Folkesogur.

 
1 Kongsdotteri i Danmark
 
(Æventyr fraa Telemarkji.)
 
Saa var dæ ein Kongsson, vilde av og fri te Kongsdotteri i Danmark. Men ho var saa stolt og stor paa dæ, ho vilde ikkje hava ’n, endaa han var Kongsson, ho hae ’n bare te Narr, og Maan og Rove klyppte ho av Hestanne hans. Saa gjekk han inn te Kongjen: ”Er dæ rett dette”, saehan, ”eg kjem og vil fri te Dotter di, og ho fer aat saavore mæ meg. Men no lovar eg dæ”, sae ’n, ”at eg skaa gjera ho saa fatig, at ho skaa gange paa Tresko og bea fe seg”. ”Ja gjer du dæ”, sae Kongjen, ”men kann du ’kje dæ, skaa eg koma ivi deg baae mæ Eld og Sver”, sae han.
           
Saa reiste Kongssonen heim att, slagta tvo Griser og gjore seg ein Kjole av Hui og koupte ihop saa mykje gilde Turklæ; saa reiste han te Danmark att, og daa var dæ Ingjen, som kjende ’n. Saa kom han inn te Kongjen saa kruslen og stakarsleg og spurde, um dei turvte ein Kokk. ”Ja du ser naa ut te dæ du”, sae Kongjen. ”Um ikkje anna, saa kunna eg daa hjelpe te aa bera ut og inn paa Bore”, meinte han. Aa ja, saa skulde han faa vera der daa.
           
Saa ein Kveld tok han fram eit Turklæ, og viste Gjentunne, og dæ var saa fint, som dæ kunna bli. Saa kom Kongsdotteri ut. ”Dæ var for fint eit Turklæ fe deg dæ”, sae ho, ”dæ kunna passe fe meg dæ”, sae ho. Nei han vilde ’kje gjeva dæ fraa seg, men dæ kunna vera dæ sama likevæl, sae han, fekk han liggje utafe Dynni te Rome hennars ei Nott, sae han. Aa ja, vilde han lova aa halde seg roleg, saa skulde han faa dæ, for dæ var saa fint eit Turklæ, ho tykte, ho maatte hava dæ. Saa blei dæ saa. Andre Kvelden tok han fram eit Turklæ, som var endaa finar; dæ ou maatte Kongsdotteri hava. Ja fekk han liggje nemæ Sengji hennars ei Nott, skulde ho faa dæ. Ja, men daa maatte han liggje roleg. Dæ lova han, og saa blei dæ saa.
           
Tree Kvelden bar dæ likeins te, daa tok han fram eit Turklæ, som var av bare Silkje, og dæ var saa gjildt, at dæ bare lava og lyste av dæ; dæ hae aller vore saa fint eit Turklæ der i Kongsgaren. Dæ maatte Kongsdotteri hava. Nei, dæ vilde han ikkje av mæ. ”Aa du er ’kje verd te hava saa fint du”, sae ho, ”hot vil du mæ dæ daa”? sae ho. Aa han hae naa havt dæ, han; han hae ervt dæ, sae ’n. ”Men dæ er dæ sama likevel”, sae ’n, ”fær eg liggje uppi Sengji attve deg i Nott, saa skaa du faa dæ”, sae ’n. Dæ var nok kalleg dæ, lata denne stygge Fanten liggje attve seg, men saa hae han naa legje saa roleg fyrr – aa ja dæ var ikkje verre mæ dæ, for Turklæ maatte ho hava. Men han maatte lova aa liggje hoggende still og fara att tileg um Morgonen. Ja daa, han skulde liggje still. Saa blei dæ saa.
           
Tileg um Morgonen vekte ho paa honom; han laag og sov og rout; ho vekte og gret og ba, at han skulde stande upp, aa nei han bare laag. Saa lei dæ langt aa Dag, saa kom Kongjen upppaa, vilde sjaa hot dæ va tiss mæ Dotteri. ”Er du upasseleg idag”? sae han. Saa fekk han sjaa han, som laag burti Sengji. ”Hokken er dæ som ligg der”? sae han og gjekk burt aat, saa saag han hokken dæ var; blei han saa vrei. ”Har du ladet den stygge Grisepelsen liggje mæ deg, saa maa du herifraa,” sae ’n.
           
Saa maatte dei burt baae tvo, dæ var ’kje Bøn fe dæ. Ho sytte og jamra seg saa fælt. ”Aa dæ bli væl ei Raa”, sae han; ”aa dæ bli væl ei Raa!” Han sulla bare paa dæ han, gjekk og song og var saa gla. Saa gjekk ho te ho blei berføtt. ”Ja eg hev ’kje Raa te koupe deg Sko”, sae han, anna me fær gange inn te ein Treskomakar og prøve faa gjort paa deg nokre Treskor”. Ja saa gjore dei, dei gjekk inn te ein Treskomakar, og han gjore paa ho eit Par Tresko, saa laut dei gange aa bea seg fram; ho sytte og jamra.
           
Langt um lengje kom dei te Kongsgaren, der han var heime. ”Ja naa veit eg ikkje onno Raa, enn at me fær høyre inn ette Tenest her, eg er noko kjend her eg”, sae ’n, ”saa eg trur nok me skaa faa Arbei”. ”Aa ja dæ er væl fe deg dæ”, saeho, ”men eg er ’kje vand te arbeie eg”. ”Aa jau du skaa nok lære”, sae han, han var saa fælt moten han. – Ja saa fekk dei Tenest der. Saa var dæ ein Kveld, saa sae han te ho: ”Imorgo skaa dei baka Fløtebrou, saa maa du sjaa te taka unda noko.” Aa nei dæ kunna ho ikkje, ho var ’kje vand te dæ, sae ho. ”Aa jau du fær freiste”, sae han, ”me maa hava noko aa liva av.” Saa gjore ho som han sae, andre Dagjen stappa ho noko Brou i Lumma. Um Kvelden kom han inn i Kjøkene, kongsklædd, gjekk der saa byrg og vond. ”Naa vil eg sjaa, um nokon hev tekje av Broue mitt, sae ’n, ho blei saa rædd. Nei daa, dæ hae visst Ingjen gjort.
           
Saa naar dei skulde leggje seg, var ho saa bedrøva. ”Aa du som skulde narre meg te dette”! sae ho. ”Aa Pytt, bry deg ikkje um dæ du”, sae ’n ”han gjeng saa te kvor Kveld han og segjer dei hev stole, men dæ bli aller noko mæ’n, dæ bli aller noko mæ ’n”.
           
Daa dæ lei noko, sae han te hennar: ”Imorgo skaa dei baka att, daa maa du hemte mæ deg nokre Brou”, sae ’n. “Nei dæ tor eg slett inkje”, sae ho, ”Kongjen er saa vond, eg tor aller gjera dæ meir”, sa’ ho. ”Aa dæ er ’kje noko lye paa dæ”, sae han, ”for me maa hava noko liva av”. Ja den Dagjen ou tok ho unda noko, saa um Kvelden kom Kongjen ut i Kjøkene. ”Ja eg undrast idag, um ikkje nokon hev stole Brou, eg”, sae han; ”dæ er saa faae her” sae han. ”Nei eg tenkjer ’kje dæ”, svara ho: saa gjekk han saa vond og galen paa Golve og gloste, men dæ blei ’kje meir mæ han.
           
Um ein Dags Ti sae han dæ te hennar: ”Imorgo skaa Kongjen hava Bryllaup; naa skaa me skonde kon imorgo tileg og klæe konn som Bru og Brugom, saa skaa me stela Bryllaupsklæi og bare hava koma av Gare, saasnart me bli feruge.
           
”Nei langt ifraa, dæ torer eg inkje,” sae ho; ”aa jau daa”, sae han, ”dæ er kje verre,” og saa truga han ho, te ho lout vera mæ. Daa dæ lei te Dag, var dei uppaa Lofte. ”Nøyt deg naa og faa paa deg, me hev ikkje lang Ti te gjera paa”, sae han. Ho reiv paa seg Klæi dæ fortaste ho kunna; han sumla saa lengje, fyrr han fekk paa seg. Ho gret og ba ’n gjera seg ferug, ”dæ er snart ljose Dagjen”. Aa nei, han heldt paa og blei aller ferug. Rett som dæ var, tok Musiken te aa spila og dei ropa paa Brur og Brugom. ”Aa Gud trøyste og bære konn naa,” sae ho, ”hot skaa me naa gjera?” ”Aa naa er dæ ’kje anna gjera, enn me fær ganga ne og vera Brur og Brugom”, sae han; ho saa skamfull, som ho vilde sige i Jori. Ja saa gjekk dei ne, Kjøkemeistaren sto og bukka, og Kongjen sjav kom og ynskte te Lykke mæ Land og Rikje, og ho visste seg ingjo Raa. So steig Kongssonen fram: ”Minnest du naa, daa eg fridde te deg, og du klyppte Maan og Rove av Hestanne mine?” sae han. ”Aa ja, aa ja,” sae ho. ”Er du bedrøva hell gla naa daa?” spurde han; ”aa naa er eg gla,” svara ho. Daa blei dæ Glee og Gjestebo.
           
Saa var eg mæ ou; saa spurde Kongjen: ”Hor er du fraa?” spurde han; eg var saa pjuskeleg klædd eg. ”Aa eg er heimafraa eg,” svara eg. ”Ja heime,” sae Kongjen, ”hor er dæ?” ”Jau dæ er heime dæ,” svara eg, ”dæ er liksom Kongjen er heime dæ,” sa eg. Saa blei han saa sinna, saa jaga han meg paa Dynni, saa traska eg heimatt, klene Skok hae eg, men eg traska daa likevæl.
                                  
 
 
2 Segn fraa Hallingdal.
 
(Ved S. Reinthon.)
           
Dæ va eigong før lang Ti sea dæ kom burt ei Gjente i søre Garde paa Tune uppaa Aaso, mea dei heldo paa buførde um Summaren. Dei skulde flytja ifraa Fetjastøle aa te Klyvsæt, aa heldo just paa aa stelle mæ Bufarkløve. Men dæ æ jabnast so, at Bufarkløve bli større ell ein meina, og so vara dæ lengji, før dei føngo pjanka alt detta te, aa inkje kom dæ te bli Rum helde, so Gjenta fekk rie, anna dei hadde laga henna te ein liten Stav, som ho skull ha te skjøte se paa over Dikjudn. Mea dei daa heldo paa snugga se te ve Buahurde, kom de tvaa Guta, som mæ vilde heimover, aa Gjenta, som va so ivære, for ho skull sleppe te, fekk daa Løv te fylgji dessan Smaaguto heimover. Den eine taa dessan Guto va ein Villing aa sprang ifraa Gjentunn, men de fekk han sea ire trølskle’ paa. Gjenta vart burte mæ dæ sama, aa daa hine komo heimpaa Stølen, aa Gjenta inkje va komen fyri, aa dei helde inkji hadde set te henna ette Vegje, tvelte dei trast, at dæ maatte vera noko gale paaferde aa sette difyr ratt burtover Aasen atte for aa leite. Dei leitte att aa fram ette Vegje aa huga aa skriko aa ropte paa Gjenta, men koss dei leitte, aa koss dei skriko, so funno dei ho inkji; men paa Sisten funno dei Huva aa Staven henna ve eit Søledikji eit Stykkji heima Fetjastøladn, som dei buførde taa. Daa førstoo dei, at Haugafolkji hadde naatt ho. Dei gaavo se daa lell inkji over, men prøvde alle dei Raai, dei visste; dei hadde jamvel Kjyrkjiklukkudn uppaa Aasen aa ringde ette henna, men alt, dei plaara, so munte de inkje; ho va aa vart burte. Sea voro dei like uttafør te Viskjeringenn aa spurde hona. Men Viskjeringji svara, at dei foro inkji rettigt aat, daa dei ringde ette henna. Den, som ringde, skull hatt ei Jortørve uppaa Skalla si, før mea Far henna heldt paa ringde, daa sat Gjenta lo paa Far sin, aa eit Haugakvinfolk sat aa heldt ho i Fangji si. Ha’ daa Far henna hatt ei Tørve uppaa Skalla, mea han ringde, so ha dei kasta ho utatt, sa Viskjeringji.
           
Sveidn, den eine taa dei Guto, som hadde fylgt Gjentunn taa Støle, budde sea paa Tunehago, lite norda Tune, aa han vart endaa gjift me ei Syste aat dessa Gjentunn som kom burt. Han va ein Leiing ve Kjeringji si baade i ein Maate aa an. Men teslutte fekk han no like før Einsponenheiti si. Daa dæ lei um ei Ti, vart de so svært te Spøkri der hjaa hono. Ho kunna no endaa førtelja væl taa di, ei dei kalla Storegjenta, hellest kalla dei ho Bindara mæ, taa di ho brydde se so mykji me aa binde Søkkaa aa Vaattu aat Folkji. Ho va Godotte hass Sveidn endaa, aa va hjaa hono i dei Tienn Spøkrie bejynte. De fyste dei fornomo de, va ein Haust før Snjøen kom. Ein Kveld ho skulde binde inn Krytyre – Gofa’ henna sanka endaa Kjydn inn i Fjøse te henna – visste ho inkji Orde taa, mea ho batt paa sisste Kjyre, aa Gofa’ henna sto utta Fjøsdydne, før han skreik:

”Du maa koma Gjente, Skauta drep me her!” Aa daa va de netupp Skauta, ho sto batt paa.
Daa syntes Kjyre vera ute aa klemme han aattaat Fjøsveggji me Hødno. Koss han fekk ho attifraa de veit inkji e, men somykji veit e no, at de va ei an Skaute ell den, han meinte.
           
Sea synte dæ se lite smaatt aav aa te, men inkji noko større førrenn Nyaarseftan kom; men daa bar de laust før Ølvoru.
           
De skull hendt her uti Dale 1)eistane, at dæ den same Kvelden kom inn tryaa Kara. Daa dei vilde bjø di Drikke, vilde dei inkji ha, men sette Bøllen paa Borde. Men Folk i Huse saago, at Øle i Bølla likevæl minka.
           
Daa vorto dei se forundrige paa, ko detta kunna vera for Folk, aa spurde dei kor dei vaaro ifraa. Dei svara at dei bu vestpaa Aase ve ei Kjødn, aa at dei maa vera enduge, 2)taa di dei hadde tenkt se paa Tunehagadn um Kvelden, aa at dei hadde Skyldfølk der. Sama Kvelden vart dæ set tryaa Kara nepaa Stranda-Ise – neunde Tunehago -; men dei saago dei berre te Beltes. Men va dæ dei Karadn, som komo te Tunehagadn um Kvelden, so meinka nok inkji dæ dei, saag dæ ut te. Som vanle va han Sveidn svært full aa gretten den Kvelden, so meinka nok inkji dæ dei, saag dæ ut te. Som vanle va han Sveidn svært full aa gretten den Kvelden. Daa dei no skulde te Sengs aa han vilde seta atti Spjelde, sendest dæ neatte, ratt han slepte di, aa detta øvdest tryaa Gongu ette einan, førr han fekk dæ te staa. Han vart daa finna, aa spente unde Spjeldstaven hardar aa hardar, aa endele fekk han dæ daa te staa. Men dæ sto kji aavele lengji; før vel han va komen burtaat Sengenn aa hadde stigji uppaa Sengjiskøre mæ dei eine Fote, fekk han Spjeldstaven umkring Leggjidn, so berre dæ skrangla. So tok dæ te aa ruske mæ eit aa anna umkring Huse: Fysst kom dæ noko Steina taa Peispipunn n’i Peisen – dæ va endaa Løftstugu, so Folk heldo dæ før heilt urimele, at nokon kunna koma uppaa der aa velte ne Steina taa Pipunn – Skjørdingkroken 3)dansa frampaa Gølve aa Skjeren dansa ne taa Skaapskruve. Som ventand vorto no Folke førferde, aa daa dei vorto styrd 4)utigjønom Glase saago dei tryaa Kara te Beltes, aa dei saago berre, koss dæ skjimta i Kaaro, dei gjingo mæ. Daa hadde nokk dei paa Tunehago faatt Skyldingadn sine te se i Jolo, aa dei komo te halde se der mæ vonos lenger. Daa dæ lei um eit Bel, ha Kjeringji vilja gangji uti Kleven aa lagt se der, før ho tenkte dæ ha kunna vøre roare der. Mæ di same ho kom i Dydni, syntes ho, at Klevaglase kom sendand imot ’n, so ho kom no te sleppe aa liggji i Kleva den Naatte. Hellest rørde de alder Kjeringjenn, anna ho kunna nokk vera kor ho vilde aa fara aat, koss ho vilde, hona. Aa va dæ, som Folk meinte, so va dæ vel taa henna eigji Folk dei tryaa Karadn, som synte se. Før daa va dæ so lengji sea Syste henna hadde vorte burte uppaa Aase, at hona ha kunna faatt vaksne Søni. At dei inkji kunna sjaa dei meir ell te Beltes, kom se væl taa di, at Far deira va Haugakar aa Mor deira Kristnafølk. Difør kunna Kristnafolk inkji sjaa meir ell Ovadelen. Folk trudde dæ va difør dei vaaro so leie ve han Sveidn Tunehago, førdi han no hadde sprøngji ifraa Mor deira, so ho vart intikjen i Haugen, aa før di han va so lei ve Kjeringi si, ho Birgjit, Mosyste deira.
           
Men dæ va nøkk inkji slutt mæ Spøkrie der enno. Heile Vet’n nappast dæ um Kveldadn aa Netadn snart mæ eit aa snart mæ anna. Jabnast va dæ no so, at engon 5)taa Følkji der i Bygdenn va der um Netadn, baade taa di dei hadde Hug te faa sjaa koss dæ va, aa førdi Følkji der vaaro rædde te aa vera eisemal um Netadn mæ. Naar dæ va daa so, at dei hadde Bøkadn før se, aa de va stilt i Huse, so va dæ stilt dæ mæ, men trast dei toko te svalle um enkort anna, so bejynte dæ lite isenn te ruske her aa der i Huse. Han Eivind, Son ette hono Sveidn, leve enno, aa han ha førtalt, at han ein Kveld gjekk paa Tunehagadn, før aa aathuga, um han fekk sjaa Spøkrie. Han vilde daa seta atti Spjelde, men hine meinte, at dæ nytta inkji før hono aa freiste mæ di, men han vilde daa sjaa, um han inkji skull faa dæ te staa, aa spende unde Spjeldstaven dæ fastast, han va go-te. Um eit Bel tok dæ te aa leka mæ Spjelde lite sakte. Han tok daa liksom te aa eige ve dei aa sa: ”Dæ æ klent, naar de kji era gote faa dæ neatt daa! Vilja de ha dæ ne, so æ dæ best, de koma mæ di trast!” Mæ di sama visste dei kji Orde taa, før dæ kastast fram paa Gølve, aa Staven rauk i Spika. Ein Kveld va ein, dei kalla Tambursveidn, aa som mæ leve enno, der paa Tunehago før aa sjaa. Dæ heldst daa snart mæ eit aa snart mæ anna i Huse, daa som derimyljo. Eigong tok dæ te likre mæ Klinkunn aa rykkji i Hurde. Han Tambursveidn gjekk daa burt aa heldt imot Hurdenn, aa sae: ”Eg ska no væl sjaa, um e inkji æ go-te halde Hurdenn lel!” I de same visste de inkji Or taa, førr han laag frami Peishellunn, so berre dæ skrunde ti hono, aa dei maatte kjøyre han derifraa. Dæ va no inkji berre inne, at dæ gjorde Preinu, dæ va paa mange are Vis mæ. Soleisse va dæ no sjelda, at Krytyre føngo staa ifre. Dæ va inkji Raa, dei kunna faa stie 6)Krytyro inne, anna de maatte rive ut i Garde aat alt sama, liksom dei rive ut aat Fenae. Eigong, ei Naatt, vart heile Bølingen hatt langt uppi dei hengjande bratte Bakkadn ovafør dei, aa dæ va reint paa Live aa faa dei neatte. Dæ va ein Haalke-Vet, so dæ va inkji anna stinne Svellkuludn 7). Dei maatte høgge Beitasloa, aa draga Krytyre neatt paa. Soleisse øvde dæ paa alle mogele Maata, so dæ paasisten vart reint Uraa før Følkji aa vera der lengre. Dei flutte difør ovum Skogen, te ein Gard, som eite Hellingadn, før dei trudde daa, at dei maatte vorte kvitt Spøkrie daa. Men de fylgde nøkk mæ dei dit mæ. Fysste Dagen, dei voro komne der, aa hadde faatt snugga inn sine Ting aa saato svalla, visste dei inkji taa, før dæ kom ein Stein beint negjønom Take aa nepaa Gølve. Han saag ut plent som han skull vøre brend. Um Kvelden i Kveldsetunn, mea dei saato umkring Peisen aa svalla, fingo dei høyre dæ rautte ute. Naar dei komo ut, va heile Bølingen løyst ut aa hatt burtover noko svære Svell ratt nordum ei Grov, som renn norda Huse der. Sea ha e inkji høyrt, koss dæ bar te meir; dæ vart væl ein Ende paa detta mæ. Men enno pla dei sea, naar dæ er svær Stuk engorstane: ”dæ bli verre her hell paa Hago.”
 
1)D. e. lenger ut i Hallingdal.
2)onnuge (snøgga seg.)
3)Skjerding-Kroken; ”rd” lyder som tjukk l.
4)D. e. naar dei styrde (stirde).
5)einkvar.
6)Stella.
7)Svell: ”Is paa Markerne; opsvulmet Islag over en Vandaare i Jorden.” (J. A.)
 

 

Frå Fedraheimen 21.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum