Kristiania, den 20de December 1878.

 
Til Formann i det schweiziske Sambandsraad er vald Oberst B. Hammer, Vara-Formann Dr. E. Wetti. Til ny Medlem av Raadet vart den frilynde Kandidat Nationalraad Bavier vald med 108 Røyster (av 172); den ultramontane Weck Reynold fekk 32 R.
 
Venskapen millom Kjettaren Keisar Vilhelm og Paven er no svært fin. Paven hev sendt Keisaren Lukkynskjing med, at han hev vunnet att Kraft til paa nytt aa yvertaka Riksstyret.
 
Ludvig Kossuth, den aalkjende ungarske Fridomsmann, lig hardt sjuk. Han er no 76 Aar gamal.
           
Suez-Kanalen vert Aar fyr Aar nyttad av Skip i veksande Mengd. I 1870 gjekk gjenom Kanalen berre 686 Skip, i 1872 : 1100, i 1874 : 1400, i 1875 : 1500, i 1876 visstnog berre 1457, men større Skip enn i 1875. Innkomurne var i 1876 : 22 Millionar Franks, Utgifterne 13 Mill. Dei i Kanal-Arbeidet nedlagde Pengar (340 Mill.) gjev soleids alt no 3 fyr Hundrad.
 
Hertug d’Andiffret Pasquier søkte um Plassen millom dei Udøyelege i det franske Akademi etter Bisp Dupanloup. Men Figaro segjer, at han ikkje kann verta uppteken, fyrdi han i Brevet til Direktøren skreiv Accaidémie i Staden fyr Académie.
 

 

Frå Fedraheimen 21.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum