Jolakvad.

 
(Ved S. B.)
 
Eg syngja vil eit Jola-Kvad
- eit Jola-Kvad -,
fyr di eg er so glad, so glad.
Haleluja!
so glad, so glad.
 
Og Satan ei med all si Magt
- med all si Magt –
skal faa den Gleda øydelagt.
Haleluja o. s. v.
 
Fraa høge Himmel kom herned
- han kom herned -,
den Gude-Son med evig Fred.
 
Og aldri meir so rart du saag
- so rart du saag -:
 Vaar-Herre sjølv i Klutar laag.
 
Han, som hev skapt baad’ Berg og Nut,
- baad’ Berg og Nut -,
han laag paa Fang som Vesle-Gut.
 
I Eit og Alt han vart oss lik
- han vart oss lik -,
for deg og meg aa gjera rik.
 
Og difyr syng me no ilag
- me syng ilag –
fyr Jesus Krist eit Jola-Kvad.
 
Og Englarne syng med i Kor
- syng med i Kor -:
”med Jesus Krist kom Fred paa Jord!”
                      
Haleluja,
Haleluja!
 

 

Frå Fedraheimen 21.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum