Ein Fritenkjar.

 
Ei Forteljing or Samtidi.
                                  
V.
 
”Bravo!” ropad Futen; ”ja dei Theologarne, dei kann leggja det ut! Naa, Student -?” Balle heldt fram. ”Eg veit nok, at her i desse Dagar er mykje Snakk um Kultur, um Humanitet, og dilikt, og at den skal vera Grunnstøda fyr all Lukka og Sæla paa Jordi; men lat dei prøva! – Lat dei prøva!” Han saag eggjande paa Hauk. ”Kor hev dei det, som skal aga den vonde Naturen og læra Folk aa bøygja seg fyr ein streng Moral, naar dei tek burt Kristendomen med dens høge sedelege Mynster?”
           
”Ja, og so Helvite?” tok Hr. Flint i; - Balle beit seg i Lippa. ”Eg er ein gamall Mann, ein Mann med Røynsla; men det veit eg, at aldri skræmer du ein Kjeltring fraa hans Kjeltringskap, utan at du bruker Helvite. Tukthus – pøh! Slaveri – visvas! Øks og Blokk – hjelper ikkje! Det einaste, som hjelper, det er den gnislande, gloande Elden. D e n er dei rædde. Den vrid dei seg fyre. Ha-ha-ha, rimelegt nok! – Men hadde me ikkje den, so hjelpte det -! korkje Log elder Laas; dei kom til aa slaa oss ihel alle Mann og brenna oss upp med Parafinolje, liksom dei gjer der ned i detta Filleholet, det Paris. Fy! - Ja De, Student, De hev voret i Paris, De; De kjenner Krutet, De! Ah, for Herk. Vulgus, profanum vulgus – hm? er det ikkje so han segjer, denne gamle Skarven, denne – hm! – denne – Cicero? javisst! – Odi profanum vulgus, segjer han, d.e.: til Bloksberg med den fordømde Herkemugen – og det segjer eg med! Cicero, det var ein gild Mann.”
           
”Han var ikkje Kristen!” smilte Hauk.
           
”Nei nei!” sa Futen, ”men han var . . . han var . . . neivisst! – men han var ikkje av desse nymotens Uppviglarar og Uppegglarar, desse som ligg og øser upp Herket og vil øydeleggja all Daning og all Kultur . . . nei! – Men hellest, som sagt, han var ikkje Kristen, og difyr var han helder ikkje so god som han kunde voret. Nei, daa var Luther meir til Kar. Luther ja -? Kvat sagde ’kje han? Dei Skarve Bønderne! sa’n! det Herket! sa’n! burde hengjast som Hundar! sa’n! Og gamle Fader Luther visste nok kvat han sagde. – Aa Takk fyr litt Steik, Student.”
           
Aasrud kremtad, Kapellanen saag paa Futen med helder sure Augo.
           
”Hr. Futen hev no sin eigen Maate aa tenkja og maalgreida seg paa,” sagde han, ”og det – fær han hava Rett til. Eg legg no ikkje fullt so stort Lag paa den ”gloande Elden” som Hr. Futen” [”Det gjer ikkje eg held!” skreik denne], ”og finn paa ingen Maate, at Læra um dei evige Straffer er det fyrste i Kristendomen” [”nei var det likt seg!” sa Futen.] ”Det eg meiner er, at Trui allstødt maa vera Grunnlag fyr Moralen, og naar dei no vil byggja eit nytt Samfund utan Tru, so vilde eg nok gjerna vita, korleids dei daa tenkjer aa faa Folk til aa liva eit moralskt Liv.” Kapellanen stirde paa Hauk.
           
”Bit paa den, Kar!” sagde Futen; han sat og gnog paa ein Fugleveng.
           
”Hr. Kapellanen meiner altso,” sagde Hauk, ”at dersom han, t. D. no i Dag, kom til det, at han maatte sleppa Kristendomen, so vilde han strakst, t. D. no i Nott, brota seg inn hjaa Hr. Pastoren her og – f. Eks. – stela?”
           
”Nei,” sagde Kapellanen. ”Um eg skilde Lag med Kristendomen, so skilde ikkje dermed den Lag med meg: han vilde all min Dag hava Magt yver Tankarne mine, endaa um eg sjølv ikkje visste elder vilde det. Men lat oss tenkja oss ei Ætt, som var uppfostrad reint utan Kristendom –”
- ”berre med Humanitet” –
           
”Ja! just det. Lat oss tenkja oss ei slik Ætt . . . og me hadde Sosialismen og Kommunismen i Morgo.”
 
”Bravo!” sagde Futen.
 
”Det er sannt!” sagde Lensmannen.
 
”Trur ’kje De det, Hr. Hauk?” sagde Futen.
           
”Jau, naar so mange gode Menn trur det -!” lo Hauk. Kapellanen hardstirde.
           
”Lat oss no eingong beint og greidt høyra,” sa han, ”kvat De, Hr. Hauk, meiner um dei Ordi, Hr. Pastoren sagde i Dag?”
           
”Eg?” sagde Hauk, ”eg meiner som min gode Ven Futen, at det er paa høg Tid Kyrkja tek i, - dersom ho tenkjest til aa kunna halda Fridomsstrævet nede.”
           
” – Fridomsstrævet,” hermde Kapellanen; ”det er ikkje Fridomsstrævæt, Kyrkja vil ’halda nee’, tvert imot; Kyrkja er sjølv Beraren av den sanne Fridomstanken. Nei, det er Upprørs strævet, me vil strida imot, Strævet etter aa riva alle Reip og brjota alle Band, Strævet etter aa velta all Log og sprengja all Moral, etter aa sturta Altar og Autoritet, etter aa faa gjort Mannen til Gud og Gud til Ingenting, - det er det Strævet me vil halda nede. Og eg vil sjaa paa den Kristne, som ikkje er med paa detta.”
           
”Det vil eg au!” ropad Futen og dunkad i Bordet. ”Kristendomen hev altid stadet paa den gode Sida, og det maatte vera ein laak Kristen, som ikkje vilde vera med paa aa tyna ned detta Herket, som ligg her og skrik og vil øydeleggja Kulturen og gjera seg sjølv til baade Konge og Gud i denne fille Verdi, som jamen er stusleg nokk fyrr. - Er ikkje De Kristen, Hr. Hauk? De, som er Son av Provsten? – Ja den Provsten, De! det er væl nokot til Mann! ein Aristokrat, De! og so stød -! Og so hev han altid slikt makalaust Øl. Skaal fyr gamle Provsten Hauk!” – ”Skaal!”
           
”Hm – ja,” tok no Balle i, ”eg vil ikkje spyrja Hr. Hauk, um han er Kristen; for det er ei Samvitssak, som Hr. Hauk fær avgjera millom seg sjølv og Gud, - den Gud, som kjenner Hjarto og Nyrur, og som sjølv hev sagt, at han ikkje læt seg spotta; - - - men det maa eg segja, at etter det som Hr. Hauk hev sagt, elder kanskje rettare - ikkje sagt, so kunde Ein nok koma til aa tru, at han ikkje er os varm i sin Kristendom, som det samer seg kvar Kristen aa vera, men daa i Visso ein Theolog.” – Balle augnefeste Hauk skarpt under detta.
           
Hauk smilte. ”Eg er væl altid likso varm i min Kristendomen eg, som . . . . ja à propos, Fut! er De Kristen?”
           
”Eg -? hm;” Futen lagde Fingren paa Nosi og saag djuptenkt ut, ”ja det er som Ein tek det til, det. Hm! – Ser De, Hr. Hauk -: Kristen og Kristen det er mangeslags Ting, det, og der er F- til Skil paa aa vera Kristen som Prest og aa vera Kristen qua Fut.” Her lo alle, tilmed Kapellanen.                                                   
 
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum