Kristiania, den 27de December 1878.

 
Bøker. Naturhistorisk Atlas. Dansk Udgave. 48 Tavler med 644 Afbildninger og Register. Efter gode Kilder samlet af Adj., Dr. phil. C. R. Sundstrøm. Stockholm, Hjalmar Lindstrøm; Kjøbenhavn, C. E. C. Gad. 1878. Pris 90 Øre.
 
Merkjeleg rik Samling paa dei 48 Tavlur. Der er 428 Bilæte til Dyrekunna, 141 til Blomekunna elder Botaniken og 75 til Jordlæra (geologi) og Palæontologien (Læra um utdøydde Dyreslag). Bilæti ser mykji gode og greide ut. Og Prisen er billeg. Boki maa soleids koma væl med baade fyr Skule og Heim. – Fyr oss er ho altid nokot mindre brukeleg, av di ho gjev alle Namn paa reint Dansk, so det er langtifraa alle me skynar. Men – norske Born er vane med slikt, so det vil visst ikkje gjera stort paa Avsetnaden, iallfall ikkje i Byarne.
           
Mellem fjællene. Fortællinger af Sigurd Sivertson. I Commission hos A. Magnussen, Hamar. Odense. R. Nielsens Boghandel. 1877 - Høyrer til i same Romet som ”Knut Trondson”. Hev hellest – liksom den – ymist, som er varmt og vænt, og vil – liksom den – visst finna mange takksame Lesarar.
           
En Digters Drøm. Tidsaanden tilegnet af Simon de Vita Christiania. I Kommission hos Alb. Cammormeyer. 1878, - Eit moralsk Dikt, som gjeng ut paa aa syna, kor fælt og faarlegt det er, naar ein Diktar skriv usedelege Bøker. Tanken er uhorveleg sann; men eg veit ikkje, um her var nokon Grunn til aa eigna eit slikt Dikt til ”Tidsaanden” just i vaar Tid. Her er Skarvediktarar no liksom fyrr; men eg hev det Inntrykk, at Poesien i det heile er aalvorleg og sedeleg (ethisk) i vaar Tid, - meir, kannhenda, enn i dei fleste Tider. At han ikkje altid er so pynteleg ”moralsk”, at Ein ”trygt kann lata kvart Barn lesa” det han skapar, - det kjem seg væl ofta just av di, at han er so aalvorleg ethisk, talar so ærlegt ut, og ser Verdi so utan Naade som ho er. Det nyttar ikkje aa vilja mulebinda ei so mannsleg Dikting som denne, med aa snakka um at ”unge ubefæstede Sjæle” kann suga inn ”Gift” av aa lesa sovoret. Dei ”unge, ubefæstede Sjæle” suger visst meir Forgift av Livet enn av Bøkerne - naar Bøkerne er av det Slaget, eg her talar um -; og Diktararne i vaar Tid skriv i det Heile meir fyr vaksne Folk enn fyr Born. – Diktarar av det Slaget som Simon de Vita skildrar, treng so visst all den Juling dei kann faa; det er berre naar Forf. vender sitt Hogg mot ”Tidsaanden”, at eg meiner det er falsk Adresse.                   
 
G.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum