Rispur.

 
Han Erik vilde hava Ringar i Øyro sine. So skulde han Nils hjelpa til aa faa Hol i Øyresnipparne. Dei fann seg ein stor Syl; Erik lagde Øyra tilrettes paa ein Stabbe; Nils slog Sylen gjenom Øyresnippen langt ned i Stabben og so gjekk han sin Veg.
           
Erik stod der og skreik, til det kom Folk so slapp han laus att. Men etter den Dag vart han heitande Stabbe-Erik.
                                  
 
Avrettingsstraffi skræmer. Han Jørund var slik Kar til aa gala; han gol plent liksom ein Hane. Um Morgonen Klokka 3 var han uppe og gol, so Mannen i Grannegarden fekk ikkje sova. Mannen trudde det var Hanen hans, som gjorde detta, so tok Hanen og hogg Hovudet av ’n. – Han Jørund gol ikkje meir sidan.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum