Nytt Riksrettsskrift.

 
Folkes ouverænitetsprincipets gjenom førelse i vor Grundlov. Af H. E. Berner. (I “Nyt norsk Tidsskrift” 4 Band S. 255-304). Forfattaren gjev greide historiske Upplysningar um dei Tankar um Riksform og Riksmagt, som hev voret uppe i dei civiliserade Land sidan det 16de Aarhundrad (Bentham, John Locke, Montesquieu, de Lolme, Mably, Jean Jaques Rousseau o. fl.), og viser, korleids desse Tankar førde til vaar Riksform. Det er i Ljos av dei Grunntankar som var uppe i 1814, Ein maa sjaa vaar Grunnlov, skal Ein sjaa klaart, for ho er som alt annat Jordiskt eit Barn av si Tid og byggd paa dei Framstig, som til den Tid var gjorde. Og det er so mykje meir naudsynlegt aa ganga attende til Upphavet fyr aa vinna klaart Syn her, som det til Uheppa fyr Fedralandet elder iminnsto til Seinking av den aalmenne Framgang ikkje hev vantat Bakstrævsmenn, som med Augo feste paa nyare – av Bakstrævet utgjengne – Riks-Rettskipnadar og med Sukkar yver, at ”det rette Grunnlog-Schema ikkje var uppfunnet i 1814”, hev gjort sitt Beste fyr aa synkverva Folk og faa utvidkat Grunnlogi til Bate fyr den ikkje-souveræne Kongemagt. Endaa vaar konstitutionelle Praksis hev hjelpt Bakstrævet sume Tider. Den nordamerikanske ”Declaration of right” av 4de Juli 1776 og den franske ”Deklaration” av 27 Aug. 1789 um dei aalmenne Borgar- og Menneskerettar var Utslag av dei nye Tids-Tankar, og dei Menn, som hjaa oss gjorde Fyrearbidet fyr Grunnlogi av 17de Mai (liksom mange av Eidsvoldsmennerne) var gripne av desse Tankar og auste beint fram or desse Kjeldur sovel som or dei rettsfilosofiske Skrift um den engelske Konstitution og aalmenn Konstitutionalisme, som hadde sett Ljoset i Utlandet, og som dei vel kjende. Detta viser Avhandlingi greidt. Forf. hev ogso gjort vel i heilt aa inntaka dei ”aalmenne Grunnsetningar fyr Riksforfattning” (32 §§), som nær sagt i Umskrift fraa Engelsk og Fransk var uppsette i det Adler-Falsenske Grunnlogforslag”, men som Riksforsamlingi fann det rettast anten aa stinga inn her og der i Grunnlogi elder heilt lata liggja, ikkje fyrdi det var nokot aa utsetja paa deim, men fyrdi dei ikkje turvtest, daa ”alle” – som Eidsvollsmannen Jakob Aall segjer – ”var samde um aa gjera Konstitutionen fast, folkeleg og samkvæmd med dei mest frilynde Umgrip fyr konstitutionelle Forfattningar;” det er paa desse Grunsetningar vaar Grunnlog er byggd, og det er godt aa ha deim fyr Auga, naar Ein vil setja seg inn i Grunnlogi og hennar Aand. Dei, som negtar Folkets Souverænitet – hjaa oss finnst det slike – tenkjer gjernast ikkje sjølv, men held seg til B. Dunker, T. Aschehoug og nokre andre Storprofetar. Den fyrste skreiv i si Bok ”Om den norske Konstitution”, som verkeleg kom ut etter 1814, at ”Kongen er den handlende Statsmagt, den, der i Gjerningen fremtræder som den styrende, befalende, regjerende,” den egentlige Indehaver af Statsmyndigheden, medens de Storthinget tillagte Rettigheder kun danner Indskrænkninger i eller Undtagelser herfra”, so at Ein i Tilfelle av Tvil um Grensurne millom Kongens og Storthingets Magt maa avgjera Spursmaalet til Bate fyr Kongen og endaa gjeva honom absolut Veto yver dei Storthings-Raadgjerder, som ikkje er nemnde i §§ 69 og 82. Den siste segjer i sitt Verk ”Norges offentlige Ret”, at ”Kongen er Statens Overhoved og egentlige Repræsentant, i Rang overragende Storthinget, som kun bestaar af hans Undersaatter”. Desse Lærdomar viser Forf. er range. Og han gjerer det med stort Kjennskap til Stoffet, paa ein klaar, roleg og yvervitneleg Maate; dei, som enno er uklaare yver Spursmaalet, gjerer vel i aa lesa Avhandlingi. Eit annat Skrift, som kom ut i Fjor (”Kongens Stilling i Staten. Kristiania 1877. Cammermeyer”) greider ogso upp i ymse av desse Ting. Um Kongens Veto i Avsyn paa Storthingsavgjerder, som ikkje er Logjer, hev det, som kjend er, voret stor Strid. Men trass i alt, som Regjeringi og Bakstrævsmenn hev sagt, segjer og gjerer, vinn den Meining meir og meir Inngang, at Kongen inkje Veto hev i desse Saker, og det er daa visst, at det i 1814 aldri var Tanken aa gjeva honom nokot. Daa det berre er eit Tidsspursmaal, naar Sanningi i detta Stykkje skal koma til sin Rett, læt det seg vel forsvare, at Forf. ikkje hev gjengjet stort ein paa denne Saki. Derimot gjev han ei Utgreiding av Spursmaalet um Retten til aa brigda Forfatningi elder, um det tarvst, setja ei onnor i Staden, og kjem til den Slutning, at det ikkje med Grl. § 112 hev voret Meiningi aa fremja Bakstrævets Arbeid fyr aa hindra Framgangen, men tvertimot aa stogga Bakstrævet. ”Aa vilja negta, at det ein Gong i Tidi kann koma til, at sjølve Hovud-Grunnsetningarne maa brigdast, det vilde - - berre visa Vant paa Vit”, sa’ C. M. Falsen alt i 1816, og det, at Riksforsamlingi forkastade eit Forslag av Hegermann um Ret til aa uppløysa Thinget og utskriva Val til eit Konvent paa dubbelt so mange Medlemer, dersom Thinget tok ei Raadgjerd, som stod i Strid mot ”den verdande Konstitution” elder gav Kongen mindre Magt, enn han etter Konstitutionen er tiltenkt, viser at Riksforsamlingi hev yverlatet det til det souveræne Folk baade aa gjera naudsynlege Brigde i Forfatningi og skipa seg ein ny Konstitution, naar det trengst, ja at Folket elder Storthinget endaa sjølv raader yver dei Former elder den Maate, som ein ny Grunnlog elder eit Grunnlogbrigde, som stend i Strid med Aandi elder Grunnsetningarne i den Riksrett, me no hev, skal verta til paa.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum