Åt J. Bj. . . .!

 
Du tek i mis, om du trur, at eg vil gjeve meg ut før nokon lærd man i trudomssaker. Den vesle ”Fedraheimen” er heller ikkje høvelegt rom åt lang utlegging om slikt. Difør fær du finne deg i eit berre lite svar her, og dette desmeire, då eg ser på ordlagom dine, at du vandt nok spør før einfaldugt å få greinskap, men slenger fram dei orda, eg fik, mesta berre som eit skræmeskot åt ”Fedrah.” om å vare seg før å take in noko, som folk vilde dåme ranglære i, då mangmannen, etter som du segjer, skal vera så tøk på dette, og ville vanlike blade før det same.
           
Du sa’ nys om orda mine åt ”Tunguvard” her i haust, ”at du i det heile stykkje mit ikkje kunde finne det minste anna æn slet og ret påstand.” Nå! Men minnes du stykkje hans Tunguvard, som eg svara på? Fan du noko anna uti det? Kvi kom du ikkje d å med den same domen øver han?! Du veit, han sa’, ”at Grundtvig stod breidda med sanningsgrunnen;” du minnes vel au, at han ikkje kom med snev av grun før dette utsagne? No vonar eg, du veit, at dette er å kalle noko av det hardaste, som kan segjas om eit kriste menneskje. Her vart det desutan sagt om den kristne åndskjempa, som i den store fritenkjartiden her i nordlandom kring 1800-åre våga ei smal å stige fram og med reint framifrå evne og kjærleike og rædløyså ropa folke sit atende inpå sakramentgrunnen d. v, s. den sanne kjørkjegrun eller sanningsgrunnen. Og difør var det hårreisande gapesnak å segja, at den mannen ikkje sjølv stod på denne grunnen.
           
Eg vil elles bede deg sjølv vare deg før altfør kaut å kreve grunnar før ånsmans tru. Trua er ei hjartesak; og ho byd både deg og meg ”å taka mannavette til fange under sin lydnad”. Med den kristelege oplysningen er det noko onnorleides. Men sjå, det er ikkje om denne, vi no snakke, når du ønsker ”grunnar og vitnemål før, at det kjøtklædde orde er vår kristne ”bekjendelse” elder truarorde”. Av den helige skriften kan ein korkje svare ja eller nei på dette, slik at det har øvertydande kraft før andre æn ein sjølve; og med di ser du, at vi er inne på eit trudomsspørsmål, og det eit av dei djupastom.
           
No vil eg lel segje deg nokre fåe ord om dette.
           
Eg går ut ifrå det, at alle kristne alt ifrå Kristi dag og til domens dag skal i alt vigtugt vera under net dei same vilkårom. Apostlarne såg Kristus før augom sine. Men det var Kristus som orde, som gjorde, at dei trudde på honom (Peter, ”du har orde til det altid levande live”). Og den første kristne kvitsøndag, då var han ikkje lenger synleg hos sine. Det er orde utav Guds mun, som kvar ein atterfødes av gjenom dåpen og det er det same kvar ein lever av, ikkje av ord, som gjek ut av Guds mun eingång, men som går ut av Guds mun no. Herren må talande vera nærverande hos os som hos dei første kristne. ”Eg vil vera med dok alle dagar intil verdens ende”. Du veit, ”trua kjem gjenom høyringja; men høyringja går før seg gjenom Guds ord”. Denne Herrens tale må vera orde hans ved dåp og natverd, der du au veit, at herrens bøn og fredlysingja er med. –
           
Sjå no berre på dette namn Jesus: Kor letvore bli det ikkje oftom tekje! Men, når ein trur, at Jesusnamne er det same som heile frelsarverkje hans, slik som det lyd i andre greinen av vår kristentru, då bli det djupt det orde: ”Der 2 eller 3 er samla ut i namne mit, der er eg sjølv midt iblandt dok”. Jesu namn bli då Jesus sjølv. Uti namne sit vil han vera med venom sine alle dagar alt til verdens ende”. – Jesus kallar seg sjølv ”sanningen”; og Irenæas kjørkefader kallar kristentrui etter ”bekjendelsen” vår ”sanningens likamsbygnad”. Ser du ikkje kor vænt dette høver ihop! Det er au rørande å sjå, kor helig ein ageog kor djup ei elske dei eldste federne har haft til denne ”vår aller heligste tru”, som Judas apostel kallar henne, og som han segjer, ”vart gjevne dei heligom”. Dette er merkjelege ord i ein apostelmun; for kven annan æn Kristus kunde då vera gjevaren åt dei heiligom, han kan tala om! Tertullian segjer au greidt ut, at ”denne truarregelen er den einaste, den uruggelegaste, og kan ikkje gjeras betre, og han er gjeve os ifrå apostlom og Herren sjølv”. Og baade Tertullian og Irenæus leg fram vitnemål om, ”at sanningsregelen” (trua åt apostlom eller symbolum apostolorum, som oldkjørkja kallar bekjennelse) ”alt ifrå den første tiden var knytt at åt dåpen”.
           
Hald no dette ihop med Prestens ord: ”Di er opatfødde, ikkje utav eit døydelegt men utav eit udøydelegt sed: ved det gudsorde som er levande, og som skal vera i al æva”. Hald det au ihop med Pål apostels ord åt Timoteus: ”Men hald du deg stødugt åt det, som du har lært, og som er gjeve deg i varetekt, for du veit, kven du har lært det av; og du er au ifrå barnsbein kjent uti dei helige skriftom, som kan gjeva deg hugs på frelsingja gjenom trua på Kristus Jesus”. – Eg vonar, du no her må sjå ei so djup sambinding millom dette truarorde, som lyd ved kvar ret dåp, og ”dette ævelege orde”, det, som Gud skapa verda med (”alle ting har vorte til ved det”), det, som vart kjøtklæd, då fulnaden av tiden var kome, og som då kom åt sine eigne utan lel å bli mottekje av dem;” – eg segjer, du må sjå ei so djup og innerleg sambinding her, at det ikkje staar til manna hugs å skilje dem frå annan. – Difør skal du ikkje i denne sak meire tala om grunnar. Ho står, trur eg, likso vist utanfor ”grunnarne sit omkverve”, som det gjorde før 1800 år sidan å prove, at mannen Jesus var det kjøtklædde gudsorde. Det er og blir no som då ei trudomssak å kunne segje som Peter åt Jesus: ”Du har det i al tid levande orde, og vi har trud og vedkjent os, at du er den aandsvigde sonen åt den levande Gud”. – Men kva meiner du endeleg om Påls ord åt Romverjom (10, 7-8): ”Kven vil fara op til himmels – før å hente ned Kristus? kven vil fara ned i ovdjupe – før å leite fram Krist ifrå dei daudom? Men kva segjer retferda gjenom trua? Orde er nære deg, i munnen din og i hjarte dine! Det er det truar orde, som vi ber fram”. Dette Kristorde er før meg eit av dei merkjelegaste provom på, at apostlarne såg som i eit samla syn: Kristus som det kjøtklædde gudsorde og dette orde atter som truar orde , sanningens lekamsbygnad”. Les vi evanglist- og apostelskrifta med dette grunsyne, so vil vi finne d a gøver mangt der, som elles vil ligge i dimmon før os. Då vil vi au skjøne, kva ho meiner med dette uttrykkje: ”det trauste orde, som er værd al godkjenning”, og skjøne hennar bøn, når ho segjer: ”hald du fast på den sanne form av dei sunne ordom”, og likso skjøne, kva ho meiner, når ho talar om ”det orde, som er planta ini døk”, og om ” det høyrde sanningsorde uti gledeorde” (Kol. 1,5), og om ”den gode vedkjenningja, som Titus hadde sagt fram vitnefast for mange”. Då vil vi au kunne sjå djupare i Pål apostels ord, når han skriv: ”Ingen kan legge annan grunvol, æn han, som er lagt; og det er Jesus Krist.”
           
Og les du kjørkjefederne, so vil du bli op i under øver deira ordelag om truarorde. Du vil få sjå, at dei sette det so høgt, so ofse høgt, og at dei gjøymde det som den dyraste edelsteinen og heligdomen sin og hadde slik ein helig age før det, at ikkje ein einaste braud til å teikne det ned på papere, føræn fleire hundra år etter Jesu himmelferd. –
           
Du vil ha ”vitnemål” før mi tru; men kva batar det! Det vil lel gå deg som det gjek folke i Sikar. Vel nok kom dei ut or byen etter ordom åt kvinnon; men du minnes, dei lel sagde etteråt, at dei først trudde, då dei sjølve hadde høyrt det talande gudsorde gjenom frelsarens eigen mun. Under net det same vilkåre er vi au. Skal vi kunne tru slik, at vi bli glade i al æva, so må vi få ein personleg og notidig tiltale av den høyrlege Kristus, altso få honom sjølv i eit fast og vist ord i avtaleform, snud beint åt os. Og kor er dette, utan i dei tvo nådereidskapom (dåp og natverd)!
           
Ver difør ikkje so snar til å tala om grundtvigstru, når du les dette. Du ser desse tankarne skriv seg frå ei tid longo førre 1783, då Grundtvig kom til. Bisp Martensen skal au kalle ”aposteltrua vår (dei 3 truargreinerne) den levande Kristus i blandt os”; og han er ingen grundtvigianer. – I denne tankegang vil du ikkje undras på, at det gjeld om kristendomen, liksovel som om judedomen, det orde, Jesus sagde åt skriftklokingom: ”Di randsake skrifterne, for di tru å finne live uti dem. Men dei vitne om meg. Eg er live.” Sjølv fins han ikkje som det frelsande orde meire synlegno en då, men au like so greidt høyrleg no som då til frelsing; for ”trua kjem gjenom høyringja; men høyringja går før seg gjenom orde frå Gud.” – Ord er ånd og åndens berar; men skrift er livlause krokar, som i det høgste er bildlet og skuggar av ord.
           
Nidaros, 18 Decbr. 1878.
                                              
O. J. Høyem.
                       
 
”Fedraheimen” kann ikkje taka mykje av slik Strid um reint theologiske Spursmaal; me lyt difyr beda dei Herrar skriva stutt. Bldst.
 

 

Frå Fedraheimen 28.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum