Utlandet.

 
Krigen millom England og Afghanisten ser ut til aa vera utstridd, fyrr han er rett i Gong komen. Engelsmennerne (Khyberheren) hev hersett Shaturgardan den 20de December. Emiren Shir Ali hev flutt fraa Hovudstaden sin Kabul til Turkestan, er det fortalt. Han hev i det sidste ikkje gjort so mykje Motstand, at det er verdt aa nemna, ikkje ved Shaturgardan desshelder, som er eit av dei sterkaste Feste i Verdi. Landet er i Uppløysning og Styrløysa. Det heitest, at Hovdingarne fyr Gilzaifolki hev ropat Jakub Khan ut til Emir.
 
Etter Times hev den engelske Utsendingen i Konstantinopel gjort Sultanen eit Framlag um aa byggja ein Jarnveg gjenom Eufratdalen. Turkiet er imillom fyr Pengar, det korkje kann fullføra elder aabyrgsla Tiltaket, og ein av Hovudpunktarne i Planen er difyr, at den engelske Regjeringi skal faa tilvegar Pengarne mot at Turkiet avlæt 1000 Rutemeter Land fyr kvar Kilometer (1000 Meter) av Jarnvegen. Lina skal ganga fraa Osmid gjenom Alexandrette til den persiske Viki. Framleides skal Turkiet gjeva England Rett til aa grunna ei europæisk Nybygd paa 100000 Menneskjor i dei Landstrok, som vert avlatne. Til Aabyrgsla fyr dei Pengar, som vert sette i Tiltaket, skal Porten setja Innkomorne av Pasjadømi Bassora, Damaskus og Bagdad, Det er likevel meint helder aa vera eitkvart Samlaget, som ynskjer Løyve til aa leggja Jarnvegen, enn sjølve den engelske Regjeringi, som hev gjort detta Forslaget.
           
Den italiske Ministerkrise er umsider løyst; han hev varat lenge, for alle Raader dei freistud til Løysning møtte Meinhøve. I lang Tid tenkte dei paa aa senda Folkethinget heimatt, men den Raadi vart avgjort uppgjevi. Kong Umberto var hugad til aa halda Cairoli i Forsætet fyr Regjeringi og bad honom freista aa faa Riksraadet ihopattsett; men dei ymse Partiflokkar gjorde Minor til aa gjera Frunt imot honom att, og so leet han det vera og peikte ut Formannen i Folkethinget, Furini, som den fallnaste Mann til aa vera Riksraadsformann. Men Farini negtad aa skipa til den nye Regjeringi, og Kong Umberto kallad difyr aat seg Partiførararne fyr aa høyra deira Meining um Stellingi. Fylgdi av desse Samtal var, at det vart yverlatet aat Depretis, Cairolis Fyremann i Regjeringi og Medlem av det moderate Vinstre, aa skipa til det nye Riksraadet. Honom hev det til Slut lukkast aa faa ihopsett eit Ministerium av hardla fargelause Emne. Det er spaatt den nye Regjeringi eit stutt Liv.
           
Den Strid, som hev stadet paa i tvo Maanadar millom Andrassy som Styrar av Austrik-Ungarns Utrikspolitikk og Folkerepræsentationarne i baade Rike um hans Framferd i det austerlendske Spursmaal, er no til Ende komen. Motstanden hev inkje vunnet, og Andrassy raader Slagstødet.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum