Skule og Upplysning.

 
Frå Larvik.
Tidleg i haust (3die september) hadde Lærararne frå Larvik og dei næste gjeld derikring eit lærarmøte i Laugestrands skulehus til dryfting av logframlaget um bygdemål i landsskulen. Der møtte fram eit tjug lærarar. Samtalen vart opnad med eit fyredrag. I detta vart det klårt og greidt boret fram både um upphavet til logframlaget og um den framgang, som det fekk i storthinget, og det endad med den setning, at det norske folk vil aldri i lengdi kunna liva som eit sjølvstendigt folk, dersom det inkje fær sitt eiget ”skriftspråk.” Fleirtalet av dei, som var tilstades, var og av den meining, og desse ynskte, at framlaget måtte få både væl og snar framgang. Ved avrøystingi var do S imot det, men av ymse grunnar. Det var berre ein klokkar, som i talen sin var ”fullblods” ”Morgenblads”-mann. Dei fleste hadde ikkje nokot imot sjølve grunntankan i framlaget. Den fann dei var rett nok. Men sume meinte, at eit slikt logframlag var utrengt, av di at skulestyret (stiftsdirektionen) hev gjevet løyve til å bruka barnemålet i skulen. Ein klokkar (inkje Morgenbladsmannen) vilde stadfesta detta med reine ord, og las då upp eit par linor av eit sendebrev (cirkulære), skulestyret nyleg hadde sendt ikring på landsbygdom. Ein lærar fann det underlegt, at der var komet eit so brådt umslag frå det lægje; han hadde då ein tvil um, at klokkaren hadde leset sendebrevet liksom ein ”viss mann” les bibelen. Han bad difyre um å få sjå sendebrevet. Det fekk han, og so las han ”perioden” tilendes. Men då fekk ein høyra, at der stod nokot meir enn det, som fyrst var sagt. Då var det nett same grunntanken i sendebrevet som den me kjenner frå Bonnevie. Nei, frå den kanten kan ein nok inkje venta stort, desverre. Skal saki vinna framgang og fremjast, so det munar, so lyt nok den drivande kraft koma frå stortinget d. v. s. frå sjølve folket. Det lyt sjølv byrja, um det ein gong vil syna, at det er eit folk, ikkje berre ein husmans-plass (provins) til eit annat land. - Det kann merkjast, at millom dei, som på møtet røystad imot framlaget, var tri klokkarar. Desse er gjilde og gode menn; men ein norsk nationalitet i målvegen tru dei inkje på. Der skal mannskap og mod til å tru på idéar, og det er ikkje alle som er so sterke. Men dei fleste lærarar, især dei yngre då, er glade både i dette framlaget og i alt, som kann fremja eit norskt bokmål. Detta er eit merkje som spår godt. Ein lærar vil helder ikkje lengje halda på med å læra born i folkeskulen, anten det no er i byen elder på landet, fyrr han kjem etter kor unaturleg ”Dansken” er som ”Meddelelses-Middel”. Det er syrgjelegt å tenkja på, når ein veit kor vondt det er fyr dei småe å læra den danske målformi, men at dei endå skal plågast med slikt. Nokot av det såraste er, at borni skal vera nøydde til at læra Gudsordet på denne måten. Kor ordet vert mistydt! For stræv ein lærar hev med å tyda og forklara det, som dei skal læra utantil. Kor mykje tid gjeng då inkje burt til unyttes! Myket kjem dei tungnæme aldri til å få skyn på. Verst tykkjer eg målet er i våre religions-lærebøker. Tak fyr deg t. d. ”Sverdrups forklaring”, og du vil sjå, dersom ikkje fordomen hev gjort deg reint blind, at målet heilt igjenom er so unorskt og tungt som det best kann vera. Tak fyr det ”katekismen”, og du vil finna det same. Trur du, at eit barn i 9-10 årsaldren vil hava lett fyr å skyna slike render, som: ”Salig er den, hvis Overtrædelse er forladt, hvis Synd er skjult; saligt er det Menneske, hvem Herren ikke tilregner Misgjerning, og i hvis Aand ikke er Svig?” – Detta er og god og fager norsk: ”paa det vi desto trøstigere med fuld Tillid skulle bede, ligesom Børn trøstigen bede deres (sic!) kjære Forældre om Noget.” Kva er det fyr born, som her i lande bed deres kjære foreldre um nokot? Alle dei eg kjenner gjeng til sine foreldre, når dei vil hava ein ting. Er ikkje det intelligent, at ein gamall prestemann, som all sin dag hev etet av landsens kost, endå inkje heve lært so myket av det norske mål, at han kann greida dei norske ”pronomina?” –
 
l.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum