Rispur.

 
Ein Mann kom trøytt heim av ei Reis. So sa han til Kjeringi: ”gjev meg nokot Mat; eg er so svolten at den eine Tarmen bannar hin.” ”Eg hev ikkje annat enn Namn til sure Erter,” sa Kjeringi. ”Kom med dei”, svarad Mannen. Men daa han hadde smakat paa dei, lagde han Skeidi fraa seg. ”Nei detta er eg ’kje god-til greida, sa han. ”Gjev Grisen det.” ”Hev eg ’kje alt prøvt Grisen med det tvo Gonger, mein’ du?” svarad Kjeringi.
 
Ei Gjenta kom inn til ein Handlar. ”Eg skulde høyra, um eg kunde faa Saapa fyr Stivels og fire fyr tvo”, sagde ho.
 
Nils var ute og fridde og var so heppen han fekk Ja au. Men ein Ting vart nok gløymd likevæl. For daa han var komen uppaa Bakken paa Heimvegen att, ropad han attende: ”Kari!” – ”Ja!” – ”Kan du baka?”
 

 

Frå Fedraheimen 21.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum