Brevsendingar.

 
Valdris (Novbr.)
Fedraheimen ha longo sia fønne Vegen hit upp te Valdris, aa han kraar se smaatt um Senn; e veit før vist, at fleire ha meint se te tinge ’n ifraa Nyaar, før te dess ha meste Farin bitalt dei Blø’e, dei no hava. De e hellist inkji meir en ventandis kann vera, at Maalsaki skulde hava go Studning her: Valdrismaale e eit taa dei hævaste Bygdarmaal i heile Norigs Land. Men endaa de no e større Skam en nokor Gong aa ”haaske” ell ”knote”, e de lell Mengdin, so bruka Dansk, ner dei sko seta Pen paa Papir; dei skrive jamvæl Nøvne sine paa Dansk – ja dei Norske Valdrisadn gjera de. E segji dei norske Valdrisadn, før me her uppi meine paa vera taa dei norskaste Norske. Est ein eite Torstein, so skriv han se før Toste, Øystein bli Østen, Gudleik ell Gulleik bli Gullik – ja sume Tie Gullich (!), Jon bli John ell Ihon (!!) aa Haakon bli Haagen; Ingebjørg bli Ingeborg, Ingeleiv bli Ingelev; inkje nokk me di, de e ogso summe Nøvn, so e vørtne før gamle - ”stygge”. De segji se sjøl, at de e dei norskaste Nøvne, me synast erø ljøte; dei so ende paa – ”ine” ell –”line”, synast me e myki finar!
           
E sa de va Mengdin so bar se slikt aat; Lesaren maa slettes inkji tru, de e alle; mange skrive Nøvne sene paa Norsk, mange skrive Brev te Veno sene paa Norsk, ja de e jamvæl summe, so vaage se te sende Kjøpelisto te Kraambuguto paa Valdrismaale. Ja tenk! slikt vaage Valdrisnadn se te; før ei 4-5 Aar sia fannst de kji ein, so e trur haa vaaga de. De e kji so lite Vaagespel i di; meste Farin taa Kraambuguto vaare erø illar paa Valdrismaale en nokon; dei prøve paa blia kvitte di, men erø kji go fere; Turista ifraa Kristian ljøte storskrata, ner dei høyre Kraambusveinadn her oppe danske. De e nokk sannt de gamle Orde, maa veta, so segji, at try Ting e stygge: ner Høna gjel, Kjeringe sviv o driv paa Gølve o plistra, o Dølen danska.
           
Noko nytthev e kji aa fortelja Lesare idag. Jau de e sannt! I øystre Slidre ska de vera noko so tru, at ”Prophetiernes Tid” inkji enno e ute.
Dei ha høyrt, at ”Visguten” d. e han Vis-Knut va flink te segja Følk, kor dei skulde grava Brynna, men han ska likevæl ”hava spaatt, at de skulde koma ein ette hono, so skulde vera flinkare endaa en han.” No e de ein Utbygding, so fer ikring her o segji se go fere finne Vassaare me ein liten Kvist, ”aa de e før vist hono, Visguten ha meint paa”. Dette høyrist mest ut so Spott; men de e me førtalt taa truvedige Følk, at de ska vera Sanning, at summe erø so trudne, at dei segja slikt før fullt Ølvoro. Følk grava ette Vassaare, te dei erø baade øre o ville; men faae e dei so finne.
           
No nyle hende den Uheppa her, at Vegakusken ein te-se-komin Mann utta-te taa ein Heimsta paa Toten eite Milestein – datt ne taa Lasse o slo se ihel. Olykka hende i Bangsbakko. Han hadde treft ein Stabbestein o kløyvt mest Huvu i se; de va Følk trast ette; daa dei komo upp, dro han Teve ei tvo try Gongo, o so andast han. De e mange Slags Røo um Orsake te dessa Uheppunn. De e gøtt o høyre, at de inkji ska vera Brennevine, so har Skulde denne Gonge. -   
Me ha no faatt dygtig Snjø, men dei spaa paa, han vil reise sin Kos atte.
           
Te all Slutt vil e no so visst bea kor o ein norsk Mann aa Kvende skaffe Fedraheimen Tingara: fere Maalmenno e de ei Livssak o halde han uppe, aa dei dansk-norske maa ogso ynskji hono Framgang af sama Grunn so dei før ha hatt te o gjeva Peing te Aasen aa are før at dei skulde upparbeie aa samlevaart Norske Maal.
                                              
Einar Solsæt.                         
 
 
Jadren (14de December.)
Det er fælt, so vaaglege Folk er paa Isen denne Vetren. Den eine Ulukka biar ’kje den andre. I hi Vika bleiv han Per Viljenson Nedrabø i Bjerkrheim i Dalarne. Han var innpaa 40 Aar gamall og heve voret Medlem av Heradsstyret i Bjerkrheim, alt ifraa han vart gamall nokk til det, og han skulde just til Skjeveland paa eit Møte – dei skulde hava ei Skiping um ein ny veg -, daa han rennande paa Sjeisur sette Livet til i Skjevelands-Vatnet. Dei sakna honom fyrst Dagen etter, og daa dei foor ut paa Leiting, fann dei honom i ei Vaag. Merkjelegt er det, at han 2 Gonger fyrr heve voret i Faare der; inkje lenger enn sidan 1ste Advent-Sundagen ifjor hadde han so nær gjenget til just paa denne Staden; men daa fekk han kravla seg upp atter fyr aa liva eit Aar til. Han etterlet seg Kona og 5 smaa Born, som syrgja honom; men i Sorgi er det ei Trøst, at den Avlidne heve haldet seg til Boki i dei siste Aari, og at dei Etterlivande sitja i Velstand.
           
I same Vika, som dette hende, kjøyrde Mann og Hest og Slede ned i Taksdals-Vatnet i Time; men daa det var Veda-Lass, han hadde, flaut det, so baade Mann og Hest slapp aa søkkja, og det varde helder inkje lenge, fyrr enn Folk kom springande og bergad Alt ihop. Mest likeins gjekk det paa Aas-Vatnet, der ein Gut med Hest og eit Torvlass fekk kjenna, korleids det er aa lauga seg um Vetren. Men no tenkjer eg, Votni heve vortet so sterke, at Ingen kann søkkja seg ned i deim; for me hava eit Par Maanadar havt stillt, klaart og fint Frost-Veer kvar einaste Dag. Litetvetta Snjoskraml ligg paa Marki.
           
I Dag vart eit Samtale-Møte haldet i Bøne-Huset ”Saron” paa Bryne. Mange Folk møtte fram fraa ymse Kantar av Jadren. Dei talad um, at Folk etter Guds Ord hadde Rett til aa velja sine Prestar sjølve, og at dei burde faa Lov til aa bruka denne Retten. Framvarpet hans Jakob Sverdrup um Prestevalet vart vedtekjet.           
 
n.
 

 

Frå Fedraheimen 21.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum