Notisar

 
Det sokne Skip ”Pommerania” hev Alb. Leutner i London paatekjet seg aa lyfta upp fraa Havsbotnen fyr 35 Procent av Bergingsverdet; det er den same, som hev paatekjet seg Arbeidet med aa lyfta Grosser Storfürst. Hr. Leutner brukar Gummibalonar paa 10 Ton og mindre til dermed aa lyfta Farty. Balonarne vert fylde med Luft ovanifraa, og det vert fest so mange av deim til det sokne Fartyet, at dei dreg det upp. Den største Vanden er aa faa gjort Balonarne sterke nog. Naar dei vert fylde i store Dypter, held dei gjerna under Vatnet, der dei hev stort Trykk, men spring, naar dei naar Sjomaalet.
 
Hunger. I Marokko er det stor Hunger; det svelt ihel 25 Menneskur um Dagen.
 
Professor Dr. O. J. Broch hev fengjet fritt fraa sine Embette som Professor, Medlem av Justerstyret og Jarnvegsdirektionarne i 6 Maanader til Aars fyr aa styra det internationale Bureau fyr Maal og Vegt i Paris.
 
Næstsiste Laurdag var det 25 Aar, sidan det fyrste norske Telegram vart ekspederat – av Telegrafstyrar E. Viger, som enno liver og er i Arbeid ved Telegrafen.
 
Rømd Bankkasserar. F. H. Johansen, Kasserar ved Brunlanes Sparebank, hadde gjenom fleire Aar teket Pengar av Banken og rømde, daa han ikkje kunde halda det gangande lenger. Han er no fakkad i Kristiania.
 
Trillingar. I Kristiania (Maridalsvegen 112) gjekk ein Blikkslagar nyst ut til sitt Arbeid i Piperviki fraa Kona og 3 Born um Morgonen, men fann, daa han kom heimatt um Kvelden, 6 Born, nemleg 3 nykomne Søner, store og sterke etter Alderen. Det er faatøkt med Foreldri og vert difyr hardt fyr deim i denne tronge Tid
 
Bismarck tek til aa verta gamal. Han et mykje og umakar seg lite, so han vert altfor feit og tung. Han er vortet 30 Skaalpund tyngre i det siste Aaret.
 
Ny Uppfinning. I ”V. G.” skriv ein Innsendar fraa Mandalskanten, at han hev uppfunnet ei Fljugemaskin elder ein Maate aa koma seg fram gjenom berre Lufti, ikkje ved aa fljuga som Fuglen, men ved fritt og naturleg aa nøyta Muskelkrafti. Hans Maate aa koma fram paa skil seg likso mykje fraa Fuglens, som Symaskinsaumingi skil seg fraa Handsauming. Daa Uppfinnaren ikkje hev Pengar og ikkje kann setja Uppfinningi i Verk sjølv, ser han seg nøydd til aa lata henne falla i det Frie, og han vil snart gjeva Bladet Vitsmun om Ideen – anten denne no er toskutt elder klok.
 
Avskilssøknad er inngjevet av Prest J. K. Stub i Sigdal, 81 Aar gl., og likeins av Prest T. K. Koch i Verdalen, 72 Aar.
 
Daaen Veteran. Hans Andreas Hansen i Kvelland fraa Hiterøy Sokn, som var med i Lyngøyrslaget, er nyleg daaen i ein Alder av 92 Aar.
 
Hr. S. Jaabek vil i Storthingstidi gjeva ut ”Folketidende” berre onnorkvar Vika mot halv Pris fyr 1ste Halvaar 1879 (50 Øyrur med Postpengar).
 
Dagsposten i Throndheim skriv framleids um den ”Militærhistoria”, som Bladet ogso fyrr hev havt uppe, at det no hev voret Forhøyr som gjev full Vitsmun um, at Chefen fyr Rekrutskulen iminnsto hev faret hardt og uvitugt aat mot Ungmannen Johan Olsson Vatslid fraa Strindi, som gjekk fraa Vitet under Herøvingi i Sumar, allvisst etter at Guten vart sjuk. Lækjaren vilde ha hanom innlagt ”til Observation” paa Rotvoll Asyl, men Kapteinen fekk drivet igjenom, at han skulde vera under Observation i Skulen, og Guten maatte gjera Øvingarne med, til dess han vardt spennande galen. Det er etter Bladets Meining like uhuglegt, at Kapteinen var so hard, og at Lækjaren var so veik, at han gav etter i eit Spursmaal, som høyrde aaleine under honom.
 
Avretting. Hamborgaren Døpke, som misshandlade og drap Guten Albert Blom, er rettad med Faldøks den 13de Decbr. Skarprettaren fraa Berlin var sendt til Hamborg fyr aa lære Kunsti.
 
Almanak-Forlaget. Ved Auktion yver Forleggjar-Retten til Almanakken fyr 1880-82 fekk Bokhandlar J. Dybvad Tilslaget fyr 28300 Kr. um Aaret. Næst honom baud Fabricius 28125 Kr. Dybvad hev fyr dei 3 Aar 1877-79 betalat 20000 Kr. Aaret.
 
Kommuneval. Til Formenn i Bergen er vald 4 Vinstre- og 2 Høgremenn. Millom Vinstremennerne er By-Yverlækjar Sparre. Det vart avgjevet 176 Røyster. Ved Valet i Kristiania vart det avgjevet berre 151 Røyster. Dei Valde der maa fulla reknast til Høgre. Eit Par av deim er likvel gode Menn.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum