen. So hev det voret fyrr, og so er det no. ”Me skynar berre stykkjevis.” Ettersom Tiderne er gjengne hev Kristfolkjet lært eit nytt Stykkje altfort og aukat den gamle Arven. Ein slik Auk fekk me med Athanasius, Augustin, Bernhard, Luther, Spener, Grundtvig osb. Det hev voret større og mindre, ettersom Tidi hev kravt og aukat. Det er nok den same simple Kristendomen, men altfort sedd større og sannare. Og fyr kvar Gong, me er komne fram, hev Kristendomen synt si Magt til at taka upp, adla og styrkja heile det menneskelege Framstigsarbeid. Eg er so rædd fyr aa verta misstydd i dette og lyt difyr føra det meir ut.
 
Vaar Tid hev mange Torv og mange Uppgaavur. Der er no Politiken. Kven vil negta, at Tidi hev umskjipat Folkelagi mykje, serleg i dei store Land? No er det skillegt, at denne Umskipingi krev, at Landsstyringi lagar seg etter. Men kven er det, som tek upp til Dryfting dei Spursmaal, som reiser seg her? Jau, det er mest Statsøkonomar, Filosofar og slike. Krev Ein Umskiping fyr Kristkjærleiken si Skuld, so vert det ropat paa Samband med Revolutionen. Det ligg Uppgaavur ferduge der, som den Kristne nettupp skal vera med paa. Og sumestad fer dei til faa ei Kjensla av det au. I Tyskland er der ”kristelege Sosialistar.” Les likeins sumest av Biskop Martensen. Men kormange Kristne er det, som møter Sosialistarne med den rettleidande Kjærleiken, som vil skyna deira Tarv og gjeva deim Ljos? – Det den norske Presten skreiv her ifjor um Leipzig-Sosialismen totetst mest berre vera kald Kritik og Avdøming. Finn me ’kje Rom fyr mykjet og stort Arbeid her, so er vaar Kristtru stivnad og trong. – Jamnast er det so, at dei Truande anten set seg mot og er ”konservative”, hell au rymer dei rædde undan. Mest alle desse politiske Krav skal dei kjempa imot, men det er faae, dei vil kjempa fyre.
 
Av dei Ting, som held paa at arbeida seg fram herheime, skal eg nemna Maalsaki og Høgskulen. Det er faae Vikur, sidan ”Lutherstiftelsens” Blad strævad med aa syna dei truande, at i heile Høgskuletanken laag det eit Drag Fritenkjing. Det var ’kje eingong berre dei namngjevne Lærarar, men det var ”Retningen”. Og det er berre 11 Aar, sidan ein Seminarstyrar las ut eit Stykkje av Bibelen, som skulde tydast ut mot Maalsaki. Likeins hender det enno, at ”Maalstrævet” vert teket med i ”Tidsaandi”, som er ”Positivisme og onnor Vantru”. Fyrst Trui syner seg soleids, daa er det, at ho er innsnerpad og trong. Og det kann vera ærlege og varmhjartad Folk, som dregst med sovoret.
 
Og inni det, som er det reint kyrkjelege, kjem det titt fram nokot tilsvarande. Der er t. D. Spursmaalet, um Lækfolk hev Lov til aa preika. Der møter dei fram med ei Lina av Artikel 14 i Augsburgskriftet og bit seg fast i Bokstavom av den. No hev det lagat seg so her i Landet, at det er komet upp desse Lækpræikarar. Vaart Kjyrkjeliv hev ført det med seg. Istadenfyr aa standa og slaa med nokre Ord or desse Artiklarne, som vert utlagde paa fleire Maatar, so skulle Ein venta ei Utgreiding av, um det høver til Guds Ord og Kjyrkjas Tarv med eit sovoret Arbeid. Ja Jakob Sverdrup hev teket det nokotsonær paa den Maaten, men dei fleste stengjer seg inne med Art. 14.
 
Det er paa denne Maaten, Trui maa verta upplivnad, utvidkad og gjord djupare. Det er, naar Ein stend seg fast i nokot, Ein hev vant seg til aa meina er Kristtru og berre trassar paa det, det er daa Ein vert stiv og uledug. Det maa ei djupare Gransking av Tidi med alle Uppgaavur, ho set fram, - av Soga, serleg Kjyrkjesoga, med Auga paa Allstyret i henne, og framum alt av den heilage Skrift, - det er paa det Viset, Kjyrkja liksom yngjest uppatte og finn seg tilrettes med Tidi, so ho lærer at taka Tak i Arbeidet og faa dei beste Krefter i si Tenest.
 
Det er slik ei Uppyngjing, som krevst no. Den, som inkje kann vera med i det mangfeldte Arbeid, som er uppe, vert standande etter.
 

Her i Landet er Framstigsarbeidet au uppe, liksovel som i dei store Land, um det enno er smaatt. Den evropæiske Tankjen, som liksom hev brotet av Brui millom seg og Kjyrkja og vil byggja med Mannatankjen, hev ein sterk og god liten Fylking. Det er vel dei, som nærast samlar seg um ”Dagbladet” og ”Nyt norsk Tidsskrift.” – Men her er ein annan Fylking, som helder inkje tykst faa Rom fyr sit Arbeid innanfyr dei gamle Grensur. Dei vonar ei Framtid av ei aandeleg Folkevekkjing, daa Kristendomen vert ”gjenoplivet” i Folket. Det er dei, som nærast er samde med Kristofer Bruun. Baade desse Fylkingar tek kvar paa sin Maate upp Arbeidet fyr ei ”ny Tid,” og dei vert baade tvo avdømde av dei, som hev sett seg fast i det gamle, og dei er baade tvo borne av ”Tidsaandi.” Men dei er berre like i denne ytre Stilling. I Aand og Arbeid er dei ulike; dei dreg igrunnen kvar sin Veg. Men det er millom deim, Striden kjem til aa standa. Me vil vona, at dei ”Folkelege” vinn; me trur au paa ”Kristendomens Gjenoplivelse”.



Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum