Utlandet.

 
Nokre Dagar siden gjekk det i dei utlendske Blad det Ordet, at England hadde teket til aa tinga med Porten um ei Semja. Det heittest, at den engelske Regjeringi var hugad til aa faa Tak i tvo turkiske Hamner, og at ho fyr desse vilde betala ein større Pengesum og aabyrgsla eit turkisk Laan paa 20 Millionar Pund Sterling (360 Mill. Kr.) I Underhusmøtet den 16de December forkynnte Finansministeren Northcote, at Tidenderne var usanne. Um Utgifterne til den Afghanske Krigen reiste seg eit kvikt Ordskifte. Motstandet heldt fram, at India ikkje paa nokon Maate burde bera deim aaleine. Finansministeren svarad, at det var ikkje Meiningi helder. Raadleggjingarne aat Thinget vart deretter utsette til 13de Januar.
 
Det vert ikkje spaatt Sultanens Rike nokot godt Utfall av det sidste Ministerbytet. Det nye Ministerium hev fylgt dei laakaste av dei gamle Erveskikker. Det finn upp Samsverjingar, set ut, at det er Faare fyr Livet aat Landsherren, vekkjer Røra i alt og nyttar Røra til aa faa sine politiske Motstandarar elder endaa meir sine personlege Uvener landlyfte og utor Vegen rudde. Det er ikkje lenger Tal um Umbøterne. Tingingarne millom Porten og det albanske Samband hev stanat, og Albaningarne negtar aa gjeva Podgoritza fraa seg til Montenegringarne. Den endelege Semja millom Porten og Ryssland, som skulde vera fyrste Idtrotti aat det nye Ministerium hev det ikkje voret gjetet det Slag um i det sidste. Kristne og muhamedanske Blad kappast no um aa rosa den fyrre Storvesiren, Safvet Pasja. Levant Herald skriv med bitande Spott: Safvet Pasja tek seg no ei Kvild; um han enn ikkje hev kravt ’a, so er det daa visst, at han hev fortent ’a etter det slitsame Strævet han hev havt i dei sidste Maanader. Det maa og vera eit sers Nøgje fyr Folket, at Landsfaderen finn Tilstandet so trygt og rolegt, at han kann gjeva sin røyndaste, duglegaste og klokaste Statsmann Avskil utan aa turva ottast fyr, at det skal verta til Skade.” Um Khereddin, som hev teket att etter Safvet, skriv eit Wienerblad, at han hev ridet alle Hesteryggjer, at han skifter i alle Liter, og etter Tid og Høve forsvarar og forfylgjer han alle Meiningar. Ein Korrespondent fraa Konstantinopel skriv, at Ryssarne er megtuge i Storvesirens Umkverv.
 

 

Frå Fedraheimen 21.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum