Laus uetterretteleg Tale.

 
I sitt Svar til H. Krohn (Aftenbl, 268 A) skreiv Ekspeditionschef N. Hertzberg: - - “Kven skal avgjera denne Strid (um Maalformi)? Ei Nemnd? Og so til Slut Storthinget, etter at Kyrkje-Nemndi hev granskat Saki og yversendt henne til Budget-Nemndi? For eg ser i Fyrevegen, at Aatgjerdi vil føra med seg, at Upplysningsverkets Fond vil verta sprengt.” Me gneid oss i Auga, daa me las detta. Me trudde aa vita, at Upplysningsverkets Fond alt fyr lengje sidan var sprengt, at det i mange Aar hev fengjet Tilskot av Rikskassa, og at desse Tilskot veks fyr kvart Aar, endaa mange Utgifter til Upplysningsverket gjeng beint or Rikskassa utan aa takast inn i Rekenskapen fyr det nemnde Fond. Og me slo etter. Jau, det var so, at Rikskassa gav eit Tilskot fyr Finansaaret 18 77/78 av 780,000 Kr. og for 18 78/79 av 865,000 Kr. Detta er nokot, som Hr. Ekspeditionschefen naturlegvis veit betre enn alle Andre. Men Ordi flaut likevel ”tur honom Trut;” han turvte ein Blome i Stilen sin, og so tok han denne, endaa den, som Ein ser, er vissen. Fyr oss gjerna: Ein gagnar aldri ei Sak ved aa røda burt i Hyr og Heim. Men det er leidt, at den Mannen, som er sett til aa styra Skulesakerne, ikkje skal vera vandare paa Ordi sine; ”den, som i Eitt vert seet, vert oftast fyr Tie tenkt.” Me trur ellest ikkje, at det kann vera nokot i Vegen fyr, at Storthingets Kyrkje-Nemnd granskar Skulesakerne, endaa um Pengarne til Skuleverket gjeng or Rikskassa, og endaa mindre skynar me, at Riket vilde taka nokor ill Røynd av, at desse Saker vart granskade av Budget-Nemndi. Den eine Nemnd kann vera likso god som den andre. Det vert fulla Storthinget, som fær hjelpa Norskdomen i Tungemaalet som i alt Annat fram, og det vert fulla det, som fær slaa Slag i Saki ogso um Maalformi.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum